Menigheten som åndelig fellesskap

22.01.2005
Ingebrigt Austnes
(Ressurser)

FBB-BAKGRUNNSSTOFF:

Foredrag SKGs arbeidsdager, Bergen 9. juni 2001.


Menigheten som åndelig fellesskap

Kap. Ingebrigt Austnes


UT FRA VÅR KIRKES TRADISJON. LUTHERDOMMENS EKKLESIOLOGUISKE VAKUM: HVA MÅ VI GJENVINNE FOR Å OPPFYLLE KRISTI KALL.

Johan Bojer har skrive eit udøyeleg monument over Lofotfisket og lofotfiskaren i boka "Den siste viking" og kvar vinter, i slutten av januar, tek eg turen langs kysten ilag med Kobben og Kristaver Myran og dei andre Staværingane til Lofoten.

Kristaver har kjøpt lofotbåten sin for ein billeg penge inne fjorden. For Kobben har kantra på Lofothavet, og let etter seg eit båtmannskap til ei våt grav. Derfor var den billeg til sals. No står Kristaver der med styrvolen over hovudet, på veg nordover leia i snøvkave og sjøskvett og prøver ut Kobben med heile seg. Og etter som sjømila går, kjenner han det meir og meir, ein svikt, ei svakheit når det gjeld. Når det røyner på. Ikkje berre farten, men dugleiken i det å ta sjøen. Der er ein ubalanse mellom skrog og rigg. Ei utryggheit. Men ei natt vaknar Kristaver med eit rykk, og i halvsømne og uten heilt å vite kva han gjer, kavar han seg opp frå bolsteren og bellane, kjem seg ut av den lave løftingen, famlar seg framover i vadmålsundertrøya, mokar nysnøv og seglduk til sides og triv tak i ei tynne i framrommet. Gryter den bakover, bak mastra. Eit par tre sekkar med garn går same vegen, så ei honk med tunge garnsøkke. Så er han fornøgd, brøyer seglduken på plass og kjem seg inn og på plass mellom slitne, sovande karar. Og somnar, liksom letta for ei tung bør. Han er viss at nøkkelen er funnen, slik at han trygt kan legge ut på eit stormfullt hav og vite at båten ber.

Vi kjenner på denne svikten i kyrkjeskipet, denne manglande dugleiken til å ta sjøen og dei nye lærdoms ver som bryt innover oss, og som gjer noko med oss og kyrkjelydane våre.Vi leiter etter kva tankegods som må flyttast, eller kastast overbord for å gjere kyrkeskipet seglført og verjeleg når det røyner på.

Ein eller annan stad i det lutherske læresystemet er der ein mangel, eit svakt punkt, ein svikt når det gjeld, som har lagt lutherdommen open for ei sekularisering av kyrkja som frelsesformidlar, mysterium og åndleg fellesskap. Kva gjorde at ny-lutherdommen fekk innpass i kyrkja? Slik at frelsa vart ei sak mellom den enkelte og Gud, i fundamental forstand? Som igjen betyr a at kyrkja med Ord og sakrament og embete i grunnleggande forstand er unødvendig.

Som Flemestad seier det: "Det kristne fellesskap med de nådens ordninger som tredje trosartikkel holder frem for oss, blir et slags frivillig "attåt" til en religiøs individualisme som prinsipielt er selvtilstrekkelig."(Flemestad). Kvifor kunne dette tankegodset slå rot? Og korleis kunne Hope unngå å bli betrakta og sakleg imøtegått som vranglærar, men tvert imot framstod som ei åndskjempe og eit sanningsvitne som kom til å forme kyrkjesynet og kristendomssynet til store delar av kyrkja sine medlemmer, i alle fall her i vestavindsbeltet?

JA, korleis kan det skje at biskopen i Møre no vel å satse på den religiøse individualismen, han som skulle vere DNK sin primas og bispemøtet sin preses?

Eg har ikkje drøymt som Kristaver, eg har ikkje knekt koden for "lutherdommens ekklesiologiske vakum". Eg konstaterer at det er der, og at det i våre dagar fører til ei sekularisering av kyrkjetanken, med derpå føljande utholande praksis.

"Den usynlege kyrkja" er eitt lik i lasten som er blitt avla fram i lutherdommens namn. Det tankegodset må hivast overbord skal kyrkjeskipet vere i stand til å nå det himmelske Lofoten.

