Liturgi og vekking

22.01.2005
(Ressurser)

FBB-RESSURS:

Fra heftet "Liturgi och väkkelse", et hyrdebrev av Bo Giertz.


LITURGI OG VEKKING

LITURGI OG VEKKING I KYRKJA SI SOGE


Både liturgien og vekkinga fanst i den apostoliske kyrkja. Allereie ved den første pinsen vert dei nemnde. "Då dei høyrde dette stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: Kva skal vi gjere, brør". Det er vekking. "Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen - - - Og Peter og Johannes gjekk opp til templet, til den bena som vert beden den niande timen". Det er liturgi.

Båe har dei følgt kyrkja gjennom heile hennar historie. Visst ter dei seg forskjellig. Vekkinga er som blakrande eld over glohaugen. Brått logar han opp, spreier seg, stig mot himmelen og synest så igjen å vere borte. Samanhengen med oldkyrkja synest vere avbroten av mørke intervall. Og likevel finst samanhengen der, for Anden er ein og den same, Han som ga hjarta ein styng på pinsedagen. Og Ordet, som tender den løyndomsfulle logen, er dei same kraftige orda som ein gong gjekk over apostellippene.

Tydlegare er liturgiens samanheng med den apostoliske tidsalderen. Som ein ubroten straum har han flote fram gjennom tidene. Sine første kjelder har han alt i synagoga. Det er ikkje berre einstavingsord som sidan uavbrote har vore nytta - Amen, Halleluja. Nei, heile oppbygginga av høgmessa vår viser tydleg slektskap med den gudstenesta som Jesus feira som gut i synagoga i Nasaret, og der han som vaksen steig fram for å legge ut skriftene.

Attåt den gamle synagogegudstenesta har den apostoliske kyrkja lagt til den nyskapinga som ho fekk av Frelsaren sjølv, og som er kjernepunktet i all liturgi: den heilage nattverden. Slik som den enno i dag vert feira med vekselsong, prefasjon ("Vi lyfter våre hjarte") og sanktus ("Heilag, heilag, heilag"), er den i det vesentlege eit verk av dei første hundreåra.

Liturgiens djupaste betydning ligg i det at den er ei form som Anden sjølv har skapt for å bevare og fordjupe det livet som den same heilage Ande har vekt i si kyrkje.

Vekking er den eldsloge som flammar opp i døde sjeler. Elden brenn i brystet, syndaren kjenner ein styng i samvetet. Uroleg og gripen på same tid spør han: Kva skal eg gjere? Og Anden svarer med å opplyse om syndas alvor og Kristi grenselause nåde.

Liturgien er eit verk av den same Ande for å bevare den logen som er blitt tend. Den er middelet til å innleme den vakte i kyrkjefellesskapen. Det er ei form for vandnnga i lyset, ein veg som leier fram gjennom åra der sjela stadig på nytt vert kalla til å bli eitt med det kongelege presteskapet som gjer si tempelteneste for Guds alter med bøn og lovsongar, med nattverdfeiring og i andaktsfull lying til sin Herres ord.

 

LITURGI OG VEKKING - SOM ELD OG VATN?

Liturgi og vekking har ofte kome til å stå i motsetning til kvarandre. Det er ikkje slik i urkyrkja, og bør ikkje vere slik i dag heller. Dei er båe verket av den same Ande, deler av den same arven. Dei har båe rett til å finnast der, og båe har rett til å finne si form etter sin eigenart. Vekking og liturgi talar delvis ulike språk, og må gjere det. Det forkynte Ordet er reiskapen åt vekking, eit ord med profetisk mynde, mektig til å bryte hjartas harde steingrunn og samstundes lokkande og med heile evangeliets varme. Vekkinga talar ofte kvardagsspråket. Gud søkjer det fortapte og bortkomne. Den talar til tidas bom på tidas språk om ting som dei foraktar men treng å høyre.

