Kva vil vi eigentleg vita om abort?

09.01.2024
Sofie Braut
Aktuell kommentar Etikk Menneskeverd Menneskeliv Menneskesyn Menneskeverd Menneskerettigheter Abort Abortgrense Abortlov Abortdebatt Kristen tro

Aktuelt

Foto: Johanna Hundvin Almelid/Dagen

Ønsket om meir informasjon og kunnskap er langt på veg ein tom floskel i den nye abortdebatten.

Torsdag føremiddag la det såkalla abortutvalet, med Kari Sønderland i spissen, fram si innstilling til endringar i abortlova.

Skrinlegging av nemndsystemet og ei utviding av tilgangen til abort frå 12 til 18 veker er hovudelementa i forslaget som Stortinget skal ta stilling til. Dette er altså det ein meiner vil gje kvinner, og oss alle det som vert kalla «ei abortlov for vår tid».

Kva kan vi lesa ut av desse forslaga? Vår tid vektlegg personleg valfridom og meir generelt, personleg fridom. Å leggja bort tanken om nemnd, skal truleg imøtekomma det sistnemnde. Ideen om å utvida fristen for å velja abort med seks veker, ser ut til å imøtekomma krav om meir valfridom for kvinner som står i det som gjerne vert kalla ein vanskeleg valsituasjon.

«Vi trenger en abortlov som i større grad anerkjenner kvinners rett til å ta selvstendige valg», samanfattar Sønderland. Ho følgjer opp med å understreka at abort dreier seg om kvinnerettar, rettar knytt til å ha eit privatliv, rett til å bestemma over familielivet, helse og kropp.

Det er likevel først og fremst paradoksa som dominerer når utvalet langt på veg konkluderer i tråd med det som har vore sterkt ønska endringar, særleg frå venstresida i norsk politikk i seinare tid. Arbeidarpartiet ser ut til å ha fått dei svara dei har bestilt når konklusjonane frå utvalet no ligg på bordet.

Offisielt heiter det sjølvsagt at det er «behov for ein heilskapleg gjennomgang» når lova som ligg føre er frå 1978. Den underliggjande premissen for kravet om endringar i lova, er at kvinnerettane ikkje er tilstrekkeleg varetekne med lova slik ho ligg føre. Der ein tidlegare tenkte at det er ulike perspektiv som skal balanserast, er det i dagens debatt i det heile vanskeleg å få tak i at det her er to partar som er involverte.

Når Kamzi Gunaratnam i Politisk Kvarter torsdag morgon skulle forklara kva Arbeidarpartiet styrer etter i denne saka, svarar ho med parolane «selvbestemmelse, valfridom og respekt for kvinnens livssituasjon». Det høyrest nokså fjernt ut frå handsaming av eit etisk dilemma, der ulike syn skal balanserast.

Det høyrest ut som gjennomslag for den eine parten, og meir enn det. Det høyrest ut som usynleggjering av den andre parten.

Vi høyrer dessutan stadig om behovet for meir informasjon knytt til abort, og denne hausten var nettopp det eit stadig tilbakevendande poeng til dømes i boka «Avbrutt – fortellinger om abort», der forfattarane June Holm og Vilde Bratland Hansen hadde samla aborterfaringar frå rundt 200 norske kvinner.

I lys av kor vanleg abort er, etterlyser desse forfattarane meir ein meir open samtale, «større forståing» og appellerer til at vi må snakka meir om abort.

Men med ein gong vi lyttar inn på debatten om abort, skjønar vi at det berre er nokre perspektiv som eigentleg er rettkomne. At dei ufødde vert omtala som barn, at dei er ei gruppe sårbare, uferdige menneske er ein type informasjon som vert raskt redusert til eit standpunkt av det meir yttarleggåande slaget.

Dersom tilgangen til fri abort vert utvida til veke 18, blir det truleg heller eit sterkt behov for i endå større grad å styra informasjonen, slik at ikkje den som søkjer abort, får dei same informasjonshefta som dei «lukkeleg gravide» med bilete av fosterets fantastiske utvikling frå veke til veke.

