Kors, terapi og fortaping

06.04.2022
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Jesu lære Jesus Jesu seier Dom Dommedag Omvendelse Terapautisk Livssyn Endetid Politikk Politisk teologi Karismatikk Samfunn Samfunnsutvikling Misjon

Aktuell kommentar

Rolf Kjøde

Neste veke skal eg delta på Jesusfestivalen i Kristiansand. Den er arrangert av den meir kjende Protestfestivalen. Leiaren, Svein Inge Ollikainen Olsen, har ved fleire høve utfordra den utbreidde kyrkjelege reservasjonen mot å forkynne om Jesu gjenkomst og dommen. Derfor har han sett av ei heil veke til saka i sørlandshovudstaden. Sjølv skal eg forsøke å seie noko om kvifor Jesus døydde på korset dersom den evige fortapinga er avlyst.

Det er lite tvil om det empiriske her. Forsking i både sosiologi og teologi viser ganske tydeleg det vi personleg kan ane, at både gudsbilde, forkynning og allmenne tankar om det evige har endra seg radikalt over tid. Det er blitt vanskeleg å akseptere at Gud set rammer for livet og stiller til ansvar. Vi tildeler Gud rolla som terapeut. Synd blir til psynd. Eg treng forståing og omsorg, ikkje oppgjer og nytt liv.

Om Gud finns, er han pliktig til å stille opp på den livsomfattande statens premiss, den næraste metaforen mange har for kva vi bør forvente av Gud. Eller gud, som det då blir. Ein eg ved behov kan forvente full service hos, og som eg kan skyve ansvaret over på.

Er det slik, har eg sjølv ingen endeleg instans å stå ansvarleg overfor. Min neste har ingen garantert rettferdig å appellere til når eg gjer han eller henne urett. Men om gud berre er ei projisering av våre behov for ein type livsforsikring, kvifor skal vi då gidde å bry oss?

Det finns gode grunnar til at ulike typar endetidsspekulasjonar og sjølvpålagt assistanse til Gud i hans domsgjerning bør få vere historie. Kvar og i kva grad dette har vore dominerande er ei anna sak. I nokre miljø fekk slikt rom, sjølv om røyster utanfor og innanfor desse miljøa gjerne teiknar heilt ulike bilde av kva som blei forkynt og formidla. Nokre har interesse av å forsvare utgangen sin, andre å forsvare det dei framleis høyrer til.

I dag er fokus på endetid og evighet knappast påtrengande. Då snakkar eg ikkje primært om kva vanlege folk tenker. Der treng kristne ein «reality check». Når vi sjølve lever «som om Gud inte finns» (Magnus Malm), korleis skal vi då forvente at folk flest ter seg?

Gud har lagt det evige ned i hjarta våre, så det er ikkje rart at lengtande menneske søker. Mange leitar i det nyåndelege landskapet. Det betyr ikkje at kyrkja skal ty til nyåndelege svar, men lytte, det bør vi. Liksom vi må lytte til alle dei som kjenner seg tilfredse i sine sekulære liv. Utan Gud.

Når eg seier at endetid og evighet knappast er påtrengande, tenker eg på delar av kyrkja sitt liv. Forkynninga har påviseleg bevegd seg bort frå dei evige spørsmåla. I misjonsteologien handlar mykje om forvandling av liv og samfunn.

Det underlege er at dette ikkje berre kjem frå politisk teologi i litt radikal 68-tapping. I nyare karismatikk møter vi også tanken om at Guds rike skal realiserast her og no, gjennom teikn og under og gjennom ei utviklingsoptimistisk tenking om endetida.

Kva løfta vi fram om Hans Nielsen Hauge i jubileumsåret 2021? Innsatsen hans som næringslivsdrivar og samfunnsreformator har, ikkje utan grunn, fått fokus. Gløymde vi, likevel, at han primært var ein pietistisk vekkingsforkynnar som kalla til omvending så folk kan bli frelst i dommen? Skjulte vi at han forkynte krast om oppgjer med synda så vi kan bli ståande for Gud?

Vi griper ikkje korsets mysterium utan i eit nakent møte med den Gud som vi står til ansvar for. I den bibelske fortellinga står fiendskapen mot Gud fram som vårt djupaste problem. Ved synda har vi krenka skaparverket og vår neste og sett oss i varig opposisjon til Gud. Vi er fortapt i møte med Den heilage. Derfor må skulda vår sonast. «Sjå Guds lam!»

Korset har avgrensa meining om det ikkje stiller oss overfor den evige Gud. La oss ikkje overraskast over mangel på vekking og åndeleg liv når vi gjer han til ein statleg terapeut.

Rolf Kjøde

(Tidligere publisert i Dagen)