Det er heilt annleis med liturgien. Hans reiskap er også Ordet, men han øyser frå dei djupaste kjeldene i Ordet. Liturgien "talar visdom blant dei som er fullmogne". Den utnyttar heile rikdommen i Skrifta, alle dei innhaldsmetta symbola, og dei løynde forbilda på Kristus i Det gamle testamentet. Den tek fram bønene i Salmane og ber dei på nytt, den lyttar til profetiane og let ein bli still for dei djupaste løyndommar i evangeliet. Den elskar nett det som berre langsomt opnar seg og som stadig gjev tanken noko nytt å grunde på. Just fordi liturgien stadig vender attende til dei same heilage formlane, vågar den å utnytte Skriftas løynde visdom. Difor elskar den også musikk, som bak det som kan synest enkelt, gøymer botnlause djup av audmjuk tilbeding og aning av lukke. Den elskar å lyfte sitt hjarte til Gud i den inntrengjande tonen i Kyrie, eller den andaktsfulle jubelen i prefasjonen. I alt dette er den mykje ulik vekkinga. Vekkinga er profetisk, liturgien er presteleg. Vekkinga er lynet frå himmelen som tender ny eld. Liturgien er Herrens loge, som alt brenn mellom oss og opplyser og varmar dei truande.

Det gjeld no at vi gjev både vekkinga og liturgien deira rettkomne, urkristne plass i kyrkjelydslivet. Vekkinga treng vi alltid, ikkje berre fordi kyrkja alltid må vere misjonerande og strekke seg etter dei som står utanfor, men også fordi det alltid trengs vekking hjå kyrkjas mest trufaste medlem. For kyrkja rommer like mange gamle menneske som ho har medlemer. Kvar gamle Adam har like lett for å lumre inn, å gjere det kristne livet til død rutine, å utnytte liturgiens former til å fordjupe seg i sjølvtryggleik og ubotferdigheit.

Den heilage Ande må alltid få vekkje opp dei sømnige sjelene, kvervle opp slammet, stille den gamle Adam opp mot veggen og blåse nytt liv i dei døde beina. Vekkinga vert aldri til overs så lenge lekamen hyser oss.

Like naudsynt er liturgien. Det kan ikkje finnast eit normalt forsamlingsliv utan liturgi. Sakramenta treng ei form, gudstenesta må forvaltast på ein viss måte. Korte stunder kan det gå an å leve på improvisasjonar og former som stadig skifter. Ein kan be færre frie bøner og skape eit nytt ritual for kvar samankomst. Men snart er ikkje muligheitene fleire. Ein må gjenta seg sjølv, og så er ritualdanninga i full gang. I kretsar der ein freister leve utan noko form vert det alltid danna eit nytt formvesen. Ein får sine yndlingssongar som regelmessig kjem att, visse vendingar i bønene vert ståande uttrykk, og ein får faste årvisse tradisjonar med faste "høgtider". Og det er nok ikkje urettvist å seie at dei nye formene som veks fram på denne måten vert mindre å stole på og meir verdslege enn den gamle liturgien. Den innheld mindre av Guds Ord, dei ber og talar ikkje med Skriftas vendingar, dei er ikkje like opptekne med å hente fram heile Skriftas innhald, men nøyer seg med eitt og anna som tykkjest særleg slåande eller populært. Den nye liturgien som slik veks fram er tørrare, mindre bibelsk og mindre nærande for sjela enn den gamle ein hadde før.

Vekking og liturgi har altså begge sin faste plass i kyrkja. Det hindrar ikkje at liturgien kan opptre som fiende for vekkinga, liksom vekking kan vere motstandar av liturgi. Her finst ei spenning som ikkje minst i vår kyrkje har gjort seg gjeldande på ein pinefull måte.

 

VEKKING SOM FIENDE FOR LITURGIEN

Vekkinga kan faktisk opptre som den aller farlegaste fienden for liturgien. Liturgien har og mange andre fiendar, først og fremst den dorske passiviteten, som vil nyte eller lytte seg igjennom ei gudsteneste utan å ta del i den. Ei fullsett kyrkje er ikkje det same som ei forsamling. Der hendene ikkje lengre vert falda, der hovuda ikkje vert bøygde i bøn og der ikkje lengre røystene - anten dei no er grumsne eller klåre - fell inn i salmesongen, der held ein ikkje lengre verkeleg gudsteneste. Liturgi er alltid aktivitet. Den sløve, døde passiviteten er alltid fienden hans.

