Leuenberg-konkordien

22.01.2005
Nomen Nescio
(Ressurser)

FBB-RESSURS:


Leuenberg-konkordien

Omsetjing og innleiing for Dagen av Odd Sverre Hove.


Innledning

Leuenberg-konkordien er resultat av tingingar mellom lutherske og reformerte kyrkje-delegatar på 1960- og 1970-talet. Konkordien vart vedteken i Leuenberg i Sveits i september 1971. Håkon Haus og Andreas Aarflot var norske observatørar på dette møtet. Dei tok ikkje del i avrøystinga. I november i år skal Kyrkjemøtet dryfta ei mogeleg norsk underskrift under det 28 år gamle dokumentet. Både Kyrkjerådet og Bispemøtet tilrår underskrift. Offisielt ber dokumentet denne tittelen: "Konkordie for reformatoriske kyrkjer i Europa". "Konkordie" kan omsetjast med "semje-fråsegn". Omsetjinga nedanfor byggjer på den tyske originalteksten som står prenta i TTK nr. 2/1972. Omsetjinga har tidlegare stått på trykk i Dagen den 30.09. og 02.10.1972.

Kyrkjene som sluttar seg til denne konkordien er lutherske, reformerte, "unerte", "valdensiske", samt "bømiske brør". Dei "unerte" kyrkjene er gått fram av lutherske og reformerte kyrkjer. "Valdensarane" og "dei bømiske brørne" er før-reformatoriske kyrkjer som er nært skylde med reformasjonskyrkjene. Desse kyrkjene konstaterer saman - på grunnlag av læresamtalar - at dei har sams forståing av evangeliet. Dermed er kyrkjeleg einskap mogeleg mellom dei.

Når dei konstaterer dette, byggjer dei synet sitt på kva kyrkje-einskap er, på reformatoriske kriterier. Desse kriteriene segjer at det er naudsynt, men ogso fullnøyande, for sann einskap i kyrkja at ein har semje når det gjeld "den rette evangeliets lære" og "den rette forvalting av sakramenta". For kyrkja er åleine grunna på Jesus Kristus. Han samlar og sender henne, idet han kjem til henne (durch seine Zuwendung) i forkynninga og sakramenta.


TEKSTEN:

I. Vegen til einskap

Dei reformatoriske fedrane såg seg for skuld trua si og samvitet sitt ikkje i stand til å skipa kyrkje-einskap seg imellom. Dette skjedde trass i mange sams aspekt. For dei sto andsynes vesentlege skilnader i teologisk tenkjemåte og kyrkjeleg handlemåte. Med denne konkordien erkjenner kyrkjene som sluttar seg til henne, at tilhøvet mellom dei har endra seg sidan reformasjonen.

1. Aspekt som var sams då reformasjonen braut fram

På historisk fråstand vert det i dag lettare å sjå kva som var sams mellom reformasjonskyrkjene. Trass i alle motsetningar når det gjeld den grunnleggjande utforminga av vitnemåla deira, er dette felles: Dei gjekk ut frå ei ny og frigjerande oppleving av evangeliet. Denne opplevinga skapte trus-visse. Dei gjekk inn for den evangeliske sanninga slik dei hadde funne henne. Derved kom dei på eins vis til å gå imot dei kyrkjelege overleveringane på den tida. Difor er vedkjenninga deira samstemmande: Liv og lære skal målast på det opphavelege og reine vitnemålet frå evangeliet i Den heilage Skrifta. Samstemmande har dei vitna om den frie og vilkårslause Guds nåde - i livet, dauden og oppstoda til Jesus Kristus - til kvar den som trur på denne lovnaden. Samstemmande er vedkjenninga deira om at kyrkjas haldning, og skipnaden hennar, må fastsetjast åleine ut frå oppdraget. Oppdraget er å bera dette vitnemålet ut i verda. Samstemmande er ogso vitnemålet deira om at Herrens ord stendig skal ha rang over dei menneskelege skipnadene i den kristne kyrkjelyden. Derved har dei i einskap med dei kristne over heile verda teke opp den vedkjenninga som dei gamalkyrkjelege symbola gjev uttrykk for: Gud er tre og ein. Jesus Kristus er Gud og mann. Dei vedkjenner dette på nytt.

