Kyrkja – studentopprørets suksess

03.06.2022
Egil Morland
Aktuell kommentar Kirke og stat Kirkereform Kirkelig situasjon Kirkens Grunn Kirkehistorie Historie Kultur Sosialetikk Hans Nielsen Hauge Biskop

Aktuelt

Egil Morland

Professor ved Høgskulen i Volda, Jan Ove Ulstein, har skrive ei viktig bok om «det lange 1970-talet», det som var opphavet til studentopprøret og radikaliseringa av politiske standpunkt i kyrkja. I ei omfattande melding i Dag og Tid, presenterer professor Rune Slagstad – ein av vår tids store intellektuelle – boka. Tittel: Det kyrkjelege hamskiftet.

Meldinga er symboltungt illustrert: På ein liggjande kross vaglar Andreas Aarflot seg saman med Berge Furre og Kari Veiteberg.

Ikkje uventa fører meldinga til ein skriftleg replikk frå biskop Aarflot, hovudsakleg for å gjera merksam på at han er smigra, både over hopehavet (NB! Berre Furre er då nemnt) og hamskiftet, i form av ein vellukka slutt på statskyrkja, og ei sosialetisk radikalisert kyrkje. Aarflot ser elles gjerne Hans Nielsen Hauge og hans «opprørstrang mot verdslige og kirkelige autoriteter» som ei av kjeldene til eiga politisk oppvakning.

For ein som kjende Furre personleg, og også var vitne til hans nyorientering inn mot kyrkja og anerkjenninga av «bedehuset som kulturhus», vekkjer både boka og debatten etterpå minne til live. Det skal få liggja no. Her vil eg berre peika på to viktige poeng i Slagstad sin artikkel, og ingen av dei er så langt, tilsynelatande, registrert eller kommentert.

Det første er at Slagstad, utan ironi, viser at det eigentleg berre var i kyrkja studentopprøret vann fram, og førte talsmennene for opprøret til makt og heider. Kapitalismen (også den som kjem til å gjennomføra det grøne skiftet) lever i beste velgåande og dei revolusjonære søkte seg straks over til maktposisjonane i Arbeidarpartiet og tilliggjande herlegdomar (statlege etatar, offentleg administrasjon og direktorat), utan å ta seg bryet med å gå via eit idealistisk SF/SV.

Men i kyrkja vann dei fram, like raskt som slagordet «teologisk konservativ, politisk radikal» vart avlyst og parkert.

Det andre poenget er indirekte: Ingen stad i denne prosessen (med mogleg unnatak i militærnektarsakene på 1970-talet), blei kyrkja sine erfaringar frå krigsåra henta fram. Ikkje ein gong desse åra sin store profet, Tor Aukrust , nemner Kirkens Grunn og dette dokumentet si nytolking av den lutherske toregimentslæra med så mykje som eit einaste ord – trass i at han sjølv etterlyste det potensialet for sosialetisk tenking som ligg i denne tradisjonen.

Det siste er tankar eg sit att med etter å ha lese Aarflots kommentar. Han har nemleg sjølv levert gode grunnar for ein haldbar ekklesiologi (lære om kyrkja) i fleire bøker, t.d. i «La kirken være kirke» og i «Samtidsspeil eller fyrtårn». Her gir biskopen solid argumentasjon for på kva premissar kyrkja kunne gjennomføra reformer i kyrkjestyret.

Slik gjekk det ikkje. Ingenting av dette blir tillagt vekt. Alt er gløymt, i eit hamskifte som manglar sidestykke i kyrkja si historie etter reformasjonen og Hans Nielsen Hauge. Kva skal kyrkja med eit «sjølvstyre» som vert til i ei friksjonsfri harmonisering mellom «kyrkje» og «folk» - eit sekularisert folk, der kyrkja vert redusert til nettopp å vera ein samtidsspegel?

Fyrtårnet er borte (Jfr. Stavanger biskop si «bøn» for fri abort), slik fyrtårna langs kysten er redusert til turistmål som dokumenterer ei forgangen tid.

Egil Morland

(Tidlegare publisert i Dagen)