Min daglege arbeidsplass er NLA Høgskolen. Vi er ein kristen høgskole med evangelisk luthersk forankring, eigd av aktørar i kristen-Norge som har representert det lågkyrkjelege engasjerte fotfolket. Økumenisk har eigarane våre eit felles engasjement i den evangelikale misjonsrørsla.
Dette er eg stolt av å tilhøyre. Vi er ikkje berre ein «verdiforankra» institusjon. Vis meg heller kven som ikkje er verdiforankra. Særpreget vårt er at vi har røtene våre djupt i eit kristent jordsmonn. Vi er ein kristent verdiforankra høgskole. Det er den politiske føresetnaden for godkjenninga vår.
Det skal ikkje berre prege teologiutdanningane våre. I den lutherske kallsetikken slik vi har fått den i den haugianske tradisjonen, er dette noko som gjeld alle livsområde – og dermed alle studieområde. På menneskesynet får det store utslag i mange fag. Det gjeld også natursyn og forvalting, ja, all kultivering av Guds gode gåver. Og i spørsmål om sanning.
Samfunnsoppdraget er sjølvsagt ei hovudsak ved den kristne skole- og høgskolesatsinga. For NLA betyr det å gi god forsking, undervisning og formidling på alle dei områda der vi skal levere inn mot breidda av samfunn og kultur, heim og skole, misjon og kyrkje. Her skal det stillast same krav til oss som til andre universitet og høgskolar.
Samtidig handlar den kristne profilen også om evangeliet. Ingenting er kristent utan evangeliet. Vi har ikkje berre eit bestemt syn på mennesket. Vi trur at alt som lever, lever under Guds himmel som Guds skapning, og vi trur at mennesket og alt det skapte treng forløysing frå synd, død og vondskap. Derfor vil vi også vere berarar av den kristne bodskapen om nåde og frelse.
Det betyr ikkje at undervisninga er eit rom for forkynning. Det skal vere ein plass for fagleg undervisning og høve til motseiing og diskusjon. Derimot skal alle våre studiestadar ha eit ope rom for andakt og bøn, forkynning og tilbeding, slik det er etablert i kapellsamlingane våre. I tillegg tilbyr vi ei samtaleteneste som også gir kristen sjelesorg og åndeleg vegleiing.
Ønsket om at dei kristne skolane og studiestadane våre også skal vere ein arena der elevar og studentar skal kunne få eit møte med evangeliet, står ikkje i strid med samfunnsoppdraget. Tvert om vitnar det som at vi som kristne ikkje deler opp tilværet i ein privat sfære av tru og ein offentleg sfære av viten. Også i det vitskapelege rommet er vi heile menneske.
Trua inneber eit overordna syn på livet og gir ein nysgjerrig inngang til utforskinga. Det var slik Europa sine universitet blei til. Trua på ein personleg Gud av orden og rasjonalitet la grunnen for ei nysgjerrig utforsking av skaparverkets orden og lovmessighet.
Mange vanlege kristne, også mellom Dagens lesarar, kan reagere på at forskinga alltid skal vere kritisk. Utfordrar ikkje det nettopp trua? Eg ser det ikkje slik. For det første må vi få parkert tanken om at «kritisk» betyr eit knefall for nyare «kritisk teori», som er meir eit postmoderne ideologisk prosjekt for å gjere opp med etablerte (også etiske) normer enn det er vitskap.
For det andre betyr ikkje «kritisk» «negativ innstilling» eller «å vere ute etter». I vitskapen brukar vi det meir i grunntydinga av å skjelne, vurdere. Vi vil alltid stille barnets naturlege spørsmål, «korfor det?» Har vi fått fram alle perspektiv? Kva er motargumenta? Korleis vektar vi funn og fakta, argument og teoriar?
Dette er spørsmål som stimulerer søket etter sanning, og sanninga er aldri ein trussel mot nokon som trur på den sanne Gud, han som har openberra seg som vegen, sanning og livet i Jesus. På sett og vis søker vi å gjere Guds gjerning, han som skapte oss i sitt bilde og gledde seg over det nye som vaks fram. Slik er forskarkvardagen også; ei glede over å forstå meir i Guds skapte verd.
Det er viktig at samfunnet legg til rette for høgskolar med forankring i kristen tru. For det første er det heilt i tråd med universiteta sin historiske bakgrunn i kyrkjelege initiativ. For det andre gir det ei nødvendig utfordring til det som mange i dag oppfattar som verdinøytralt berre fordi det er offentleg eller statleg.
Ei slik verdinøytral sone finns ikkje. Derfor er det ei av vitskapen sine viktige oppgåver å avklare kva verdiar forsking og undervisning skjer ut frå. Derfor trengs kristne høgskolar som eit maktkritisk perspektiv i sektoren og i samfunnet.
Rolf Kjøde
(Tidlegare publisert i Dagen)