Kristen lære og bibelsk språkbruk

17.08.2022
Johannes Kleppa
Aktuell kommentar Bibelsyn Bibelforståelse Bibelkritikk Bibelbruk Bibeltolkning Bibeltroskap Bibeltillit Guds Ord Gudsåpenbaring Åndens vitnesbyrd Ekteskap Ekteskapsforståelse Abort Abortdebatt Kjønnsforskjell Underordning Ord

Aktuelt

Johannes Kleppa

Sann kristen lære har som utgangspunkt at Bibelen er openberring. Skrifta er Guds ord inspirert av Den Heilage Ande. Berre med det som utgangspunkt kan vi få forplikta lære, sann teologi og sunn forkynning. Ser ein bort frå eller nedtonar at Bibelen er openberring og Guds inspirerte ord, vert det heile utflytande og usunt. Då vil tankane i tida verta bestemmande for bibeltolkinga, og ein kan enda opp i nær sagt kva som helst.

Det at Bibelen er inspirert av Den Heilage Ande, inneber at Bibelens ordlyd ikkje er tilfeldig eller utan betydning. Apostelen Paulus er veldig tydeleg på at det han forkynner, har han fått som openberring, og det vil også seia at han og dei andre apostlane forkynner «med ord vi har lært av Anden». «Vi forkynner åndelege ting med med åndelege ord», skriv Paulus (1 Kor 2.13). Dette betyr at vi ikkje kan sjalta og valta med den bibelske språkbruken etter som vi finn for godt eller finn tenleg inn i den kulturen eller åndssituasjonen vi lever i.

Det kjem stadig forslag om å endra på den bibelske språkbruken eller å erstatt gamle seiemåtar med nye ord og uttrykk. Intensjonen kan vera god, ved at ein då trur at ein lettare kan nå folk med Guds ord. Det er likevel ein uhaldbar og farleg veg. Det inneber at ein meiner seg å vera pedagogisk klokare enn Den Heilage Ande. Det er uttrykk for åndshovmod, korkje meir eller mindre. Ingen av oss må tru at vi veit betre enn Anden korleis sann kristen lære, tru og etikk kan og bør uttrykkjast. Vi har å halda oss til Andens openberring i Bibelen – i ord som i sak.

Vi har sett og vi ser stadig døme på dette, til tider også frå folk som ønskjer å vera bibeltru. Vi har no i årevis sett ei nedtoning og ei omskriving i språkbruken når det gjeld livsrett og menneskeverd med tanke på abortspørsmålet. Det gjeld både frå kyrkjeleg hald og frå kristent politisk hald. Resultatet er at verne om og kampen for barnet i mors liv har vorte svekka. Vi har no i omtrent 30 år sett det same i samlivs- og ekteskapsetikken. Resultatet er at kristen forståing av samliv og ekteskap har gått i oppløysing, og heidensk praksis tek over.

I det aller siste har dette også slått over på det som gjeld kjønn og kjønnsidentitet. Ordet «hen» er no offisielt «godkjent» av Språkrådet, og då vert det straks spørsmål om å bruk det også i kristen forkynning – både om mennesket og om Gud. Det inneber i så fall ei omdefinering av mennesket skapt i Guds bilete som mann og kvinne, og ei omdefinering av Gud som Faderen, Sonen og Anden.

I samband med debatten om underordning og tenestedeling, har det vorte skrive at ordet «underordning» ikkje kan brukast i vår tid, same kva ein måtte meina med ordet. Ordet fungerer kort og godt ikkje, og det vert misforstått, vert det sagt. Då gjer ein seg klokare enn Anden. Gud har valt dette ordet om mange forhold, tilsvarande som han har valt ordet «hovud». Det kan berre vera ein grunn til å skifta ut desse orda, og det er om ein finn norske ord som på ein betre måte uttrykkjer det som står på grunnteksten – ikkje fordi ein meiner orda ikkje fungerer i vår tid. Eg har ikkje sett nokon har lansert betre omsetjingar frå gresk, og då vil det å endra språkbruken vera å endra innhaldet, altså saka. Ein omskriv då Guds vilje.

Når ord ikkje «fungerer» inn i tida eller dei lett vert mistydde, er ikkje alternativet å kutta ut orda og med det saka, men forklara dei og innhaldsbestemma dei med Bibelens eige innhald. Det er nok rett at mange i dag vil tenkja nedvurdering, mindreverd og undertrykking når dei høyrer ordet «underordning». Nokre vil også tenkja i retning islamsk underkasting. Ikkje noko av dette har med bibelsk underordning å gjera, fordi det har ikkje sitt utgangspunkt i Gud og Guds kjærleik. Vi kan ikkje innhaldsfylla ordet «underordning» ut frå tidsånda, altså tankane i tida, eller ut frå islam eller andre religionar, men berre ut frå openberringa i Bibelen.

Nei, la oss ikkje gjera oss klokare enn Anden og verta hovmodige, men la oss audmjukt bøya oss for openberringa og Ordet, slik at vi brukar Bibelens språkbruk og legg vinn på å innhaldsbestemma dei «åndelege orda» med bibelsk innhald. Dette gjeld for det vi her har skrive om, men ikkje mindre med tanke på ord som nåde, frelse, tru, omvending, forsoning, rettferdiggjering, helging og evig liv.

Johannes Kleppa

(Tidligere publisert i Dagen)