Kyrkje og stat i Noreg

20.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser) Ekklesiologi Staten

  • Kyrkja skal etter sitt guddommelege oppdrag ta seg av mennesket som eit vesen skapt av Gud, med ansvar for Gud og med sitt mål i Gud. Ho må difor alltid halde fram ævelivsaspektet inn i menneskets daglegliv både når det gjeld den private og den offentlege sfære.
  • Staten skal også med guddommeleg oppdrag ta seg av omsorga fyrst og fremst for det timelege og jordiske og legge tilhøva til rettes for at mennesket som evigheitsvesen ikkje vert hindra i å nå sitt mål. Difor skal han gje kyrkja best mogeleg vilkår så ho kan gjera si serskilte gjerning.
  • Det prinsipielle grunnlaget for samarbeid mellom kyrkje og stat er ei gjensidig anerkjenning av dei oppgåver som kvar av desse skal utføre. Og i kontrakten mellom dei ligg at dei skal gje uttrykk for den retten kvar av dei har og korleis dette grip inn i verksemda til kvar av dei. Eit bilete på dette er "ekteskapet" mellom stat og kyrkje.
  • Etter høgsteretssdomen i Børre Knudsen saka, der paragrafane i Grunnloven om statens religion har blitt "ghettoiserte", isolerte til rein forvalting av det kyrkjelege.
  • Dette har ført til konflikt mellom kyrkje og stat. Men det spesielle er at kyrkjestyret meir eller mindre servilt har føye seg etter statens ordningar og utsegner og forsømt å utføre sitt profetiske oppdrag som er å stille kvart menneske ansvarleg og - i sjelesyrgjerisk omsorg - tar avstand frå dei som ope går imot Guds bod. Kyrkjestyret har kjent seg fanga av systemet og har vel - serleg bispane - halde fast på si lære og forkynning av ordninga, men har ikkje teke dei konsekvensar som Bibel og vedkjenning forpliktar oss til når det gjeld å synleggjera det som er tilstanden der denne lære ikkje når fram.
  • Kyrkjestyret kan vel ikkje anklagast for falsk lære og forkynnig, men har "falle ned på galne sida av gjerdet" og har i sin statsservilitet blitt tenarar for ei sekularisering av vårt lovverk som også bryt grunnleggjande med naturretten, i det kyrkjestyret er medansvarleg for fosterdrapslova som gjev lovmedhald til å ta tusenvis av foster av dage.
  • Dette fører igjen til ein indrekyrkjeleg konflikt der det øvste kyrkjestyret står imot dei som i truskap mot den same Bibel og vedkjenning hevdar Guds lov mot menneskelege lover og ordningar.
  • Denne konflikten har kome fram som ei forfylgjing frå kyrkjestyret si side av dei som held fast på Bibel og vedkjenning. Det serskilt tragiske ved dette er at det synest som om det er eit kyrkjestyre i fangenskap som brukar si formelle makt til å forfylgje dei vedkjennings-trugne.
  • Vedkjenningskyrkja hjå oss må sjå det som si oppgåve å berge vår norske kyrkje ut av sitt fangenskap, så ho igjen kan utføre si gjerning til beste for folk og land og for den einskilde. Ei servil kyrkje er ingen tent med. Og det har alt vist seg på ein måte som tyngjer oss inn i det evige, slik ein vil forstå det av den kjennsgjerning at vår øvste kyrkjelege administrator i lojalitet mot staten sette sitt namn under abortlova og fekk ikkje dette omgjort før han gjekk frå dette liv og inn i det evige.
  • Me sikter ikkje på eit avgjerande brot mellom stat og kyrkje i vårt land, men me siktar på ei frigjering som kan gjera kyrkja og serleg kyrkjestyret i stand til rett å utføre sitt oppdrag. Som det no er, er kyrkjestyret prinsippielt delvis ute av stand. Det har ikkje Bibel og vedkjenning som einaste rettesnor, men let det politiske verke inn til misvisninga av den leia me skal ta.