Krig, fred og forkynning

09.11.2020
Egil Morland
Bokomtale Krig Forkynnelse Prest Lov og evangelium

Sjur Isaksen

ULYKKELIG FRED – i frigjøringens skygger

Vårt Lands Forlag 2020

290 s. Innb.

"Ulykkelig Fred - I Frigjøringens skygger", Sjur Isaksen

Sokneprest Sjur Isaksen, som også arbeider som stortingsprest, har skrive ei forvitneleg bok om ei radiopreike av sokneprest Kristian Ljostveit i Larvik 24. februar 1946, og korleis reaksjonane på denne har overlevd i ein banankasse full av brev til soknepresten. Innhaldet var ikkje kjent, heller ikkje for Ljostveit sin næraste familie, før det dukka opp på ein auksjon i Oslo i 2017! Men saka – preika – var kjent. Den førte nemleg til sterk kritikk og ei nærast samstemt fordøming i dei fleste aviser i landet, inkludert i Dagen og Vårt Land.

Breva gjev eit anna inntrykk av preika. Den gav trøyst til tallause menneske som sat bitre att etter å ha blitt råka av raset frå rettsoppgjeret og av raseriet mot dei verkelege svikarane under krigen. Kort sagt er historia at Ljostveit i preika på såmannssøndagen (om Jesus som ynkast over folket; dei var lik sauer utan hyrding) med stor kraft kritiserte rettsoppgjeret etter krigen, og i særleg grad det han såg som kyrkja sitt svik i dette oppgjeret. Han ynskte å visa korleis Jesus «ser på alle dem i vårt folk som er utstøtt av folkefellesskapet og for en stor dels vedkommende er under rettsforfølgning.»

To punkt

Etter kvart som debatten i månadene som fylgde utvikla seg, var det særleg to punkt i denne preika som kom i fokus: For det første kritikk mot omfanget av rettsoppgjeret, og at det drog ut på ein måte som hindra forsoning, og for det andre prinsippa bak kyrkja si haldning: «Først rett – så godhet». Det siste er gjennomgangstonen i Eivind Berggrav sin store artikkel om «Folkedommen over NS», som han publiserte i første nummeret av Kirke og Kultur etter krigen. Berggrav hevda at alle, også passive medlemer av NS, var skuldige i landsforræderi.

I den grad Ljostveit sjølv tok del i denne debatten, tona han ned det politiske elementet, og sa at det viktigaste for han var å forkynna Kristi kjærleik til alle menneske, også dei som hadde trakka og valt feil, og at det var kyrkja si oppgåva å visa dette i praksis.

Nazi-ånda

Breva gjev innsyn i forferdelege lagnader, både hos dei som vart forfølgde og torturerte under krigen, eller hadde mist nokon av sine kjære, og hos dei som etter krigen og rettsoppgjeret sat att fattige og ribba for alt. Begge grupper skreiv til Ljostveit etter preika, og begge grupper var mellom dei som takka han. Eit fåtal av breva tok avstand frå preika.

Men Ljostveit var ikkje åleine. Prost Henrik Seip i Skien åtvara mot nazi-ånda mellom sigerherrane alt sommaren 1945. Folk i heimefronten forsvara til dels brutal mishandling av NS-sympatisørar. Den debatten sette Seip effektivt sluttstrek for: «Hva hjelper så det hele, dersom den fiende som er blitt kastet ut hoveddøren, allikevel lurer seg inn bakdøren? Hva hjelper det at vi så grundig har slått nazismen, dersom våre sinn allikevel er infisert av den, dersom nazistisk mentalitet blir tolerert og Gestapo-metoder godkjent blant oss?»

Forfattaren av «Ulykkelig fred» er ein mild mann, som antydar meir enn han påstår og konkluderer. Eg skulle ønskja han var djervare, og særleg gjeld det vurderinga av Berggrav sitt hefte om folkedommen over NS. Her er fleire unytta kjelder å ausa av. Eg tillet meg å visa til noko av det denne meldaren sjølv har skrive om emnet.