Og likevel kan vekkinga vere ein endå dårlegare fiende. Verdslegheita bruker i det minste vete at ho ikkje er åndelegare enn liturgien. Men den liturgifiendtlege vekkinga gjev seg nett ut for å vere den tilbedinga i ande og sanning som Faderen vil ha. Den dømer og foraktar liturgien. No og då kan dette vere rettkomen kritikk i profetisk ande. Om presten rensar neglene sine under salmesongen og steller med namnelappar for dåpsborna under kyrkjebøna, då er det fullt ut rett å tale om døde gjerningar, som ein må omvende seg frå til ei rett teneste framfor den einaste sanne Gud.

Det finst død liturgi - ellar rettare sagt døde hjarte, som let alle skattar frå gudstenesta gå seg forbi, eller som forstår seg på å ta vare på stemninga, men handfritt bøyer av for alt som kunne føre til omvending.

Vekkinga handlar altså urett om ho dømer liturgien. Det ligg ofte ein god porsjon eigenrettferd og sjølvkjærleik i den domen. Den gamle Adam er ein meisterleg konjunkturpolitikar. Han kjem alltid ned på føtene. Vert eit menneske skikkeleg vekt, drygjer det ikkje lenge før den gamle Adam freistar utnytte den nye situasjonen. Sjølvsagt må det gjerast med fromme fakter og under stadig forsikring om at dette er til Guds ære. Endå under slik forsikring kan det gamle menneske på nytt opprette sitt regimente. Resonementet er svært enkelt: sidan ein sjølv er vorten vakt på den eller den måten, så må det vere den einaste rette. Dei "einaste rette" legg til den gamle Adam heilt umerkeleg.

Dette er no den grovaste forma. Ved sida av finst det ein annan uvilje overfor liturgien som er menneskeleg forståeleg, sjølv om den ikkje er rettkomen. Det finst menneske som har vanskar med å finne seg til rette i dei liturgiske formene. All liturgi krev sjølvovervinning. Enkeltmenneska skal bli ein del av ei tilbedande forsamling. Ein må gå så mykje opp i fellesskapen med dei andre at ein kan be same orda som dei, følje same rytmen i gudstenesta med syndsvedkjenning og lovsong, kjenne same glede og same botferdigheit som dei andre. Dette skal kvar kristen kunne gjere. Han er ein lem på Kristi kropp. Han lever ikkje for seg sjølv, men som ein del av ein organisme. Den som ikkje vil innordne seg i eit slikt fellesskap, er ingen kristen, for ein kan ikkje vere kristen på eiga hand. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett i kyrkjebenken og ved nattverdbordet så pass mykje at han kan be og synge, gle seg og ve seg saman med han, han skal ikkje innbille seg at han kan elske den Gud som han ikkje har sett, eller at han kan tilbe Han i ande og sanning i lønnkammeret sitt. Og likevel er det underleg at det finst andaktsformer som feil naturleg for somme menneske slik at dei nesten utan vidare finn seg til rette i den, medan andre har uendeleg vanskeleg for å få noko ut av dei. Difor må kyrkja vere storhjarta og rik. Ho må kunne gje borna sine det som dei treng mest og best kan ta imot, når ho verkeleg gjev dei Guds Ord og samfunn med Gud. Like sjølvsagt må ho ha ei felles gudsteneste for alle, ein plass der alle kan samlast. Den plassen er høgmessa. Her har ein rett til å krevja at alle skal vere med. Kvar og ein skal kunne tilpasse seg så langt at han går inn i denne fellesskapen som ein bedande og tenande lem, som ikkje berre forlangar å få noko, men som først og fremst kjem for å gje sitt bidrag til den felles andakten. Går ein i vekkingas namn til storm mot sjølve høgmessa, då gjer ein overgrep mot den kristne fellesskapen. Det er ofte i fridommens namn ein gjer dette. Den fridommen ein då ønskjer, betyr likevel ufridom for det store fleirtalet. Det inneber at ein let visse særinteresser prege det som skulle vere ein felleseigedom for alle. Ein vil tiltvinge seg retten til å feire gudsteneste etter eit eige hovud. Får ein ikkje det, trivast ein ikkje saman med dei andre og bryt kanskje fellesskapen. Det er i dette det ukristelege ligg, og det er her kvar kyrkjeleg rørsle må prøve seg sjølv. Vil vekkinga ikkje leve med i den liturgien som finst i høgmessa, då har ho sett seg sjølv utafor kyrkjefellesskapen og kan ikkje lengre verte rekna som ei livsrørsle i kyrkja.

