Konstant ideologisk kamp mot NLA Høgskolen

12.01.2023
Johannes Kleppa
Aktuell kommentar Undervisning Verdigrunnlag Verdier Verdikamp Universitet Utdanningspolitikk Staten Stat og religion Kristne organisasjoner Kristendom

Debatt

Johannes Kleppa

NLA Høgskolen, som ofte vert omtalt som NLA og som tidlegare heitte Norsk Lærerakademi, synest å leva i konstant ideologiske kamp. Det er ein kamp som går tilbake til oppstarten av NLA. Det var ein trong fødsel – av ideologiske grunnar. Kampen starta faktisk 20 år før opprettinga av NLA, ved at staten gjorde vedtak om å overta Oslo kristne lærerskole. Argumentet då var at staten skulle ha hand om all lærarutdanning, og med det forma lærarane i statens ideologiske form.

Det er grunnhaldninga i den ideologiske kritikken også no, men då i to versjonar. Den eine seier kort og godt at det er staten som skal stå for all lærarutdanning, og helst all utdanning frå barneskule til universitet. Den andre versjonen seier at det er greit med privat lærarutdanning, berre ho er på statens premiss og etter statens mønster.  Alt av offentleg lovverk, forskrifter og reglar må gjerast gjeldande for NLA – som for alle private eller frie skular frå botn til topp. Den ideologiske basisen for ein høgskule som NLA, må altså vera så generell at han ikkje har nemnde verknad for undervisninga og forskninga. Forpliktande verdidokument som skil seg får tilsvarande statlege utdanningar, er ein styggedom og må bort. Dette dreier seg om ideologisk einsretting, gjennom ideologimakt, lovmakt og økonomimakt.

Dette er ei underleg sak. Kva skal ein med frie, altså statleg uavhengige institusjonar, om dei i eitt og alt skal vera like dei statlege? Frie institusjonar er ikkje oppretta berre for å supplera statlege institusjonar slik at det vert nok studieplassar, men dei er oppretta som ideologiske alternativ. Dei skal gje utdanning og driva forskning på same nivået som statlege institusjonar, men på eit definert grunnlag og med eit definert mål, slik at det statlege vert fagleg og ideologisk utfordra, og slik at det totalt sett i samfunnet vert ein større breidde på det ideologiske planet når det gjeld undervisning og forskning – altså ikkje ideologisk einsretting, men reell åndsfridom.

Her er det forøvrige eit poeng å bruka rette ord. Vi har ein tendens til å bruka ordet «offentleg» om noko som er knytt til kommune, fylkeskommune og stat, og så brukast ordet «privat» om alt anna. Det er feil og skaper misvisande inntrykk. Ordet «offentleg» vil seia at det er ope og kjent, ikkje lukka og hemmeleg. Det som vert kalla «private» institusjonar er like opne og kjende som statlege, og bør difor også omtalast i samsvar med det. Vi bør unngå ordet «privat» for det fører tanken i retning noko lukka og sært, og gjerne noko kommersielt som folk tener pengar på. Vi bør bruka ordet «frie» om ikkje-statlege undervisningsinstitusjonar, og med det få fram at dei ikkje er bundne til statens ideologi, men at dei samstundes er opne.

NLA Høgskolen har dei seinare åra vorte angripen frå nesten alle hald, frå fagorganisasjonar, offentlege instansar av ulike slag og frå politisk hald – ja, endatil frå eigne tilsette. Nokre av dei siste har så slutta, og rett og godt er det, men dei held gjerne fram med angrep frå sine nye posisjonar. Nokre studentar angrip også sin eigen studiestad, men det bør tolast, sjølv om det er underleg og delvis uforskamma. Det er inga plikt å vera student ved NLA Høgskulen eller for så vidt nokon som helst studiestad. Finn ein seg ikkje til rette, er det nok av alternativ. Dei studentane som derimot vil ha nett eit slikt alternativ, må få lov til det.

