Lysninger

22.06.2021
Rolf Kjøde
Bokomtale Teologi Klima Klimakrise Skaperverk Skaperordning Skapelsesteologi Håp

Bokanmeldelse

Sindre Skeie (2021), Lysninger, Vårt Land forlag, 200 sider, innbundet

Sindre Skeie (2021), Lysninger, Vårt Land forlag, 200 sider, innbundet 

Boktittelen tenner desperat lyset, men den gjennomgåande kjensla i boka til teolog, prest og forfattar Sindre Skeie er smerte og sorg. Han kallar det klimasorg. Den er ikkje vanskeleg å identifisere seg med. Saman med forfattaren kjenner eg på fortvilinga over at så mange – også kristne – viser lite engasjement for måten vi forvaltar livsgrunnlaget på i skaparverket.

Korleis kan vi stå ansvarleg overfor generasjonar etter oss? Det er ei hovudsak hos forfattaren. Korleis tenker vi å stå ansvarleg overfor Gud? Der startar teologen sterkt, men eg er meir usikker på om han fører oss skikkeleg tilbake til det. 

Boka har tre delar, der den første følgjer rytmen til skapinga sine sju dagar, den andre knyter tankar til nokre bibelske vers og avsnitt og den siste viser til ulike plassar i det livsrommet der vi brukar dagane våre.

Om refleksjonane knytt til desse dagane, tekstene og stadane eigentleg er veldig ulike kvarandre, kan diskuterast. Dag, tekst og stad fungerer mest som litterære utgangspunkt og referansar for den bodskapen av smerte som ligg på forfattaren sitt hjarte. Og det skal han ha; han har sett seg godt inn i det stoffet som han deler med oss. Er vi villege til å la oss utfordre? 

I alle tre delane vekslar han heile tida mellom relativt korte samtidsrefleksjonar og avsnitt som løftar oss ut i ei større rammefortelling. Fortellinga plasserer oss nokre tiår fram, der forfattarens godt vaksne barnebarn finn ei bok som bestefar har skrive frå den tida då barnebarnet var liten gut og dei fekk vere saman. Dette litterære grepet fungerer godt.

Boka er i det heile eit godt litterært produkt. Innimellom gir Skeie oss sine eigne dikt, nøye tilpassa den tekstsamanhengen som dei er sett inn i. Det første, «Ennå blir natt til morgen», er ei lita perle.

Lysninger har trekk av ein dystopi, ein mørk framtidsvisjon. Det kan vere tenleg når vi treng å vekkast opp. Ulikt til dømes Orwells totalt mørke utgang i 1948 tenner Skeie eit lys når boka sluttar – og gjennom barnebarnets livsglede. Likevel saknar eg at han gjer seg skikkeleg bruk av trua og teologien både til å tolke det som skjer og til å motivere for å aksjonere rettferdig (slik biskopane Utnem og Bondevik i si tid motiverte oss til).

I møte med desse svære utfordringane må vi arbeide fram gode kristne svar, der vi både teiknar eit tydeleg bilde av Gud som Herre over skaparverk og nyskaping og tar det radikale forvaltaransvaret på alvor. Her hjelper Skeie oss mindre. Blir han sittande fast i sorga?

Rolf Kjøde, førstelektor NLA Høgskolen