Meisterleg om Luther

03.12.2016
Egil Morland
Bokanmeldelser Martin Luther

Kva forventningar kan vi ha til ei ny bok om Martin Luther? Ja, er det noko meir å seia, noko nytt å henta?

Forsiden til "Munken som endret Europa: Reformatoren Martin Luther"

Lars Inge Magerøy

Munken som endret Europa

Reformatoren Martin Luther

Innb. 232 s.

Luther Forlag

 

Dersom dette er spørsmål du går til boka sokneprest Lars Inge Magerøy har skrive om «munken som endret Europa», så blir du raskt og kraftig overraska. Denne boka las eg frå perm til perm. Det skjer ikkje så ofte i ein travel kvardag. Den som meiner at han kan det meste om Luther frå før, om ikkje anna enn dei ytre fakta, vil også få gode opplevingar om at det motsette er tilfelle. Eg lovar!

Her er mange gode ting å peika på. 

Den første er at Magerøy fører eit lett og nærast munnleg språk gjennom det meste av boka, også når han skal forklara relativt kompliserte teologiske spørsmål. Og han gjer det på pedagogisk dyktig vis.

Det andre er korleis han ‘dimensjonerer’ hovudpersonen. Det er som om Luther sjølv vert forklart i analogi med eit luthersk skriftprinsipp: Det viktigaste først. På den måten vert ikkje dei ubehagelege sidene ved ein mann som faktisk levde for 500 år sidan – som synet på jødane og på den verdslege styresmakta – gøymt vekk. Men dei får heller ikkje dominera og definera alt det viktige Luther gjorde då han reformerte kyrkja, gav det tyske folket eit moderne skriftspråk og slik bidrog sterkare enn nokon annan til grunnlaget for eit nytt Europa. Avsnitta om bøn og kvile, om luthersk spiritualitet, om kallsetikken, om gudstenesta og om opplæring i trua, er flotte å lesa. Som historikar gleder eg meg over kor dyktig Magerøy også driv kronologien i Luthers liv framover i boka.

Det tredje eg vil dra fram er det særs nyttige kapittelet om dei gode hjelparane, som var alle dei som kvar for seg ruvar, men som elles lett vert borte i skuggane bak den store mannen: Philip Melanchthon, målaren Lukas Cranach, Johannes Bugenhagen (arkitekten bak den nye kyrkjeordninga i Danmark/Noreg), professor Georg Spalatin, prest og professor Justus Jonas – og fleire til.

Det er beint fram oppbyggeleg å lesa om Luthers siste reise, kortvarige sjukdom og død. Den kontante prosedyren ved dødsleiet har noko å læra oss: «Er du villig til å dø i Jesu Kristi navn og på de læresetninger som du har forkynt?»

Vi anar jo Magerøy si styrande hand gjennom heile boka. Slik må det vera. Det siste kapittelet, om Luther framleis har noko å seia oss, skil seg i så måte ut. Her trer teologen og forkynnaren Magerøy tydelegare fram, og vert nokre stader argumenterande. Kanskje var det fordi forfattaren hadde ‘forført’ meg så fint gjennom dei første fjorten kapitla, at eg ikkje utan vidare likte stilbrotet i det siste kapittelet. Men eg har jo kome til at det i aller høgste grad er bruk for noko slikt, også mellom aktive kyrkjegjengarar. For her viser Magerøy at det på mange område står dårleg til med den lutherske arven vår, og at nådeomgrepet så vel som lov/evangelium-sida ved luthersk teologi, mange stader har ringe kår.

Vi står fram for eit 500-års jubileum for reformasjonen. I ei tid då til og med Det lutherske verdsforbundet kan koma til å vri så mykje av merksemda over på tesene mot avlaten (der Luther truleg enno ikkje hadde nådd fram til evangelisk klårleik), kan hovudsaka ved reformasjonen – gjerne summert opp i orda om Nåden åleine, Kristus åleine, Skrifta åleine – lett bli borte for oss. 

Difor treng alle tenkjande kristne denne boka. Og dei som ikkje tenkjer, endå meir.