Kristmesse

13.12.2022
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Jul Juleaften Advent Hedenskap Gudstjeneste Gudstro Toleranse Familie Jesus

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth

I desemberdagane kjempar ulike julestemningar om overtaket. Eg meiner å ha registrert minst tre.

I 1927 skreiv Arnulf Øverland: «Et barn er født i Betlehem / og barn er der født i alle hjem / og mange av dem har funnet fred / på et rettersted». Slik insinuerte han at Jesusbarnet ikkje medfører anna livsfornying enn det einkvar barnefødsel gjer. Heller ikkje Jesusbarnet sin offerlagnad er spesiell. Ikkje mange tenkjer så radikalt som Øverland.

Men ein kvasiheidensk juletradisjon er ganske dominerande. Ikkje heilt heidensk, for vår tid er tross alt etter-kristen. Og kristendom har i mange hundre år sett sitt preg både på tankegong og åtferd. Så både julemelodier og julesymbol dukkar opp. Men dei som protesterer mot kristent monopol på julefeiringa, får bra drahjelp i det som minner om norrøne midtvintersblot: Julebord med overstadig eting, drikking og sjekking og fullt køyr på handel og konsum.

Den borgarleggjorde jula er fredelegare, med toleranse, glede og familieidyll i framsetet. Dei gode verdiane er med, men minst muleg sjenerande religion. Julestemning henta frå dei gamle julesongane, men gjerne med alternative tekstar, tilpassa og ufarleggjorde: Deilig er julen, borte er Guds himmel. Og med ny-songar om Rudolf og jinglebells og snowflakes, eventyr om julenissar og snødronninger, er idyllen sikra. Formålet er berre jul, som eit mål i seg sjølv.

Om kristen julefeiring skal stå seg, må ho markere sin eigenart og framstå som tydeleg alternativ. Eg trur vi må ta tilbake det namnet som betre enn noko kan markere kristen jul: Kristmesse.

Kristen julefeiring har også god hjelp i kalendaren. Medan både kvasiheidensk og borgarleggjort julefeiring foregår frå midt på hausten til julaftan, startar den kristne på juledag og varer til kyndelsmesse. Då vert det god tid til også å markere advent som noko i og for seg sjølv.

På mitt barndoms Sunnmøre var det juleotte i mange kyrkjer og ingen julaftans familiegudsteneste. Jesu fødselsdag vart feira med englane og hyrdingane som vandra til Betlehem for å bli augevitne. I romjula kom Jesu fyrste martyr, Stefanus, og minnedagen for dei uskuldige borna myrda av Herodes, før Jesu namnedag og dei heilage tre kongane kom for å hylle Frelsaren.

Øverland sin appell endar slik: «Jeg sier til jer som har slavet og blødt: / Eder er ingen frelser født! / Jeg sier det atter til tøs og trell: / Frels eder selv!» Vårt alternativ er: «En Frelser er oss født i dag!»

Lukke til med å velje di julefeiring.

Ottar Mikael Myrseth

ottar.myrseth@gmail.com

(Tidlegare på trykk i Dagen)