Teologi har aldri vore ein nøytral akademisk disiplin og kan heller ikkje vere det. «Læra om Gud» strekker seg mot det som blir tatt imot i tru, og mot det som skaper trua. Teologien er grunnleggande sett ein kyrkjeleg fagkrets. Kyrkjelege fakultet er derfor ikkje noko framandt.
Samtidig er teologien i den eldste gruppa av akademiske fag. Det synleggjer for så vidt kyrkja si heilt sentrale stilling for framveksten av Europas universitet, men den saka få ligge her. Teologien samlar i seg mange allmenne disiplinar av språk, teksttolking, historie, systematisk refleksjon, kommunikasjon og menneske- og samfunnskunnskap. Det er få fagområde som får tatt i bruk ein så stor metodisk breidde.
På NLA opplever vi ein auke av unge kristne som vil lodde djupare i teologien. Noko av det første vi møter dei med, er påpeiking av at Gud både er objekt og subjekt for teologifaget. Vi studerer læra om Gud, men gjennom teologien vil vi også at studentane skal møte og erkjenne Gud sjølv.
Å studere teologi inviterer derfor til ei danning som legg bøn, andaktsliv og aktivt menighetsliv som rammeverk, og kall til etterfølging og teneste som utfordring. I Reformasjonen understreka dei at for på bli ein sann teolog, trengs øving i bøn, ettertanke og uroleg berøring («oratio, meditatio, tentatio»). Utan denne forankringa blir ein berre teolog i det ytre og ueigna til ei livslang teneste for evangeliet.
For ein kristen utdanningsinstitusjon som NLA er det heilt avgjerande at både teologien og dei andre fagkretsane bygger på ei kristen forståing av tilværet. Elles forsvarar vi ikkje retten vår til å vere til som kristen utdannings- og forskingsarena. Eit slikt rammeverk hindrar ikkje akademisk forsking og kvalitet, like lite som eit sekulært eller muslimsk rammeverk treng å hindre kvalitet.
For teologien inneber det at vi har ein ståstad som er offentleg kjent, ein basis som vi tenker og arbeider ut frå. Dette utgangspunktet er teistisk – vi er altså ikkje ateistar eller sekulære fornektarar av underet, kristent – vi er altså ikkje muslimar eller nyåndelege, og for vår del også evangelisk luthersk – altså verken romersk katolsk eller pentekostalt, sjølv om det konfesjonelle inneber langt mindre skiljelinjer enn dei først nemnde.
Kvar enkelt høgskoleigar har rett og plikt til å definere kva grunnlag institusjonane arbeider ut frå. Det eine treng ikkje vere akademisk verre enn det andre. I akademisk samanheng jobbar vi uansett med fagfellar frå ulike bakgrunnar av alle som er nemnde over – og fleire til. At vi klargjer premissa for arbeidet vårt, ekskluderer ingen. Eksklusjon skjer snarare når dei sekulære normene gjer krav på å tre sine trange «nøytrale» rammer nedover teologien.
På NLA er vi ikkje nøytrale i vår faglege vurdering av religion og religiøsitet. Vi arbeider på basis av felles søk etter sanning og objektiv kunnskap, og vi vurderer i lys av den overleverte kristne trua. Vi behandlar religionane sin teologi – og mangel på Gud – med sakleg respekt, men vi tar aktivt stilling til dei på basis av den kristne openberringstrua. Teologien er normativ, uansett kva utgangspunkt ein tar.
Vi presenterer sakleg sekulær etikk og livssyn, og finn jamvel vesentlege overlapp, men vi vurderer og kritiserer også i lys av den kristne trua sine kjelder og normer. Dette er ei sentral oppgåve for den kristne apologetikken.
På same måten har vi kapell for kristen bøn og forkynning, men legg sjølvsagt ikkje til rette for rom med gudsdyrking og tilbeding som bryt med bodet om ikkje å ha andre gudar enn han som er openberra i Jesus Kristus.
Bryt ikkje slik tenking og praksis med den rådande forventninga til eit livssynsope samfunn? På ingen måte. Min kollega, Egil Morland, kommenterte før påske at «poenget med ‘det livssynsåpne samfunnet’ er at samfunnet som helhet skal sikre arenaer der vi kan stå fram med våre trosuttrykk, ikke at vi innenfor ulike institusjoner og trossamfunn selv skal representere dette mangfoldet, og slik sett oppløse oss selv.»
Denne viktige presiseringa frå Morland viser kor viktig det er at samfunnet også legg til rette for og ønsker seg frie akademiske institusjonar som kombinerer høgt fagleg nivå og tydeleg verdiforankring. Då demonstrerer ein eit livssynsope mangfald. Når vi pressar desse institusjonane til å kompromisse på særprega sine, gjer vi samfunnet mindre.
På NLA tar vi imot ein flott generasjon av unge kristne til teologiske studium fortida. Vi lovar å forvalte dette tilsiget så godt vi kan, både med ein akademisk kvalitet som hevdar seg og med kritisk og nysgjerrig søk etter sanninga. I truskap mot han som er Sanninga.
Rolf Kjøde
(Også publisert i Dagen)