Kva er ei salmebok?

02.11.2022
Arve Brunvoll
Salmer Salmedikter Salmebok Salmeskatt Landstad Kirkemusikk

Ein samtale med M. B. Landstad

Arve Brunvoll, Professor emeritus, teologi, religion og filosofi, NLA Høgskolen Bergen

Artikkelen er eit litt utvida manuskript til eit foredrag i FBB Bjørgvin 17.10.2022. Det handlar ikkje om salmediktaren M. B. Landstad, men er ein freistnad på å dra fram hans tankar om kva ei salmenbok er, og kva tilhøvet vårt skal vere til den overleverte salmediktinga, slik desse tankane kjem fram i “Om Salmebogen, en redegjørelse” (OS).

Der er altså Landstads tankar som er utgangspunktet vårt. Vi vil ta fram dette spørsmålet først og fremst for di det reiser spørsmålet om salmesongen i kyrkja i dag. Etter å ha samtala med Landstad, skal eg gje ein samanfatande kommentar frå min synsstad og karakterisere salmebruken i kyrkja i dag på ein måte som eg vonar somme vil finne provoserande.

Innleiing

Kvifor skal vi spørje Landstad om kva ei salmebok er? Beint fram av di ingen har svara så klårt og presist som Landstad.

Litt om historia: Kring midten av 1850 talet var det eit sterkt ønske i Noreg om å få ei salmebok som kunna ta over etter dei gamle Kingos og Guldbergs salmebøker, og også etter den famøse rasjonalistiske “Den evangelisk-christelige Salmebog”, som vart halden for å vere korkje evangelisk eller kristeleg. I dei fleste tilfelle har nye salmebøker ført til hard og beisk strid, ikkje minst knytt til spørsmålet om korleis det overleverte har vorte handsama, når det gjeld innhald og form. Slik var det altså også då Landstad i si tid kom med sitt framlegg til ny salmebok (og slik var det då revisjonen av dei norske salmebøkene tok til i 1960-åra). W. A. Wexels hadde laga eit framlegg, men møtte motstand frå konservativt hald av di han var grundtvigianar og hadde tillate seg å flikke på Pontoppidan, når det gjaldt spørsmålet om evangeliet vart forkynt for åndene i varetekt. Det var sårt for Wexels at det vart Landstad som fekk i oppdrag av departementet å kome med eit framlegg til ny salmebok. Landstad var nok pietistisk og konservativ, men kanskje litt suspekt for somme, for di han hadde samla og utgjeve norske folkeviser. Han leverte sitt framlegg i 1861 og det vart det møtt med kritikk, men det var berre ein grundig omtale. Den i seg sjølv viktige salmehistorikaren Johannes Nilsson Skaar var positiv til innhaldet i salmeboka, men sterkt kritisk til språkdrakta, og det han såg som ei blanding av “bondespråk” og “kulturspråk”, som han sa.

Kritikken gjekk hardt inn på Landstad, Hjartesaka hans, som var å gje det norske folket, dei lågare klassane, ei kristendomsforståing og ein salmesong der dei kunne kjenne att seg sjølv og sin kultur.

Landstad søkte støtte hjå Ivar Aasen, som i 1850 hadde kome med si første ordbog over det norske folkemålet. Men Aasen var langt på veg samd med Skaar, noko som vel var eit vonbrot for Landstad. Det var vel fornorskinga av norsk-dansken Aasen var usamd i. Hugs at det første heftet av Nokre Salmar av Blix kom ut i 1869, med sitt konsekvente språk, eit år før Landstads salmebok vart autorisert.

Landstad vart tvinga til å reviderer framlegget sitt to gonger før salmeboka vart autorisert i 1870.

På bakgrunn av den kritikken av Landstads framlegg som særleg kom frå Skaar, var det Landstad skreiv si utgreiing på 200 sider “Om Salmebogen, en redegjørelse” (som bok 1862).

“Leser man denne Bog igjennem med Eftertanke, vil man vist faa andre Tanker om Landstads Salmebog end som mange nu i Holme har.” Slik har ein lesar skrive med blyant bak i permen på mitt eksemplar av Landstads “Om Salmebogen, en redegjørelse”. Mitt eksemplar har ein gong tilhøyrt Holme Sogns Almuebogsamling (truleg kassert av eit bibliotek ein gong). Attom denne merknaden ligg ei oppdaging av at Landstads salmebokframlegg ikkje var eit resultat av tankeløyse eller kunnskapsløyse eller eit vilkårleg omgjenge med tradisjon og verdiar. Landstad visste kva han ville, og kva han gjorde. Og han hadde gode grunnar for det. Når vi les Landstads utgreiing, ser vi snøgt at det ikkje er noko nytt i våre diskusjonar om kva ei salmebok er, og korleis ho skal vere. Ein viss ironi ligg det i at denne salmeboka til Landstad no står som sjølve det faste fundamentet i salmesongen for somme som ikkje vi ha ei forandring av salmeboka.

At mykje av kritikken mot salmebøkene kan kome av fordomar, og at det kan vere nyttig for kritikarane å setje seg inn i dei tankane og vurderingane som ligg attom salmebokarbeidet, kjem fram i det som den nemnde lesaren skreiv i boka frå Holme Sogns Almuebogsamling.

Salmeboka som trushistorie

Landstad hovudtanke om salmeboka er den som han målber slik i sin “redegjørelse”: “Alle Kirkens Tidsaldere skulle synge med os og vi med dem” (OS, 4). Det er dette som er avgjerande for utvalet til salmeboka, og for korleis ein skal fare åt med det materialet som historia har gjeve oss, og det som vår tid skaper.

Det overordna perspektivet at alle tidsne skal syngje saman, er eit perspektiv som Landstad deler med, og vel har henta frå, den danske Dr. Andreas Gottlob Rudelbach, som var ein lærd og allsidig teolog og også ei tid hadde vore superintendent i Tyskland. Han gav i 1856 i Kjøbenhavn ut boka Om Psalme-Literaturen og Psalmebogs-Sagen: Historisk-kritiske Undersøgelse. Landstad siterer etter han “at alle Kirkens Tidsaldere maatte nogenlunde repræsenteres og den historiske Traad saaledes bevares” (OS, 28).

Det er berre når vi tenkjer slik, at salmeboka kan verte det ho etter Landstads meining skal vere, og som Landstad samanfatar slik: “Bogens ophøiede Bestemmelse [er], at være Menighedens Kirke-Salmebog, at være Organet for Menighedens Bekjendelse, Bøn og Lovprisning under Gudstjenesten saavelsom i Hjemmet” (OS, 3). Forvitneleg er det korleis Rudelbach, sitert hjå Landstad, kan knyte saman det liturgiske livet i kyrkja og det (individuelle) kristelege sjelslivet. Salmeutvalet må, slik han ser det, streve etter å tilby “Salmer for det kristelige og kirkelige Liv, som det er afbildet i Kirkens Søn- og Helligdage, for alle kirkelige Handlinger, for Frelsens Orden i det Hele og Enkelte og for den kristelige Sjæls Tilstande” (OS, 28).

Det som er salmeboka si oppgåve, slik Landstad ser det, må då vere å ta vare på den songen som dei ymse trusrøystene syng til kvarandre gjennom tidene (Ps 145), men på ein slik måte at tidene kan syngje saman, og slik at vår tids røyst også vert høyrd i dag og gjeven over til framtida. Det er ikkje berre ei plikt å ta vare på det gamle og kjende, men også å søkje det ukjende i den gamle og nye salmeskatten - for trua og kyrkjelyden si skuld (jfr. OS, 23).