Som sekstiåttar lærte eg at synda ligg i strukturane. Kyrkjelyden som åndeleg fellesskap seier noko om at vi er meir enn det den enkelte av oss representerer, nettopp fordi vi med kyrkja trur at det guddommeleg ligg i strukturane. Kyrkjelyden er ikkje ei forening, ei samanslutning av truande berre, kyrkjelyden er ein åndeleg fellesskap i og med sine ordningar. Det er her vegane skilst.

Wiens erkebiskop Christoph Schönborn., som også er redaksjonssekretær for den romersk-katolske katekismen har skrive ei bok han har kalla: "Å leve med Kirken" på norsk, St.Olav forlag- eller "Amare la Chiesa", som må bety "Å elske Kyrkja". Det er ei samling meditasjonar som Schönborn heldt for paven og hans kurie i ei fasteveke i 1996. Eg gjekk inn i desse tankane med ope sinn, rett nok eg finn stader der min lutherske ryggmarg reagerer, men mest finn eg stor styrke og lærdom som eg som katolsk lutheranar syg til meg, underernært som eg er på saft og marg og visjonar når det gjeld kyrkja som livsrom for trua , og halvdød av å vere prest i ei kyrkje som et sine eigne born.

KYRKJA OG SKAPNINGEN

Finst der ein forbindelse mellom ytre og indre, mellom synleg og usynleg, mellom struktur og innhald i Skrifta sin tale om Kyrkja?

I oldkyrkja tenkte dei ein samanheng allereie mellom kyrkja og skaping, seier Schönborn.

Han siterer dei kristne i oldkyrkja: "Verda vart skapt for kyrkjas skuld."

Clemens av Alexandria seier det slik: "På same måte som Guds vilje er ei gjerning som heiter verda, slik er Herrens føremål å frelse verda, og dette føremålet heiter Kyrkja." Kolosserbrevet seier: "Alt er skapt ved Kristus og til Kristus"(Kol.1,16) Etter sin vilje skaper altså Gud verda, men med det føremål at den skal høyre Kristus til.

Men Kristus er hovudet for lekamen, og lekamen er Kyrkja. Det er derfor ikkje til å unngå å sjå kyrkja som eit føremål som er implisert i skapinga.

Men er det ikkje slik at Kyrkja er skapt for menneska, og ikkje menneska for kyrkja, at kyrkja ei tenande kyrkje, som ikkje kan gje vidare noko anna lys enn det ho får frå Kristus?

Utan tvil. Men er kyrkja berre middel? Er kyrkja berre teikn på det heilage, er ho ikkje også heilag røyndom?

Kyrkja er målet for alle ting, skapingas "indre årsak" som Barth seier. Ein kan altså ikkje tale om kyrkja uten å tale om skapinga. Derfor startar påskenattsliturgien med lesinga av skapinga. Derfor må vi også seie: Omvendinga sitt første steg er å tru på den eine Gud, skaparen av himmel og jord.

Vi er altså skapningar, det er ein grunnleggande forståing av røyndommen; der er eit skilje mellom det skapte og det uskapte, mellom på den eine sida Gud, som åleine er sann, evig, fullkomen, og på den andre sida skapningen, som ikkje har sin eksistens i og for seg sjøl, men som har ein gjeven identitet, den er skapt av Gud. Å forstå tilværet slik, krev altså omvending til den levande Gud - "som skapte himmel og jord".

Derfor talar Paulus om Gud både som gjevar av naturens gåver og nådens gåver: "I framfarne tider let han nok alle folkslag gå sine eigne vegar; men han let velgjerningane vitna om seg. Frå himmelen sende han dykk regn og grøde i rett tid, han gav dykk føde og fylte hjarto dykkar med glede."

Sol og vind og regn som Guds velgjerningar. Eit slikt syn på den synlege verklegheit er ei forutsetning for å forstå dei usynlege gåver, nådens gåver.

Likeeins framstiller Paulus kyrkja som det heile skapningen lengtar etter. Rom.8,21-22: "For det skapte skal verta frigjort frå trældommen under det forgjengelege og få den fridommen som Guds born skal eiga i herlegdomen. For vi veit at skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag"

Konklusjon: Ei lære som seier at kyrkja er noko usynleg, og kyrkjas ordningar som likegyldige, og kyrkjas tenester som "funksjonærar" opnar for ei nedvurdering av kyrka og kyrkjelyden, og legg denne open for det meste. Eg kjem tilbake til aktualiseringar seinare.