I ein artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift (1-2 2016), dokumenterer eg det som i ingressen er formulert slik: «Under krigen nekta biskopane for at NS-medlemer blei støytte ut av gudstenesteforsamlingane. Men i rettsoppgjeret vart det gitt ei prinsipiell grunngjeving for at nettopp det måtte skje.» Artikkelen dokumenterer denne påfallande inkonsistensen og freistar forstå den. Etter krigen var det altså utfrysinga som heldt fram. Retten fekk tala. Men godleiken kom lite fram.

Rett forkynning?

Denne artikkelen er i litteraturlista i Isaksen si bok. Det er ikkje boka «Motstand og forkynnelse», som kom ut same året på Portal Akademisk. Her er Ljostveits NRK-preike frå 1941 omtala og vurdert (ss 33-34 og 322-323). Mange viser til denne preika i breva sine etter talen fem år seinare, på same søndagen (!) i kyrkjeåret, fordi den var så direkte i sin kritikk av okkupasjonsmakta. Vi kan nok vurdera denne første preika ulikt. Eg er for min del ikkje i tvil om at konkretiseringane førte vel langt bort frå likninga om dei fire slags jordsmonn: «Hvor Guds ord få bære frukt, der frigjør det mennesket og nasjonen fra alle slags slavebindende og trellende makter og setter mennesket, nasjonen i frihet.» Han tala også om «tålmodighet og seig utholdenhet i vår nasjonale frigjørelse».

Dette sitatet, og fleire til, liknar på formuleringar – om enn av motsett slag – vi finn i 1946-preika. Det gjer at eg forstår både Nome i Vårt Land og Lavik i Dagen, når dei hevda at den representerte ei samanblanding av lov og evangelium, og tenderte mot nyevangelisme. Det var eigentleg så lite som skulle til for å retta på det! Men i ettertid kan vi verkeleg undrast over – ja, skjemmast over – at så få tok Ljostveit si oppfordring til seg: Om ikkje kyrkja forkynner og praktiserer Kristi kjærleiks evangelium, kven kan då gjera det?

Preika i 1941 førte naturleg nok til krav om førehandssensur av forkynninga i NRK.

Carl Fr. Wisløff var i fleire bøker oppteken av om «den fristelse til usaklighet som krigssituasjonen førte med seg», viste att i forkynninga. Han blei overtydd av at så ikkje var tilfelle, etter dei første preikesamlingane frå krigstida. Men denne vurderinga hadde neppe omfatta Ljostveit.

For her kan Ljostveit sjølv sleppa til. Isaksen siterer frå talens hans på PFs generalforsamling i 1954 – også den blei sterkt kritisert, i ganske sterke ordelag! – men han siterer ikkje den delen der Ljostveit går reine botsgangen: «I krigens dager var det mer politiske og nasjonale motiver som skapte handlingene enn troskap mot Ordet. Ordet ble brukt til kamuflasje for å dekke over det egentlige. Vi søkte egen ære og folkets ros.»

Han må vel ha inkludert seg sjølv i denne vurderinga?

Dette sitatet syner i alle fall at Ljostveit var ein person full av motsetnader. Det er jo bra, i grunnen. For slik møter vi eit ekte menneske, som fortener å bli teikna med så sympatiske trekk som Isaksen gjer.

Ein skatt

Med denne boka er nok ein skatt frå etterdønningane etter krigen komen opp til overflata – så mange år etter at hendingane fann stad. Den bør setja tankar i sving om kva som er kyrkja si oppgåve når tilhøvet mellom rett og miskunn vert sett på prøve. Kristian Ljostveit var éi røyst mot dei mange – eit faktum som i seg sjølv bør ha appell til oss. At han ikkje tok alle atterhald, eller var nøye med presiseringar som kunne tilfredsstilla kritikarane og gjera preika teologisk stoverein, er no – 75 år seinare – ikkje det viktigaste.

Boka er, med støtte frå stiftinga Fritt Ord, påkosta og flott, med tiltalande omslag og raus bruk av fargar på nakne sider mellom kapitla.

Egil Morland