2. Føresetnader som er endra i den kyrkjelege stoda idag

Det er gått fire hundre år sidan reformasjonen. I denne tida har reformasjonskyrkjene særleg vore usamde om spursmåla frå nyare tid, om den historisk-kritiske skriftforskinga og om dei kyrkjelege fornyingsrørslene. Desse faktorane førde kyrkjene fram til nye og meir likearta tenkjemåtar og livsformer. Utviklinga vart styrkt avdi kyrkjene fekk det same oppgjøret med utfordringane i ny-tida. Desse utfordringane førde ogso til nye motsetnader på tvers av konfesjonane. Tenkjemåtane frå det 16. og 17. århundret var åleine ikkje i stand til å halda kontrollen med dei åndelege og samfunnsmessige utfordringane i ny-tida. Dette førde til at kyrkjene freista aktualisera det bibelske vitnemålet saman med dei reformatoriske vedkjenningane på nytt vis for samtida. Dette er framfor alt skjedd frå vekkjings-rørslenes tid av, i det 19. århundret. På denne vegen har kyrkjene lært at dei må skilja mellom det grunnleggjande vitnemålet i dei reformatoriske vedkjenningane og dei historisk skiftande tenkjemåtane. Vitnemålet må takast opp i ny skapnad med tanke på utfordringane fra no-tida. Vedkjenningane stengjer ikkje vegen for ei forpliktande og vidaregåande vedkjenning om at evangeliet er Guds levande ord i Jesus Kristus. Avdi - og so langt som - dei reformatoriske vedkjenningane ber vitnemål om dette, opnar dei tvert imot ein slik veg. Og dei oppmodar oss om å gå han fritt i tru.

II. Den samstemte forståinga av evangeliet:

I dette avsnittet skriv kyrkjene som signerer dette dokumentet, om korleis dei saman forstår evangeliet:

1. Rettferdiggjeringa som bodskapen om Guds frie nåde

Evangeliet er frelsesbodskapen frå Jesus Kristus.

  1. Rett forståing av dette har dei reformatoriske fedrene gjeve i lærepunktet om rettferdiggjeringa.

  2. I denne bodskapen vert det vitna og sagt:

  3. - at Jesus Kristus er vorten menneske; gjennom han har Gud sameint seg med menneska.

    - at Jesus Kristus vart krossfest og sto opp att; han tok på seg Guds dom og openberra med det Guds kjærleik til syndaren.

    - at Jesus Kristus kjem att og opnar framtida for verda.

  4. Gud kallar ved ordet sitt i Den Heilage Ande alle menneske til omvending og tru. Han tilsegjer den syndaren som trur, si rettferd i Jesus Kristus. Den som set si lit til evangeliet, vert for Kristi skuld kjent rettvis framfor Gud og blir fri til å tena. Han lever i dagleg omvending og oppattnying saman med Guds kyrkjelyd i teneste for andre. Han veit at Gud vil fullenda herreveldet sitt. Slik skaper Gud nytt liv. Midt i verda set han byrjinga til ei ny manne-ætt.

  5. Denne bodskapen gjer dei kristne frie til å gjera ansvarleg teneste i verda. Dei skal gå inn for rettferd på jorda og fred mellom menneska og folkeslaga. Dette krev av dei at dei saman med andre menneske søkjer etter fornuftige og saklege kriterier - og at dei arbeider aktivt på å nytta dei. Dette gjer dei i tillit til at Gud vil halda verda oppe. Og dei står til ansvar for det når Gud held dom.

  6. Med denne evangelieforståinga har vi teke opp følgjande to hovudsaker: (1) Jesus Kristus er den einaste som gjev frelse (ausschliesliche Heilsmittlerschaft). Dette er sentrum i Skrifta. (2) Rettferdiggjeringa er bodskapen om Guds frie nåde. Dette er målestokken for all forkynning i kyrkja. Desse to momenta er sams overtyding i dei reformatoriske vedkjenningane.