Det same gjeld tilsette. Det er inga plikt å vera tilsett ved NLA, og det er heller ingen som har rett på tilsetjing. Det er eigaren ved styret og skuleleing som avgjer kven som skal tilsetjast, og det byggjer på faglege kvalifikasjonar kombinert med tillit. Den som ikkje vil forplikta seg på ein definert ideologisk basis og ei tilsvarnde målsetjing, må finna seg ein annan arbeidsstad – og så la den ideologiske institusjonen vera i fred. Det må vedkomande gjera både av respekt for seg sjølv og for den aktuelle institusjonen.

Det er berre om NLA Høgskulen har eit bibeltru definert verdigrunnlag og ei tilsvarande målsetjing, og at dette har praktiske konsekvensar for tilsetjing, undervisning og forskning, at vi treng denne høgskulen, men då trengst han også i høg grad.

Johannes Kleppa, Bergen

(Tidlegare publisert i Dagen)  

Kva NLA Høgskolen treng vi?

To innlegg i Dagen kommenterer direkte eller indirekte min artikkel 20/12 om den ideologiske kampen mot NLA Høgskolen, og kva NLA vi treng. Den eine er professor emeritus Karl Øyvind Jordell (29/12), og den andre er professor Gunn Vedøy (3/1). Eg vil gje ei kort tilbakemelding.

Jordell har skrive fleire debattartiklar om NLA, og eg skal ikkje gå inn i debatten mellom han og NLA-rektor Sigbjørn Sødal, som første delen av artikkelen er retta mot. Eg vil berre uttrykka takk og honnør til Sødal for måten han som rektor har forsvart NLA Høgskolen ideologisk og fagleg. Det gjev von for framtida for NLA som ein tydeleg kristent verdibasert institusjon.

Jordell framstiller sitt engasjement i saka som «min kampanje for NLA». For dei fleste trur eg det opplevest som mot NLA, ut frå tanken med NLA då denne høgskulen vart skipa og fekk sine vedtekter. Eg skal ikkje etterprøva den pensjonert professoren sine motiv, og eg vil gjerne ta alt opp i beste meining, men engasjementet hans har ideologiske implikasjonar.

Når Jordell føreslår «luking» i NLA sitt verdidokument, slik at ein fjernar den støytesteinen som formulering om tilslutning til det klassisk bibelske ekteskapet er, vert det heilt tydeleg at det er eit anna enn dagens NLA professoren driv kampanje for. Han meiner det av kvantitative grunnar er behov for NLA. Staten treng kort og godt studieplassane, og han samanliknar med Nesna. Det er som å samanlikna eple og pærer. Nesna er ikkje eit ideologiske alternativ til statlege utdanningsinstitusjoner, men er ein distriktspolitisk parallell til desse. NLA, derimot, er eit ideologisk alternativ og slik ei utfylling og eit korrektiv til statleg utdanning. Det er det NLA vi treng, ikkje eit Nesna-alternativ. Ei anna sak er at eg vonar det lukkast for Nesna av distriktsmessige grunnar!

Gunn Vedøy opplyser at ho ikkje vil koma til å tia still eller leggja sitt fag og si forskning på hylla. Det er det då heller ingen som har bede henne gjera. Det er likevel påfallande at ho finn å måtte opptre med stadig polemikk mot NLA for å ivareta si forskning sin faglege integritet. Måten ho opptrådte på mot arbeidsgjevaren sin medan ho var tilsett ved NLA, vil normalt ikkje verta tålt. Grunngjeving i akademisk fridom viskar ikkje ut alle grenser for lojalitet mot arbeidsgjevar, særleg ikkje når denne har ideologisk basis og føremål. Det er også i det offentlege døme på at professorar har fått problem fordi dei ikkje var lojale mot verdigrunnlaget til institusjonen. Det var difor ryddig av Vedøy å slutta ved NLA, men det er i det minste underleg å halda oppe kampen mot NLA sitt verdidokument frå sin nye posisjon. Det kan ikkje vera tvingande nødvendig av faglege grunnar.

