Kristen kultur?

03.02.2013
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Kultur

I eit av binda om Europas historie skriv Karsten Alnæs at det typiske europeiske kyrkjebygget er ein katedral.

Bildet viser Stavanger domkirke. Bilde av Dundak, via Wikimedia Commons, {{cc-by-sa-2.5}}.

I eit av binda om Europas historie skriv Karsten Alnæs at det typiske europeiske kyrkjebygget er ein katedral. Katedralane symboliserer over heile dette kontinentet at det er kristen tru som har prega det. Nasjonsbygginga, kulturen, identiteten og historia i denne verdsdelen er resultat av kristen misjon.

Idag er det annleis. EU droppa referanse til kristendom i sin konstitusjon. Vårt land har tona det ned, og idag verserer idealet om livsyns-nøytralitet.

Tek kristendomen for stor plass i dette landet? Det inntrykket får ein i utgreiinga frå trus- og livssyns-utvalet. Det er blitt trendy å meine at kristendomen har hatt eit monopol som må brytast. Vi kan ikkje ha ein kristen kultur når landet er blitt multi-kulturelt.

Eg har ikkje tenkt å la meg lure!

Europa har forlate sine kristne røter ikkje fordi muslimar har innvandra, men fordi europear-ane har mist sambandet med røtene sine.  Det er ikkje dei muslimske naboane mine som avkristnar landet. Problemet vårt er at kyrkjene står tome og vert selde, at det er dramatisk svikt i rekrutteringa til presteteneste, at folket har vald seg annan etikk og andre gudar enn den kristne, at dei ikkje syng kristne salmar med borna og ikkje les bibelforteljingane for dei.

Vår epoke i Europas historie er meir kjennemerka av kulturelt og religiøst vakuum enn av multikultur. Mange kappast om å fylle eit slikt vakuum. Om det er forsterka sekulari-sering, muslimsk dominans, nyreligiøsitet eller gamal åsa-tru som med tida vil få overtaket, står att å sjå. Men dei er alle iferd med å ta sin del av kaka og setje sitt preg på Europas sjel.

Det er berre éin veg vidare for dei som set pris på det katedralane symboliserer, som vil at folket framleis skal vende seg mot aust og tilbe Kvitekrist og som vil sikre at krossmerket framleis skal prege flagget her til lands:

Nokon må feire messe. Nokon må be tidebøner. Nokon må drive misjon og evangelisering. Nokon må kalle unge til å la seg vigsle til livslang kyrkjeleg teneste. Foreldre må lese bibelforteljingane like sjølsagt som folkeeventyra heime. Folk må dra i kyrkja på søndag og ikkje på hytta.

For kultur lever og veks ikkje utan kultus. Om den kristne kulturen døyr, er det ikkje fordi Stortinget har vedteke det. Det er fordi den kristne gudstenesta, bønene, salmane, tekstane og tonane har stilna. Det menneske trur, er det dei bed. Den som har slutta å be, har slutta å tru.

Idag er det stor kyrkjevekst her i landet av kristne innvandrarar som plantar kyrkjelydar. Kanskje dei er svar på bøn? Kanskje dei er stemmene som kan vekke nytt liv og engasjement i eit sedat folk som lenge har tenkt at kristen tru er flaut? 

I jordsmonnet her til lands fins enno rot-system som er lagt i tider då «kristendommen stod / som tre med sterkest rot / med frukt som purpur og som sne» (NoS 530,3). Dei tidene kjem ikkje dettande ned frå himmelen.

Kristen kultur er meir enn hardangersaum og rosemåling. Det startar med messe-fromleik om sundagen og haugianisme resten av veka. For vegen til kristen kultur går gjennom kristen kultus. Til sundags og til kvardag.

fr Ottar Mikael Myrseth

(frå Benkeblad for St. Olav i Ålesund)