2. Forkynning, dåp og nattverd

Det er ordet frå apostlar og profetar i dei heilage skriftene i det gamle og nye testamentet som på grunnleggjande vis ber vitnemål til oss om evangeliet. Kyrkja har til oppgåve å bera vitnemålet om evangeliet vidare, både ved munnleg ord i forkynninga, ved tilsegjinga til den einskilde - og ogso gjennom dåpen og nattverden. Jesus Kristus kjem i Den Heilage Anden til staden der det vert forkynt, døypt eller halde nattverd. Slik får menneska del i rettferdiggjeringa i Kristus. Og slik samlar Herren kyrkjelyden sin.

a. Dåpen

Jesus Kristus gjev oss i dåpen ved ordet sitt tilgjeving for syndene og evig liv. Gjennom sin Heilage Ande nyar han oss opp att og kallar oss inn i kyrkjelyden sin. Gud kallar oss dagleg ut av det gamle livet - inn i Kristi etterfylgjing.

b. Nattverden

I nattverden gjev Jesus Kristus, den oppstadne, seg i lekamen sin og i blodet sitt. Lekamen hans og blodet hans vart gjevne for alle då han døydde. I nattverden gjev han det gjennom (durch) lovnadsordet sitt med brød og vin (mit Brot und Wein). Med det sikrar han oss syndstilgjeving og frir oss ut til eit nytt liv av tru. Han let oss på nytt røyna at vi er lemer på lekamen hans. Og han styrkjer oss til teneste for menneska.

Når vi feirar nattverden, forkynner vi Kristi død. Gjennom døden hans har Gud forsont verda med seg sjølv. Vi ber vitnemål om at den oppstadne Herren er nærverande mellom oss. Vi gler oss over at Herren er komen til oss. Og vi ventar på hans herlege framtid (Zukunft in Herrlickheit).

III. Det vi er vortne samde om når det gjeld lærefordømingane frå reformasjonstida.

Usemje på reformasjonstida gjorde kyrkjeeinskap mellom lutherske og reformerte kyrkjer umogleg. Det førte til gjensidige forkastningar og fordømingar. Denne usemja handla om nattverdlæra, læra om Kristus (kristologi) og læra om utveljinga (predestinasjonen). Vi tek alvorleg dei avgjerder fedrane fatta. Men i dag kan vi segja fylgjande med semje:

1. Nattverd:

I nattverden gjev Jesus Kristus, den oppstadne, seg i lekamen sin og blodet sitt. Lekamen og blodet hans vart gjevne for alle då han døydde. I nattverden gjev han det gjennom lovnadsordet sitt med (mit) brød og vin. Slik gjev han seg sjølv atterhaldslaust til alle som tek imot brødet og vinen. Dei truande har frelse ved det. Andre har dom.

Einskapen med Jesus Krist i lekamen og blodet hans kan vi ikkje skilja frå den handling (Akt) å eta og drikka. Dersom ein er interessert i den måten Kristus er nærværande i nattverden på, må ein ikkje sjå bort frå denne handlinga. For då står ein i fåre for å fordunkla meininga med med nattverdshandlinga. (Ein Interesse an der Art der Gegenwart Christi im Abendmahl, das von dieser Handlung absieht, ist in Gefahr, den Sinn der Abendmahlshandlung zu verdunkeln.)

Der det rår slik semje som dette, finst det ikkje grunnlag for dei tidlegare forkastingane som hadde med nattverd-læra å gjera.

2. Kristologi

Jesus Kristus var sant menneske. I dette sanne mennesket har Gud sjølv gjeve seg til frelse inn i den fortapte manneætta. I lovnadsord og sakrament gjer han Jesus nærverande for oss som den krossfeste og oppstandne.

I trua på at Gud slik har gjeve seg sjølv i sonen sin, finn vi at vi står saman om ei sentral oppgåve. Vi står saman om den oppgåva å gjera reformert og luthersk tradisjon gjeldande på nytt, etter at tradisjonelle tenkjemåtar er komne til kort. Reformert tradisjon er interessert i at Jesu guddom og Jesu manndom ikkje vert skilt frå kvarandre. Luthersk tradisjon er interessert i Jesu fulle personeinskap.

