Kvar vart salmane hen?

13.04.2012
Aktuell kommentar

Eg går i kristeleg fellesskap to stader, både i Den norske kyrkja kor eg au arbeidar, og på bedehuset i ungdomsarbeidet der.

Av celeste343, http://flic.kr/p/4zxiZf (creative commons).

Eg går i kristeleg fellesskap to stader, både i Den norske kyrkja kor eg au arbeidar, og på bedehuset i ungdomsarbeidet der. I kyrkja finn eg den liturgi og dei gode gamle salmar eg er vorte så glad i og så oppteken av den siste tida. Det gjev meg hugnad og eg får vere med å tilbe i ande og sanning saman med kyrkjeljoden i Himmelen og på jorda. Det er fint og ubeskriveleg på sett og vis.

Samstundes som eg er med i Den norske kyrkja sin kyrkjeljod, er eg au med i ungdomsarbeide på bedehuset. Her er ting ganske annleis, liturgi er ikkje-eksisterande, men song og musikk i rikt mon. Men kva slag song og musikk? Vel, ungdomsarbeidet mitt har vorte sterkt prega av den amerikaniserte og moderne lovsongstradisjon med innslag av gode gamle salmar, men no i den siste tida har det siste vorte utelate. Eg sat med meg sjølv litt fortumla og stilte meg overskriftas spørsmål, kvar vart salmane hen? Vi song plutseleg berre songar sprunge ut av den moderne lovsongstradisjon, ikkje ein gong Navnet Jesus var å finne. Eg tykte det var trist av ulike årsaker. Eg vil peike på nokre av dei:

Ei av hovudgrunnene til at eg er så skeptisk til lovsongstradisjonane - som no den siste tida er komen i fleire bedehus- og kyrkjesamanhengar - er det teologiske aspektet. Er alle dei nye og moderne lovsongane som er sprunge ut av den amerikanske og karismatiske lovsongstradisjon gjennomgått av erfarne teologar? Det trur eg ikkje dei er, eg trur mange vel songar ut frå at ein tykkjer dei er kule. Særskild om lovsongsleiarane er unge. Mange unge og som ikkje er oppvaksne i kyrkje og bedehus kjenner diverre ikkje til den rike og gode salmetradisjonen. I salmeboka er salmane gjennomgått av teologar og sjekka opp mot kyrkjas vedkjenning og Bibelens innhald – eg vonar det framheld og at ein kan halde på salmane. Vi må ikkje late dei forsvinne, dei har så uendeleg mykje sanning og bodskap dei nye moderne lovsongar ikkje kjem med.

Eg trur viktigheita av å gje ungdomane beskjed om korleis ein bør nytte song og musikk er bra, og ikkje late dei styre på. Det kan fort verta slik eg ser i ulike samanhengar at ein klappar for ”lovsongsteamet/bandet” for at dei er så flinke – det trur eg er usunt, det er ikkje musikarane vi skal ære – det er Vår Herre og Gud. Lovsong bør skje i ande og sanning, i vissleik om at det ein syng er bibelske sanningar og ikkje minst verdig å syngje til Gud, Kongen over Kongane. Eg trur på meir bevisstgjering hjå unge kristne i våre kyrkjeljodar, kva er riktig – det må dei som veit seie i frå om. Tilbeding og gudsteneste må ikkje vere kult – det må vere tilbeding i ande og sanning, fyrst og fremst til Gud Faders, Gud Sonens og Gud Heilagandens namn!

Benjamin Bj. Anda (18), kyrkjetenar