«Abortloven bør være rigget slik at vi tar hensyn til at kvinner står i ulike situasjoner» er dessutan også Gunaratnarams svar på spørsmålet om ikkje dei nye forslaga no innskrenkar fosterets rett til liv. Akkurat det innsteget er svært illustrativt for kor den nye abortdebatten har hamna. Evna til å forhalda seg til fosteret som part i saka har forsvunne, og svaret, uansett kva side ein skal sjå denne saka frå, er kvinners rettar.

Når KrF-leiar Bollestad brukar av taletida si i denne viktige debatten til å vektleggja at dagens lov ligg fast, og liknande prosaiske ting av meir teknisk art, er det ikkje til å undrast over at den ufødde sitt perspektiv berre forsvinn ut av samtalen. Den nye debatten er prega av fråvær av eit heilhjarta forsvar for vern av den ufødde og av livsrett som den mest grunnleggjande av menneskerettar.

I ei sak som dette er det vel dei ufødde som treng talspersonar inn mot det politiske systemet, og ikkje kvinnene, som heilt tydeleg kan heva si eiga røyst og snakka for seg sjølv? Likevel er inntrykket som festar seg, at eit foster i dag har få advokatar.

Det som gjer at abort «komplisert» i utgangspunktet, er jo at ein har å gjera med ein part som verken kan uttala seg, argumentera for eigen rett til liv, eller gjera seg gjeldande på anna vis enn heilt enkelt å vera til. Ein kunne ha tenkt likt som ein gjer i andre saker, at den som ikkje har høve til å tala si eiga sak, på særskilt vis treng både talsmenn og -kvinner.

Slik har ein også tenkt til tider, og dermed heng det att ei førestilling, også i breie lag av folket om at abort, trass alt er eit slags etisk dilemma, eit spørsmål som har nokre andre implikasjonar enn fjerning av ein svulst eller blindtarm.

Men når ein i dag skipar til abortdebatt, er like trist som det er talande at dette er ein debatt mellom «ulike syn på lovgjeving», mellom dei som forsvarar abortlova som vi i dag har mot dei som ønskjer utviding av tilgangen til abort.

Dagens lov resulterte i 2022 i tett oppunder 12000 abortar, 230 avslutta liv pr. veke. Den som forsvarer ei slik lov er ikkje lenger ein forsvarar av dei ufødde, men ein pragmatikar i spørsmål knytt til abort. Eit varmt, heilhjarta forsvar for dei ufødde, har rett og slett forsvunne ut av den politiske debatten, og det er eit stort tap. I ei tid som vår som stadig spør etter perspektivrikdom og nyansar, bør dette vera eit tankekors av rang.

Dagens lov resulterte i 2022 i tett oppunder 12000 abortar, 230 avslutta liv pr. veke. Den som forsvarer ei slik lov er ikkje lenger ein forsvarar av dei ufødde, men ein pragmatikar i spørsmål knytt til abort.

Helseminister Kjerkol uttrykte ved torsdagens rapport-overrekking at ho var imponert over at utvalet sine 13 medlemmar var så samstemte, men er dette eigentleg eit positivt drag ved handsaming av eit spørsmål som tidlegare i alle fall, vart sett på som eit etisk dilemma?

At vi skal ha fått meir kunnskap og spør etter meir informasjon i dag, ser likevel ikkje ut til å innebera at vi får med oss fleire nyansar og meir presisjon i denne debatten. Då utvalsleiar Karin Sønderland fekk spørsmål om innskrenkingane i fosterets rettsvern som ein konsekvens av dei føreslegne utvidingane i tilgangen til abort, var svaret i alle fall ikkje prega av presisjon, men heller av det litt tilfeldige: «Noen vil spørre hvorfor vi har valgt uke 18, det er fordi fosteret da er så modent at vi er kommet fram til at fosterets rettsvern slår inn».

Vi må gjerne be om gjennomgang, om kunnskap og informasjon. Så lenge vi vel å styra etter så vilkårlege vindmålingar i våre mest grunnleggjande spørsmål, er samfunnet vårt på feil kurs.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen)