Lærerikt om «Guds krigar» i GT

15.09.2017
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser GT

Delar av Bibelen kan vera vanskeleg å forstå og ta til seg, av ulike grunnar. Noko er vanskeleg fordi det går rett inn i eige liv, eller fordi det kort og godt må openberrast av Anden. Anna er vanskeleg av reint fornuftsmessige grunnar eller fordi det bryt så radikalt med vår sekulære og menneskeorienterte tid.

Forsiden til "Krigene i Det gamle testamentet"

Til det siste høyrer store delar av dei historiske bøkene i GT, fordi desse talar mykje om krig og gjev mange typer føreskrifter om livet. Mykje av dette opplevest nokså brutalt, men «hovudproblemet» er at det er påbode av Gud.

Denne boka presenterer seg som «et forsøk på å forstå» krigane i Det gamle testamentet. Det lukkast forfattaren i stor grad med. Dei fleste av oss slit sikkert med å forstå dei «brutale delane» av Bibelen, og det er lite litteratur om slike bibeltekstar og tema på norsk. Denne boka av den svenske teologen, apologeten og forfattaren Olof Edsinger er difor kjærkoma. Han har skrive ei rekkje bøker på svensk om tema knytt til Bibelen og det kristne livet, men dette er hans første bok på norsk.

Boka er ikkje av det tjukkaste slaget, men er ho nokså passeleg med tanke på folk flest. Framstillinga er seriøs, og det er gode og opplysande noter. Dei som vi arbeida grundigare med spørsmålet, får med det god rettleiing med tanke på aktuell litteratur. Temaet er i seg sjølv krevjande både personleg og teologisk, men framstillinga her er pedagogisk god og tilgjengeleg for dei fleste.

Den store styrken med boka er at Edsinger ikkje berre går direkte på dei aktuelle krigstekstane, men han plasser desse inn i eit større perspektiv, både når det gjeld Bibelen og bibelsynet, Gud og gudsforståinga, mennesket og samtida, synda og frelsesspørsmålet. Dette gjer at vi får mykje god bibelsk tenking og mange bibelske perspektiv med på kjøpet, samt at vi får ein del av det aktualisert på vår tid og dagens krigar.

Viktige perspektiv er forhold mellom den gamle og den nye pakta, Israel og kyrkja, dommen og nåden, GT og NT. Det er også viktige perspektiv som går på forholdet mellom Israel og nabofolka, og mellom Israels Gud og dei ulike gudsoppfatningane på den aktuelle tida. Edsinger nemner ulike namn på Gud, og at Gud er presentert som krigar, og han går gjennom ulike typar krig og krigens lover. Han legg stor vekt på å få fram den grunngjevinga Bibelen gjev for krigane, og kva målet med desse er. Israels krigføring og straffemåtar er generelt meir skånsom enn hjå nabofolka.

Det er ikkje alle krigane i GT som vert omtalte som «heilage krigar» eller «Guds krigar», men det er primært dei krigane som er knytt til den relativt korte perioden då Israel skulle innta det landet Gud hadde gjeve dei lovnad om. Andre krigar må vurderast som krigar generelt. Guds krigar må vurderast ut frå det openberringsnivået vi er på i Skrifta på det aktuelle tidspunktet, og ut frå det overordna synspunktet at Gud i alt er heilag, rettferdig og god. Vi har lett for å vurdera det ut frå oss sjølve, og ut frå tenkinga og standarden i vår sekulære og humanistiske tid.

Det som opplevest som det store problemet knytt til dei aktuelle krigane, er at dei synest å vera svært brutale utryddingskrigar, og at det er sagt at det djupast sett er Gud som fører krigane. Noko tilsvarande gjeld for straff som Gud sender over israelsfolket. Rett nok synest ein del av tekstane å vera av ein litterær sjanger som «overdriv» for å få fram det voldsomme og omfattande. Når det heiter at «alle» vart drepne eller utrydda, treng det ikkje å vera absolutt å forstå, men at det gjeld svært mange eller dei flest. Brutalt er det uansett i våre augo. Utryddingskrigane eller cherem-krigane er altså krigar av eit spesielt slag.

Edsinger tek opp ti problemstillingar av prinsipiell, moralsk og teologisk karakter knytte til Guds krigar. Det vil føra for langt her å gå inn på desse problemstillingane, men det heile skjer på ein ryddig, ærleg og bibelfundert måte. Det som kanskje imponerer meg aller mest, og som eg er aller mest glad for, er den bibelforplikta måten Edsinger tenkjer og arbeider på. Han driv ikkje med bortforklaringar eller underkjenning av historisiteten eller realiteten i tekstane, men han tek dei på fullt alvor som Guds ord til oss.

Det er mange innfallsvinklar til krigstekstane, men ei hovudsak er å sjå dei i lys av synda sin realitet, og med det også i lys av Guds reaksjon på synd, kampen mot avgudsdyrkinga og for hans frelsesvilje. Israel står i den sanne gudsdyrkinga og frelsa si teneste, og dette endar opp i Jesu kome til frelse og dom. Det er ei tydeleg line frå Guds krigar i GT til krigshendingane og domen ved Jesu atterkome, og med det også i førbuinga til den evige frelsa. Det er slik sett ingen motsetnad mellom GT og NT i krigshendingane og gudsforståinga, men det dreier seg om ulike trinn eller periodar i frelseshistoria.

Det er sikkert ting som kan diskuterast og nyanserast i framstillinga i forhold til Edsinger sitt syn, men i all hovudsak er dette svært bra. Eg er litt usikker når det gjeld korleis Edsinger tolkar landlovnadene til Israel med tanke på den nye pakts tid, og eg ville vektlagt Guds rike som eit frelsesrik framfor eit heskarrike. Edsinger går i klinsj med vanskelege tekstar, tek dei på alvor og kjem ut med bibelforplikta svar. Dette er til førebilete for oss alle.

Det er grunn til å merka seg Olof Edsinger sitt namn. Han er altså ein kjend teolog og kristenleiar i Sverige, og han har også vore engasjert her i landet, sjølv om få nordmenn kjenner han. Edsinger kan på mange måtar samanliknast med apologeten Stefan Gustavson, som er godt kjent i Noreg. Edsinger har nett overteke som generalsekretær i Svenska Evangeliska Allianse etter Gustavson.

Det er grunn til stor takk for denne boka, både med tanke den bibelforpliktinga forfattaren viser og for argumentasjonen hans i forhold til det som gjeld Guds krigar i GT. Eg vonar Olof Edsinger vil bidra med meir av denne typen bibelsk og apologetisk stoff på norsk.

Olof Edsinger

Krigene i Det gamle testamentet

Lunde forlag 2017

Hft. 183 sider

(Bokanmeldelsen har tidligere stått på trykk i Dagen)