Det har vorte eit voldsomt søkjelys på akademisk fridom. Det er viktig, og det har tilsette ved NLA vore opptekne med heile tida, blant anna ved Torleif Tveiten og Gunnhild Hagesæther. Problemet er at ein no har vorte einsidig oppteken med dette, og ikkje tek på alvor organisasjons- og institusjonsfridomen og den åndsfridomen som ligg her. Då undergrev ein frie ideologiske institusjonar sin eksistensrett, og ein einsrettar alt etter statens norm og verditenking. I staden for å utvida ytrings- og åndsfridomen, innsnevrar ein denne ved å krevja same grunnlag og formål for all undervisning for forskning. Det vil i så fall føra med seg eit omforma NLA i staten sitt bilete, og eit slikt NLA treng vi ikkje. Den typen undervisning og forskning klarer staten godt sjølv.

Det dagens statlege institusjonar ikkje klarer, er ei tydeleg kristent basert undervisning og forskning – og til det treng vi NLA, og vi treng NLA berre til det.

Johannes Kleppa, Bergen

(Tidlegare publisert i Dagen)

Sluttreplikk om NLA Høgskolen

Professorane Gunn Vedøy og Karl Øyvind Jordell var svært raskt på banen (Dagen, nettavisa 9/1) med lange innlegg som svar på min epistel i Dagen 6/1. Eg skal ikkje gå inn på det dei skriv, fordi det delvis ligg utafor mitt hovudsynspunkt, og fordi det berre vil tretta lesarane. Eg vil berre gje ein kort sluttreplikk med tanke på hovudsaka for meg.

NLA vart stifta av ei rekkje kristne organisasjonar med tilknytting til bedehuset. Heilt frå starten hadde NLA vedtekter som viste basis og føremål, og lærarar til institusjonen var rekrutterte ut frå dette. Etter det har NLA utvida og utvikla seg mykje. Sjølv fekk eg gleda av å vera med og dra i gang lærarutdanninga på Breistein. NLA Høgskolen har vorte ein rimeleg stor fri kristen høgskule.

Det har gått over femti år sidan NLA vart skipa, og i denne perioden er mykje endra i det norske samfunnet, ikkje minst når det gjeld utdanning og forskning. Det må sjølvsagt NLA ta omsyn til og praktisk sett tilpassa seg. Dersom NLA skal ha den funksjonen det vart starta for, må verdigrunnlaget og føremålet vera den same – om enn på eit utvida området og med litt ulik aktualisering. Her er vedtekter og verdidokument viktige. Eit verdidokument ved ein kristen institusjon kan ikkje vera generelt og uforpliktande, men det må vera så konkret at det forpliktar styret og tilsette på dei mest sentrale områda.

Eit verdidokument viser kva institusjonen står for, og det er viktig med tanke på å rekruttera personell som vil det institusjonen er opprett for og er forplikta på. Det er ikkje eit slags opptaksvilkår for studentar eller avgjer kven som kan vera sensorar. Det skal heller ikkje styra undervisninga slik at ein ikkje orienterer vidt, men det skal gje retning for det institusjonen meiner er rett. Det skal heller ikkje hindra den akademiske fridomen i forskninga, men det bør vera eit signal om kva som naturleg har prioritet i forskninga ved institusjonen. Fagpersonell som ikkje vil eller kan fylgja opp dette, må finna seg ein annan arbeidstad.

På denne måten bør og skal NLA Høgskolen vera eit ideologisk alternativ til andre høgskular og universitet. NLA Høgskolen er ei nokså einsleg svale på høgskulesektoren, og alle som er opptekne med akademisk fridom, bør la denne svala leva sitt liv i fred. Det vil tena forskninga og åndsfridomen totalt sett.

Som sagt, det er når NLA Høgskolen får vera den høgskulen han er oppretta for å vera, vi treng NLA. Styret, rektor og tilsette har fått sine posisjonar og funksjonar med tanke på å gjera sitt beste for å realisera den visjonen som låg til grunn for å oppretta NLA, slik det i dagens situasjon er fastlagt i vedtekter og verdidokument.

Johannes Kleppa, Bergen

 

(Tidlegare publisert i Dagen)