Kanskje kan vi seie det på vår måte slik: Salmen er eit vitnesbyrd om møtet mellom bodskapen og livet, som Åge Haavik seier: “Den gode salmen er etter mitt skjønn født i møtepunktet mellom evangeliets budskap og livets erfaring.”1 Dette møtet mellom bodskapen og livet har i kyrkja gjennom tidene ei historie. I salmeboka kjem denne historia til orde, ho målber trua si historie. Den amerikanske teologen og salmediktaren Gracia Grindal seier at “å halde ei salmebok i handa er å halde meir av menneskeleg historie enn det mest er råd å førestelle seg” (“To hold a hymnal in your hand is to hold more human history than can almost be imagined.”)2. Det som møter oss i salmen, er då eit uttrykk for korleis menneske har tolka sin livsrøynsler i lys av Bibelen. Som Gracia Grindal siterer etter sin norske tradisjon, salmeboka er “den erfarte Bibelen” (same stad, ix)

Det som er særmerkt med salmen, når han vert sungen av ei “anna ætt”, er likevel at han representerer ei særskild form for grenseoverskriding. Vi ikkje berre trur at vi skjønar det fortidige, men vi syng det framande som om det er vårt. Vi gjer oss sjølve til subjekt for den framande trusutsegna. Og det er ikkje berre slik at vi går inn i ein annan si verd og opplever vår eigen situasjon gjennom det. Det kan vi gjere med kva dikt som helst, når vi har innlevingsevne. I salmen gjer vi det fortidige notidig på den måten at vi gjer det fortidige til vår eigen lovprising av Gud ved ei tidsoverskridande subjektsamansmelting. Ei salmebok er ingen historisk diktantologi. Dette får avgjerande konsekvensar for korleis vi hentar den historiske salmen inn i vår notid. Salmeboka er ingen restaurasjon av fortidsminne.

Å lage ei salmebok tyder ikkje berre å overta det som er kjent. Dersom han skulle realisere sin visjon om at alle tidsaldrar skulle syngje saman, visste også Landstad at det var ei stor oppgåve som låg framføre han, nemleg å leite fram det som låg ubrukt i tradisjonen, og å gje dette ei form som gjorde at det kunne syngjast på vårt tungemål:

Forraadet ligger for største Delen i fremmede Sprog, hvoraf det maa hentes op paa ny. Alle Kirkens Tidsaldre skulle synge med os og vi med dem; men det er først de to sidste Aarhundreder, som i nogen større Mun have sunget Kirkesange paa vort Tungemaal eller retter paa Dansk... Jeg har maattet gaa til Kilderne” (OS, 4-5).

Landstad veit altså at oppgåva ikkje beintfram er å ta vare på det som alt er innsunge. Det er mangt som ikkje har vore sunge, men som ligg der i historia, og som må hentast ut og omsetjast. Vår historiske situasjon er ein annan enn han var for Landstad. Realiseringa av visjonen for oss er mogleg og ei plikt langt ut over det som var mogleg og rimeleg for Landstad å førestelle seg. Vårt historiske og økumeniske perspektiv er vidare enn Landstad sitt kunne vere. Det er ikkje vår forteneste, men grunn til vår forplikting. Norsk Salmebok 1985 tok denne forpliktinga på alvor, og den nye salmeboka har ført dette vidare.

For Landstad, som for alle andre salmebokskaparar, gjeld det at ein ikkje kan vite om det ein hentar fram, vil kunne leve i kyrkjesongen vidare. Landstad seier seg samd med Rudelbach i at berre dei salmane må takast med “som Menigheden har sunget sig ind i, eller dog kunde synge sig ind i”. Ja, kven skulle meine noko anna, seier Landstad, halvt ironisk. Men også i høve til det siterte må han reservere seg litt, for “selv det Indsungne finder ikke altid et tilstrækkeligt Forsvar deri, at det er indsunget” (OS, 29). Ikkje alt fortener plass i salmeboka for di det er gamalt, eller for di det er nytt. Ikkje alt som vert presentert som ein salme, er ein gyldig salme for kyrkjelyden. Kyrkja syng om noko bestemt, hennar salmar må prøvast på ein bodskap. Og dei må ha ei form som gjer at dei kan vere aktuell lovsong frå det truande kollektivet. Spørsmålet om innhald og form vil vere det same, også om ein ser på salmeboka i hennar sekundære funksjon som privat oppbyggingsbok og bønebok.