Difor kan vi ikkje i dag lenger halda fram med dei tidlegare fordømingane.

3. Predestinasjon

I evangeliet vert det lova at Gud utan vilkår vil taka imot det syndige mennesket. Den som trur på dette, har lov til å vera viss på frelsa og til å lovprisa Gud for utveljinga. Difor kan ein berre tala om utveljing når ein rettar blikket mot kallet til frelse i Kristus.

Trua gjer rett nok den røynsla at frelsesbodskapen ikkje vert teken imot av alle. Likevel tek ho seg i akt for det som er løyndom i Guds handlemåte. (Der Glaube (...) achtet jedoch das Geheimnis von Gottes Wirken). Ho ber dertil vitnemål om ålvoret ved både dei menneskelege valavgjerdene og den realiteten at Gud vil universell frelse. Kristus-vitnemålet i Skrifta åtvarer oss mot å gå ut frå at Gud i sitt evige råd definitivt forkastar visse personar eller særskilte folkeslag.

Der det finst semje om dette, finst det ikkje lenger grunnlag for dei tidlegare forkastingane når det gjeld predestinasjons-læra.

4. Konsekvensar

Når vi slår fast dette, inneber ikkje det at vi kallar forkastingsdomane som fedrane sette fram, sakeslause. Men dei treffer ikkje lenger læra til partane. Difor er dei inga hindring for kyrkjeeinskapen vår.

5. Ulike levemåtar i kyrkja

I kyrkjelydane våre er det mykje som er ulikt. Det ser vi når vi fester blikket på gudstenesteordninga, formene på livet med Gud og dei kyrkjelege ordningane. Kyrkjelydane kjenner ofte sterkare på ulikskapar av denne typen enn på ulikskapane i lære. Men Det nye testamentet, saman med dei reformatoriske kriteriene på kyrkjeeinskap, lærer oss at vi ikkje skal lata faktorar som desse splitta kyrkja.

IV. Korleis kyrkje-einskapen skal skipast og verta røyndom

Det var i det 16. århundret vedkjenningsskilnadene mellom kyrkjene vart til. Dei har vart ved til i dag. Med den kyrkjeeinskapen vi no skipar, vert denne splittinga oppheva. Vidare vert einskapen om Ord og Sakrament verja. Dessutan freistar ein å nå fram til størst mogeleg semje i vitnemålet og i tenesta andsynes verda.

1. Korleis kyrkje-einskapen skal skipast

Vi har lenger framme konstatert mellomkyrkjeleg semje. Men kyrkjene er framleis bundne av dei vedkjenningane som er forpliktande for dei, eller dei er tilviste til tradisjonane sine. På grunnlag av semja som er konstatert, erklærer kyrkjene:

  1. Kyrkjene som signerer dette dokumentet er samde i forståinga av evangeliet, slik dette har funne uttrykk i avsnitt II.

  2. Lære-fordømningane, som vert hevda i vedkjenningsskriftene, treffer ikkje lenger lærestoda i desse kyrkjene i dag. Dei skilnader i lære, ordning og livsform som ligg føre, har ikkje kyrkjesplittande tyding.

  3. Kyrkjene som signerer dette dokumentet, vedkjenner seg kvarandre som Jesu Kristi kyrkje. Dei innrømer kvarandre preikestol- og nattverdfellesskap. Dette inneber ogso gjensidig anerkjenning av ordinasjonen, og høve til sams feiring av nattverden (Intercelebrasjon).

Med denne fråsegna vert kyrkjeeinskapen skipa.

Korleis kyrkje-einskapen skal verta røyndom

Kyrkje-einskapen kan verta røyndom for livet i kyrkjene og kyrkjelydane dersom ein krev av dei at dei orienterer vitnemålet og tenesta i sams retning. Dei må ogso arbeida på å styrkja og djupa ut den einskapen dei har vunne fram til.

a. Vitnemål og teneste

Evangeliet om Jesus Kristus vert meir truverdig i verda dersom kyrkjene ber eintydig vitnemål om det. Evangeliet gjer kyrkja fri og knyter henne saman til sams teneste.Tenesta gjeld mennesket med dets naud og tek sikte på å fjerna årsakene til nauda.

