Eg er fasinert av den kristne kulturpersonen Ronald Fangen. Professor Jan Inge Sørbø, som har forska på Fangen, seier at grunntanken hans var at «kristendommen skulle beskytte mot maktbruk og totalitarisme». Det er ikkje ord om ein samfunnskritisk marxist, men skildrar ein klassisk konservativ tenkar.
Det slår meg at mange kristne treng å oppdage dette på ny. Den kristne kyrkja har ei blanda historie i møte med totalitære ideologiar. Altfor ofte gjennom hundrevis av år har kyrkjer i Europa, i strid med Jesu ord om Guds rike, prioritert å halde seg i den maktpolitiske varmen.
Samtidig har kristen tenking lagt grunnlaget for dei verdiane som frie demokrati bygger på. I vår tid må vi klare å tolke signala slik at vi forsvarer desse verdiane og unngår å hamne i kulturkrigens totalitære grøfter. I hovudsak er det verken kommunisme eller nazisme som trugar, slik som i mellomkrigstida. Det totalitære har kledd seg i penare gevant. Kva skal vi då sjå etter?
Eit openbert kjenneteikn er fascinasjonen for den autoritære mannen. Eit av dei trekka som har uroa meg mest i mange år i den kyrkjeleg tradisjonen eg har høyrt til, har vore hangen til persondyrking. I vekkingstradisjonen var det visse predikantar. I ein del nyare menigheter er det sterk kultur for og jamvel sett i system at alle skal underordne seg pastoren.
Det er farleg på menighetsnivå, og kulturen i det blir ikkje betre på samfunnsnivå. Har beundringskulturen lagt grunnen for maktmisbruk i kyrkjeleg sektor, må vi ikkje tru at det er annleis i politikk og samfunn.
Derfor treng vi å reagere langt sterkare når demokratiske institusjonar står under angrep, når val blir manipulert, når domstolane sin politiske uavhengighet blir utfordra og politiske motstandarar stilt for retten, når militæret som skal forsvare landets grenser mot fiendar, blir sett inn for å gjere politiets oppgåver overfor borgarane rundt om i nasjonens byar.
Det er ikkje kristeleg å la seg rive med av autoritære og ultranasjonalistiske ideologiar som krev underordning av deg og meg under den sterke leiaren – i det som blir eit svakt samfunn. Då folk flest historisk blei forført av slik demagogi, gjekk det så galt som det måtte.
Det totalitære finns ikkje berre i makt- og dominanstenking kledd i kristeleg språk. Trekka er tydelege også der dei normkritiske ideologiane vil bruke politikken til å kvele den opne samtalen i samfunnet. Eit openbert trekk er kravet om å bøye seg under det George Orwell treffande kalla «nytale» i «1984» sitt skrekksamfunn.
Konsekvensane av ikkje å gi etter for påstanden om at det finns mange kjønn er ikkje berre hets, men kan jamvel leie til trugsmål om rettsleg forfølging, tap av statsstøtte eller fare for å miste arbeidet. Slik snevrar vi ytringsrommet i samfunnet, og dynamikken er den same som med den autoritære leiaren: motstanden skal stilnast, om så med maktspråk.
Når personar blir «krenka» av å bli motsagt, tømmer dei språket for innhald. Kva ord skal vi då bruke når vi står overfor reelt krenka menneske, slik eg gjennom år av livet mitt gjorde med sørgeleg mange seksuelle overgrepssaker?
Felles for begge «sider» i dette er at dei fører til mindre demokrati, mindre trusfridom, meir kansellering, dårlegare ytringskår, mindre reflektert samtale. Sosiale media akselererer den polariseringa som kjem ut av dette.
Her vil eg gjerne utfordre dei klassiske media som meir og meir blir drivne av dynamikken som følger konflikt og polarisering for å få lesartal, til å roe seg ned. For demokratiets skuld.
Henrik Syse teikna eit bilde nyleg for oss på NLA om at det ikkje er noko mål å ta vekk skiljelinjer i samfunnsdebatten, men å få debattdeltakarane til å stå så nær skiljelinja at vi kan snakke sivilisert saman og sleppe å rope frå lang distanse. Det er alternativet til kulturkrig.
Eit delmål under denne skrivinga har vore ikkje å nemne «høgre» eller «venstre». Totalitære retningar skal ikkje ha retten til å nemnast i same åndedrag som demokratiske variasjonar. Kanskje er det jamvel slik at fellestrekka mellom «motsette» totalitære retningar er fleire enn skilnadane.
Då er vi tilbake til Ronald Fangen og ein sann kristen kamp mot alt totalitært og alt farleg maktmonopol.
Rolf Kjøde
(Tidlegare publisert i Dagen)