Når det gjeld kriteria for kva som skal med i salmeboka, tenkjer Landstad slik:

Det er frå tre sider ein kan vurdere salmeboka, meiner Landstad. Og etter kva auge ein ser med, vil ein leggje ulik vekt på desse sidene: Det er f. d. f. den “historisk-kirkelige, og ortodox-objektive, der har ærbødighed for det i Kirken Overleverede, og sætter Pris paa Bekjendelsens Renhed, Klarhed og Styrke” (OS, 7) Den andre sida er den “subjektiv-sygelige, hvor man hviler i vekslende Stemninger ... Her er mange fromme Følelser, megen gudelig Længsel, men ingen Troens Frimodighed, Friskhed og Kraft, saadan som vi finde den hos Kirkens og Salmesangens Ypperste, t. Ex. Luther og Kingo” (same stad.) Den tredje sida er den estetiske.

Landstad seier klårt at det er det første standpunktet han står på, dvs. at salmeboka må vurderast ut frå det historisk-kyrkjelege og det ortodoks-objektive. Det er ikkje til å undrast over. Også heretikarane i den gamle kyrkja freista å fremje sine synspunkt ved hjelp av salmar. Samsvaret med den vedkjenninga kyrkja står for, må vere eit krav til salmen.

Samstundes er ikkje salmen dogmatikk i bunden form. Poesien må gjere noko med bodskapen, som gjer at han opnar seg og utfordrar på ein uventa måte.

Interessant er det korleis Landstad stiller seg til den andre sida ein kan sjå på salmeboka frå. Når han kallar det den ‘subjektiv-sjukelege’ sida, kan det høyrast ut som om han vil avskrive denne sida og såleis meine at det ikkje skal vere rom for salmar som svarar til eit slikt perspektiv. Men det er ikkje hans meining. Han viser rett nok eit atterhald når det gjeld å ta med slike songar, men han har ikkje stengt døra for dei:

Vistnok har jeg ikke kunnet føie mig efter alle de Krav, som fra denne Side vil gjøres, men jeg har dog det haab, at ogsaa disse Lemmer af Menigheden ville finde i Salmebogen det Bedste, de kjende, af gudelig Sang ... Jeg haaber, at naar de faa sunget sig ind i, hvad der bydes, saa ville de ikke bortbytte det igjen (OS, 7).

Landstad var i røynda eit kjenslemenneske.3 Vi kjenner att tungsinn, vemod, botskjensler hjå han. Det som kjenneteiknar han i salmediktinga, er kanskje hans ‘vemodige glede’.

I Norsk Salmebok 1985 tok ein steget fullt ut når det gjeld å inkludere songar frå norske og utanlandske vekkingstradisjonar, som før gjerne hadde vorte sett på som altfor subjektive og emosjonelle. Kanskje ligg dette i forlenginga av det Landstad hadde i tankane. Mange vil meine at også desse songane høyrer med, når ein skal la heile kyrkja gjennom alle tider syngje. Men då vert ein tvinga til å seie om desse, som om heile salmetradisjonen generelt: Ikkje alt er godt.

Når det gjeld det estetiske, seier Landstad at salmeboka må vere slik at ein ikkje skjemst ved å sjå på henne frå den sida. Interessant er den relativiseringa av dette kravet som kjem til uttrykk. Krava er “til en vis Grad berettigede” (OS, 8). Kyrkja må ta kunsten i si teneste, såleis at han hjelper til med å herleggjere Guds namn og fremje oppbygginga av kyrkjelyden. Men kunsten må alltid kome i hug at han er tenar, ikkje herre. Båe sidene ved dette meiner Landstad kjem fram hjå Luther, slik Landstad siterer han:

Ikke saaledes at forstaa, at jeg er af den mening, at alle kunster skulle ved Evangelium være slagne til Jorden og forgaa, som nogle overspændte aandelige foregive: jeg vil tvertimod gjerne se alle kunster og fornemmelig Musiken i hans Tjeneste, som har givet og skabt den (OS, 8).