Arbeidet for rettferd og fred i verda krev stendig sterkare av kyrkjene at dei tek opp eit sams ansvar.

b. Vidare teologisk arbeid

Konkordien er ei mellom-kyrkjeleg semje-fråsegn. Han let dei vedkjenningane som gjeld og er forpliktande i kyrkjene, vara ved.

Semja som ein har vunne fram til i det sentrale, forpliktar kyrkjene til å gå inn i kontinuerlege læresamtalar.

Kyrkjeeinskapen byggjer på semje når det gjeld forståinga av evangeliet.

Denne semja må djupast meir ut, etterprøvast og stendig aktualiserast.

Dertil er det ei oppgåve å arbeida med og samtale om læreskilnader som ikkje splittar signaturkyrkjene frå kvarandre. (Dette gjeld spursmål som til dømes hermenevtisk skriftforståing, vedkjenning og kyrkje, lov og evangelum, dåpspraksis, embete og ordinasjon, kyrkje og samfunn, to-rike-læra og læra om Guds kongeherredøme). Kyrkjene må ogso ta opp nye problem som dukkar opp.

På grunnlag av den arven dei reformatoriske kyrkjene står saman om, må dei halda oppgjer med dei tendensane til teologisk poliarisering som gjer seg gjeldande i dag. Dei problema som heng saman med dette, når djupare enn dei læreskildnadane som ein gong gav grunnlag for brotet mellom lutheranarne og dei reformerte.

Det blir oppgåva til det sams teologiske arbeidet å avgrensa evangeliets sanning frå forvrengningar.

c. Organisatoriske konsekvensar

Ein føregrip ikkje kyrkjerettslege nyordningar av einskildespursmål mellom og innan kyrkjene med denne konkordien. Men når kyrkjene nyordnar slike spursmål, vil dei likevel ta omsyn til konkordien. Fråsegna om gjensidig preikestol- og nattverd-einskap og om den gjensidige anerkjenninga av ordinasjonen, gjeld til vanleg ikkje dei vedtaka som finst i kyrkjene om tilsetjingar i presteembetet og om retten til å utøva teneste av same art som presteembetet.

Spursmålet om å slutta einskuld signaturkyrkjer organisatorisk saman, kan berre avgjerast ut frå situasjonen slike kyrkjer lever i. Når ein dryfter dette spursmålet, bør ein taka omsyn til desse synspunkta.

Dersom ein innskrenker det levande mangfaldet i forkynninga, gudstenesteordninga, kyrkjeordninga og diakonal og samfunnsmessig verksemd, - vil ein skapa ein konformitet som strider mot arten av den kyrkjeeinskapen som med denne fråsegna er skipa. På den andre sida kan tenesta til kyrkja likevel i visse høve gjera det nærliggjande å slutta kyrkjer saman rettsleg - av omsyn til den saklege samanhengen mellom vitnemål og ordning. Dersom fråsegna får organisatoriske konsekvensar, må desse ikkje få negative verknader for minoritetskyrkjer. Ein må respektera fridomen til sjølvstendig å taka avgjerder.

Økumenisk aspekt

Når dei reformatoriske kyrkjene skipar kyrkjeeinskap seg imellom, gjer dei det ut frå plikta til å tena einskapen i Jesu Kristi kyrkje. Dei ser på slik einskap på europeisk mark som eit bidrag til å nå dette målet.

Sidan splittinga mellom signaturkyrkjene no er overvunnen, reknar dei med at dette vil verka inn på dei kyrkjene i Europa, og på andre kontinent, som er nært skylde med dei. Dei er budde på å gå saman med slike kyrkjer når det gjeld å tenkja over tilhøva for ein eventuell vidare kyrkjeeinskap.

Dette vonar ein ogso skal koma til å gjelda tilhøvet mellom Det lutherske verdsforbundet og Det reformerte verdsforbundet.

Likeeins vonar ein at kyrkjeeinskapen som er skipa mellom dei, vil gjeva ein ny impuls når det gjeld møtet med og samarbeidet med andre kyrkjer.