Ved sida av høgmessa må det derimot finnast fridom. Ein kan ikkje einsrette heile kyrkjas tilbeding og oppbygging. Det må finnast full fridom for dei andaktsformene som verkeleg tener oppbygginga, om det no er vekkingspreiker, husmøter, tidebøner eller noko anna. Ein skal berre forlange av seg sjølv og av andre at dei gudstenesteformene som ein trivst så umåteleg godt med, ikkje får erstatte eller sprengje den store fellesskapen i høgmessa.

 

LITURGI SOM HOVUDFIENDE FOR VEKKINGA

Om liturgien no og då kan klage på uforståing frå vekkinga si side, så kan nok også vekkinga ha grunn til å seie at den mange gonger ikkje blir akseptert, eller kanskje ikkje ein gong respektert frå visse liturgivener. Det er difor grunn til å seie eit ord om liturgien som vekkingas verste fiende.

Det er svært karakteristisk for den falske liturgien at den ikkje synest om det profetiske Ordet, det som slår ned som lynet og ikkje respekterer nokon from speleregel. Det falske liturgien vil helst klippe vengene av Ordet. Det gjer gjerne preika til eit stykke liturgi, inneramma av liturgiske formlar og salmevers, framførd med dydig varsemd på eit språk som har late all konkretisering fare saman med all anstøyteleg aktualitet.

Liturgi utan vekking er kanskje det fårlegaste av alle kyrkjeprogram. Det går an å kvikke opp gudstenesta, å skaffe messeklede og kyrkjekor, ordne med velbesøkte kveldssongar, og til og med få ei viss auke i talet på nattverdgjestar utan at noko menneske i grunnen har spurt seg sjølv:

Korleis skal eg syndige menneske kunne bli frelst? Då vi no alle av naturen er overtydde farisearar og alle er like soleklårt visse på å kunne bli salig gjennom våre eigne gjemingar, betyr ei liturgisk fornying utan tilsvarande samvetsvekking inkje anna enn at eit visst ta! fromme menneske har byrkja gjere eit visst tal fromme øvingar i den tru at dei no gjev betryggande innbetalingar på den himmelske sparekontoen.

Vekkinga treng liturgien. Ei vekking som skal vare, må oppdrage til eit andaktsliv som tåler slitasje i lange år og som ein gong kan gå i arv til bom og borneborn. Ei sunn vekking skal difor vere innretta på å leie menneske inn i gudstenesta og nattverdslivet, lære dei å feire høgmesse på rett måte og forstå å nytte bøkene i kyrkja rett.

 

I HIMMELEN PÅ JORDA

Vekkinga kan tene liturgien. Der menneske vert vekte, vert det nytt liv i dei gamle andaktsformene. Det vert nytt alvor i syndsvedkjenning og ny kraft og glede i lovsongen. Gama! vakker vane vert meir enn vane. Den vert uttrykk for nyfødd liv, det same livet som ein gong skapte sæden og som no fyller den med nytt hjartelag og ny varme.

Vekkinga skal ein gong ta slutt. Den høyrer til i den verda der menneske enno søv syndesømnen. Når Kristus har vakt opp sine til den siste store dagen, då trengst aldri noko vekking meir. Den kjem til å vere like utenkjeleg som sjukehus og barnevernsnemnder. Men liturgien skal vare. Det Skrifta seier oss om det useiande som då tek til, det gjev oss biletet av ein himmelsk liturgi, ei heilag teneste for Guds trune, med lovsongar mektige som brusen av store vatn, med gylne skåler fulle av røykelse, og med tallause skarer som fell ned og tilbed framfor Herren, som er kongars konge og herrars herre. Liturgien i kyrkja er byrjinga på den evige lovsongen, eit jordisk uttrykk for det som er innhaldet i æva og heile grunntonen i tilværet: Takkseiinga framfor alle tings Skapar og Fader, som aldri skal ta slutt. Alt no i sin jordiske fattigdom rommer liturgien noko av den himmelske herlegdomen, den sæle aning av det Useielege sitt nærvær, og den store lukke å få ofre alt og bli eitt med Kristus.

 

(Artikkelen er ei forkorting av heftet "Liturgi och väckelse", eit skrift som er ei omarbeiding av eit av hyrdebreva frå biskop Bo Giertz.)

Omsetjing: Ingebrigt Huse Austnes