Landstad tykkjest meine at vi stundom må la andre synsmåtar vege tyngre enn det estetiske.

Det kan synast noko overraskande at det Landstad peikar på for å illustrere at det estetiske kravet ikkje kan gjerast gjeldande absolutt, er det han kallar “Formløshed” i dei eldste danske eller norske salmane. Han viser her tydelegvis til salmar som er skrivne før Martin Opitz’ formkrav gjorde seg gjeldande.4 Vi vil kanskje synest at Landstad er noko uhistorisk i sine verdidomar her. Elles er det eit spørsmål om vi vil følgje Landstad i hans tilsynelatande reservasjon andsynes absoluteringa av det estetiske. Vi skulle heller vilje spissformulere vår påstand slik: Ikkje noko kristeleg innhald, om det er aldri så sant og godt, kan rettferdiggjere ein mangelfull poesi. Det ville berre vere eit orsaking for late poetar.

Den sida ved det estetiske som Landstad ofrar mykje på, gjeld språket. Landstad er den første som freistar å lage ei norsk salmebok. Velkjent er hans vilje til å opne for norske ord og seiemåtar i salmane, både gamle og nye, og den motstanden som han møtte. Landstad syner ved gode døme at hans estetiske utfordringar frå språket er dei same som hans forgjengarar, t. d. på dansk mark, hadde. Og vi veit at dette er ei utfordring for hans etterkomarar. Her står vi ved eit av spørsmåla som gjeld korleis vi fér åt med det som vi har fått overlevert frå tradisjonen, og som Landstad brukar mesteparten av boka si til å drøfte.

Litt til med våre eigne tankar: At salmen er ein song frå alle trua sine tider, tyder også at vår tids røyst må lyde. Også vår tid representerer ein etappe i stafetten. Det gjeld både formidlinga av det historiske og skapinga av det nye. Vi har alt peika på at omsetjinga av det historiske inneber at det må kunne syngjast også som aktuelt. Å sjå det varande i det som vert skapt i samtida, er ei spesiell utfordring. Som det går fram av det som er sagt ovanfor, er det etter vårt syn ikkje heilt rett å seie at salmen skal vere tidlaus. Salmen må alltid vere frå ei tid, ha aktualitet, men samstundes noko meir enn dette. I salmen må det aktuelle ha overføringsverdi, det må kunne verte aktuelt på nytt. Det er avgjerande å skilje mellom aktualitet og aktualisme. Det aktuelle kan bere konkret merke av tid og stad, men er ikkje låst til desse. “Gå gjennom byens lange, rette gater” (Salmer 97, nr. 27) kunne, pga. innhaldsmomenta, berre vere frå vår tid. “Når jeg er træt og trist” (Salmer 97, nr. 81) kunne, etter sitt språk, berre vere frå siste halvdel av 1900-talet. Dei er båe aktuelle, men ikkje aktualistiske. Det aktualistiske knyter seg slik til det dagsaktuelle at det døyr med dette.

Forandring av det gamle

Det er heilt visst at hovuddelen av kritikken av ei kvar ny salmebok vil gjelde revisjonen av det gamle. Det er eit faktum at mange trur at ein kan ta vare på det gamle ved å la det vere uforandra. Her er det Landstad ope må reservere seg mot Rudelbach, som vart brukt av kritikarane av Landstad nett på dette punktet. Landstad seier at Rudelbach “urgerer det ‘hymnologisk-historisk’ Berettigede i Kravet på uforandrede Salmer” (OS, 27). Om tilhøvet mellom bevaring og forandring seier Landstad: “Det gjælder ikke en mekanisk Konstruktion, men en levende Organisme. Der opstaar saa mange Enten Eller, som spotte alle a priori opstillede Principer” (OS, 26).