Himmel og jord

Denne nære slektskapen mellom skaping og kyrkje betyr at heile skapningen er eit bilde av Kyrkja.

Og skaparverket er himmel og jord.

For både himmel og jord høyrer med til det skapte, himmelen er like mykje skapt som jorda. Likevel er himmelen eit teikn og eit sakrament for Guds stordom og herlegdom: "Så høg som himmelen er over jorda, så stor er Herrens nåde over dei som ottast han"(Salme 103,11).

Der er altså eit over og eit under

På same måten er kyrkja både den jordiske kyrkja, og den kyrkja som er "rik på himmelske skattar."

Himmel og jord, over og under. Jorda er avhengig av himmelen, regn og dogg er teikn på at vi er avhengig av dette "over": "All god og fullkomen gåve kjem ovanfrå". Gløymer vi at vi er avhengig av himmelen over oss, gløymer vi samtidig at vi er skapningar som er avhengig av Gud, han som "skapte himmel og jord".

Dette har sin parallell i at vi i kyrkja lett gløymer "den himmelske kyrkja".

Kyrkja på jorda får si hjelp "ovanfrå", nemleg frå det lyset som opplyser kyrkja. Kyrkja sin heim er "der oppe", - "vi har vår borgarrett i himmelen"(Fil.3,20).

I vår rasjonalisme er vi blitt fattigare ved at skapningane frå den usynlege verda har kome på avstand. (englar, helgnar, dei sæle) Når vi i fadervår ber "lat viljen din råde på jorda så som i himmelen", må vi tenkje på at englane er dei som i himmelen alltid ser "min himmelske fars åsyn", (Mt.18,10). Dei forstår meininga med det som skal hende, og fullfører det.

"For i Han er alt skapt", seier apostelen Paulus, "i himmelen og på jorda, det synelge og det usynlege -."

I himmelen, i englane si verd, som altså også er skapt, rår altså Guds vilje heilt og fullt. Dette er også dei heilage sin stad, dei som heilt og fullt har gjeve seg over til det å gjere Guds vilje. Der Guds vilje hender, der er himmelen, og når dette hender på jorda, er himmelen allereie komen til jorda.

Men der dette ikkje hender, der er helvete, og der Guds vilje ikkje hender på jorda, vert jorda eit helvete.

Englane fører oss altså inn i Guds viljes reine, lyse verd.

Kristus og kyrkja

Gal 4,4-5: "Men då tida var fullkomen, sende Gud sin son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa dei fri som var under lova, så dei kunne få barnekår". Gud har gjesta sitt folk og oppfylt lovnadene til Abraham og hans ætt.

Kristus er midtpunktet. Han er rettferdssola, og Kyrkja har berre hans lys slik månen berre kan reflektere sola sitt lys.

Kva Kyrkja i sitt inste vesen er, mottek den heilt frå Kristus. Kristus og Kyrkja er verkeleg eitt. Den katolske katekismen siterer svaret til Jeanne d`Arc, då dommarane hennar antyda at ho var trufast mot Kristus, men ikkje mot Kyrkja: "Om Jesus og Kyrkja meiner eg at det er ei og same sak, og det finst ikkje grunn til å laga vanskar av det."

Den inkarnerte Kristus er sant menneske og sann Gud. PÅ same måten er det kyrkjas eigenart samtidig å vere menneskeleg og guddommeleg, synleg, men berar av usynlege rikdommar-. "Men alltid på ein slik måte at Kyrkja si menneskelege side er innstilt på å underordne seg det guddommelege i den, det synlege er retta mot det usynlege, aktiviteten mot "beskuelsen", og det noverande mot den framtidige byen vi er på veg mot"(SC 2; KKK771). Den andre teksten er ein kjernetekst frå Vaticanum II om Kyrkjas mysterium: "Den heilage Kyrkja er samtidig " fellesskapen i trua, vona og kjærleiken, og ein synleg bygning, reist og oppretthalden av Han på jorda. Ho er også eit hierarkisk oppbygd samfunn og "Kristi mystiske lekam". Ho er "ei synleg forsamling" og "eit åndeleg fellesskap", og så er ho "den jordiske kyrkja og "den kyrkja som er rik på himmelske skattar." Og vel å merkje: Ein må vakte seg vel for å sjå på desse begrepspara som forskjellige ting. Desse aspekta er tilsaman "ein einaste røyndom som inneheld både menneskelege og guddommelege element."(LG 8; KKK 771)