Dette gjeld ikkje berre småting:

“Dersom man af det nærmest forhaanden værende Stof vil tage, hvad der kan synes brugeligt og nytte alt saadant som det er, saa kunde en Samling Salmer til kirkeligt Brug let blive fabrikeret. ... Alt er ikke “den sunde Lærdoms Ord,” ikke alt eier den rette Aand og Kraft. En stor Del af dette Forraad ligger desuden langt tilbage i Tiden, og er end Indholdet deraf ægte Guld, som aldrig ældes, saa er dog Støbningen, Formen, tildels ubrugelig (OS, 4).

Altså er det stundom slik at det gamle ber i seg noko som kan verte verdfullt, berre om det får gå gjennom ein ny skapingsprosess. Og så er det mangt som høyrer til det mest verdfulle, som vil verte borte “hvis man ikke kan faa Lov til at rette på Formen og Ordlaget, eller oversætte det Gamle paa ny” (OS, 24). Landstad demonstrerer dette i sine attdiktingar.

Landstad hadde i sitt arbeid med folkevisene skaffa seg ei inngåande kjennskap til det norske folkemålet, ein “Aasen” samstundes med Aasen, og det er mest utruleg å sjå kor radikalt han gjekk til verks med å setje inn i salmane eit folkeleg vokabular som vi finn att i det som sidan vart “Landsmaal” og moderne nynorsk. Han kunne utan å blunke føre inn ord som “etle, fli (gje), floke, høve, lite på, takksam, vanvyrde.5 Men det var ikkje berre einskildorda som Landstad ønskte å føre inn. Han ønskte å gjere heile språket norsk i staden for dansk og tysk. T. d. ville han ha bort alle dei tyske forstavingane som an-be-, er-. Og han ville byte lånord med norske ord. Landstad demonstrerte dette i si nyomsetjng av etablerte salmar. Men vi må heile tida hugse at Landstad var diktar, han nyskapte teksten. Døme: “Gjør døren høy” (OS, 93).

Salmebok og salmebruk. Å tenkje vidare etter Landstad

Ut frå vår noverande innsikt i kva det vil seie å ha med ein historisk tekst å gjere, veit vi at Rudelbachs prinsipp om at dei gamle salmane må vere uforandra, kviler på ein illusjon. Det som er uforandra, er ikkje uforandra. Språket vårt og heile vår historiske situasjon forandrar seg. Difor tyder ikkje teksta det same, om ho ikkje vert tolka i det språket som er samtida sitt.

Kyrkja er ikkje noko kulturarkiv, og salmeboka hennar er ikkje noko kulturminne. Ho er ikkje nokon diktantologi, ein litterær arv som skal vernast. Ho er kanskje det òg, men då ikkje som salmebok. I ein eller annan mon må det gamle reaktualiserast, salmen lyt vi “forandre for å bevare”. Salmen må i prinsippet omsetjast også innanfor sin eigen språktradisjonen.

Det er vi som heile tida må avgjere kva det er salmen seier til oss, vi må høyre det som salmen seier, i vårt språk og i vår tid. Men det må få vere noko som kjem til oss. Dersom vi vil aktualisere ein historisk salme slik at han føreset vår tid for å gje meining, vert det ingen song over grensene. Då syng vi berre med oss sjølve. Salmen skal vernast for di han kan ha noko å seie oss, som vi kanskje ikkje seie av oss sjølve

Når det gjeld redaksjonelle inngrep i ein historisk salme: Har ikkje forfattaren av ein salme krav på respekt for verket sitt, slik at det skal få stå som det lydde? Bortsett frå kopieringsreglane som måtte gjelde, er svaret: Nei! “En salme er en sang som kultusen har erobret, det er den som eier den”, seier Sigmund Mowinckel.6 Same kor risikabelt det er, det er kyrkja som må avgjere korleis ho best kan syngje med tidlegare tider. Salmen er overlaten til nye generasjonar, på godt og vondt. Ansvaret for å ta vare på arven i levande bruk vil alltid måtte utøvast med eit visst skjøn. Dette skjønet vil vere betre hjå somme enn hjå andre, og betre i somme tider enn i andre. Slik vil det måtte vere.

Stadene i salmane som har vorte forandra gjennom tidene, til stor forarging eller stort sakn for mange, er legio. Mangel på kjennskap til kva som har hendt med salmane gjennom historia, kan føre til dei underlegaste oppfatningar. Trua på at den versjonen vi er oppdregne med, er ein ukrenkjande original, er utbreidd. Sumtid kan ei tilbakevending til ein original verte oppfatta som respektlaus omskriving, jfr. ordet “silkedyne” i Brorsons “Mitt hjerte alltid vanker” (NoS 45, v.5).

Eitt av spørsmåla i samband med behandlinga av historiske salmar er tilhøvet til ein faktisk eller innbilt heilskap hjå ein original. Mange som krev å få ein salme i si heile, opphavlege form, ville undrast om dei fekk vite korleis det opphavlege var. Ein dansk kommentator, som tydelegvis pretenderte kompetanse, skreiv ein harselas over Norsk Salmebok som hadde utelate eit vers av Petter Dass sin “prægtige salme” “Om alle mine lemmer” (NoS 529), som danskane har med i sin versjon: “Ved en gudstjeneste i Norge sang vi Peter Dass´ prægtige salme ‘Om alle mine lemmer var fuld af idel sang’, eller rettere resterne af den” (folketingsrepresentant Margrete Auken om “Gør kunsten gavn?”7 Kjennskap til at salmen er vorten til ved at det er teke nokre strofer frå eit langt sjølvbiografisk dikt, som Dass skreiv som avskilshelsing til kyrkjelyden sin, er det ikkje spor av.8 Vi kan vel alle tykkje det er morosamt å syngje (den tilnærma!) originalen til Petter Dass sin “Herre Gud, ditt dyre navn og ære” (Salmer 97, 40) nokre gonger. Men det er Gustav Jensen som med sitt geniale utval av tre strofer har berga songen for kyrkjelyden og skapt det som vi kjenner som vår mest umissande salme.

Salmane er ein skatt som er overlevert. Problemet er at denne skatten ikkje skal preserverast for eit museum, men brukast. Dersom han ikkje vert brukt, vert han eit museumsstykke, ikkje ein salme. Salmen skal ikkje vernast som arvesølvet i bankboksen. Det er ikkje nok at salmane vert tekne vare på i salmeboka, heller ikkje at dei vert reviderte for vår tid. Spørsmålet er også eit spørsmål om den faktiske songen. Problemet med norsk salmesong i dag er, etter vårt skjøn, ikkje at vi har ei mangelfull salmebok, anten når det gjeld det historiske materialet, eller når det gjeld ny salmedikting. Problemet er bruken av salmane. Skilnaden når det gjeld bruken av salmeboka i dei ymse kyrkjelydane, er sikkert stor. Men det er mykje som tyder på at det er eit stort gap mellom salmeboka og salmebruken. I hovudsak er det prestane som er ansvarlege for bruken av salmane. Det gamle som er teke vare på i salmeboka, vert ikkje brukt. Ein brukar heller av det nye, men berre i eit lite utval. Siktemålet er ikkje å styrkje trua gjennom rikdomen av trusvitnesbyrda i salmane, men å få ’dei framande’, eller dei fleste, med i songen på det ein trur er den lettaste måten. Vår gissing er at 80-90% av innhaldet i våre to siste salmebøker aldri er prøvd i den gjennomsnittlege norske kyrkjelyden. Mistrua til kapasiteten i kyrkjelyden står i eit mistilhøve til den gleda som kyrkjelyden syner når han vert motivert til å syngje meir enn eit minimum.

Vi har også ei plikt å bruke det ukjende. Treng vi syngje alt som står i salmeboka? Kanskje ikkje alt, men det meste. Salmane skal vi syngje, for di dei kan ha noko å seie oss, som vi kanskje ikkje kan seie av oss sjølve.

Arve Brunvoll