KRISTI MENNESKENATUR OG KYRKJA

Schönborn går endå lengre i å parallellføre kyrkja og Kristus:

"Den menneskelege natur (hos Kristus) som det guddommelege Ordet tek opp i seg, er uløyseleg knytt til ordet og tener det som ein levande reiskap til frelse. På same måte tener Kyrkjas synlege bygning den Kristi Ande som gjev liv, slik at lekamen veks." (LG 8)

Kristi menneskenatur er, med eit bilde frå kyrkjefedrane "Kristi guddoms levande reiskap til frelse." Kristi menneskenatur er altsås ikkje passivt instrument. Kristus har ei menneskeleg sjel, forstand og vilje, og eit menneskeleg hjarte.

Derfor er heller ikkje Kyrkja eit passivt instrument, men "ei synleg forsamling" som får liv ved Den heilage Ande. Ho har alle sine lemers menneskelege gåver der den enkelte og gruppene samverkar, men slik at det "tener Kristi Ande og hans lekams vekst." (LG 8,1)

Kristus ber stadig Kyrkja, men i motsetning til Kristus sjølv må Kyrkja framleis vekse fram mot Han og stadig søkje å vere botferdig og bli fornya. Ho er fullenda, men vandrar framleis som pilegrim mellom "forføljingane i verda og tilliten til Gud" (Augustin) og likevel ber den alt her all hans herlegdom, som hans elska brud; "nigra sum sed formosa -" "Svart er eg, men ven." (Høgsongen 1,5)

Det bruda er, har ho brudgommen å takke for. Hennar løyndom ligg i hans. Men porten til dette mysterium ligg i jula: Ordet var kjøt

Aktualisering

Korleis skal vi bygge kyrkjelyyden som ein åndeleg fellesskap dersom vi ikkje trur og praktiserer denne einskapen mellom himmel og jord, synleg og usynleg, ordningar og realitetar. Når biskop Bondevik seier i bispedømerådsmøte, der prestetenesta på prinsipielt grunnlag skal drøftast at han trur at fleire har kome til tru i vårt land gjennom bestemødre enn gjennom prestar, kva så? Sympatisk sagt om bestemødre, og Anden skaper tru når og kvar den vil. Ikkje berre at dette er stikk i strid med vedkjenninga og CA 5, ikkje berre det at det avslører ein ny tolkingstradisjon der Skrifta og vedkjenning ikkje lengre er forplitkande for kyrkja sin primas, men berre Skrifta. Men i tillegg: kva livsvilkår for kyrkjelyden som åndeleg fellesskap gjev eit slikt utsagn? Tek dei på alvor at Anden er knytt til Ordet og forkynninga av dette? Av skriftemålet sin lovnad om absolusjon. Og er det ikkje slik at ein prest bør bli fasthalden i denne trua på at han er formidlar av Guds nåde?

Det same gjeld Timoteus-fråsegna, der også biskop Bondevik er underskrivar: Ingen kan vel vere usamd i det som står der, men kven er den retta til? Er den ikkje eigentleg retta til dei som er samde i det som står der. Den er ikkje retta mot bispekollegiet, den er ikkje retta til kyrkjemedlemmar i Møre. Ein kan derfor spørje: kva vil dette forandre på? Vi vil framleis ha vranglærande biskopar og prestar. Er ikkje einaste forandringa at ein sementerer status quo, dvs lærepluralismen i kyrkja, og overlet henne til ulvane, men oppildnar sine meiningfrendar?

Korleis skal kyrkjelyden byggst som ein åndeleg fellesskap dersom ikkje vitna samstavast mellom dei som lærer? Når der ikkje er ei konstistent autoritetslinje i spørsmål om synd og nåde, rett og galt? Det er dei sjøane som vil velte båten som båten må vere i stand til å ta, det er dei farlege vindrosene for rigg og skrog. Men her er faste sjøen slept inn i båten, og dei som skulle vere kyrkjas støtter i denne kampen, tillet at båten fer vidare halvfylt med vatn.

PILEGRIMSKYRKJA

Han Kristaver og Kobben har ei farefull ferd. Halvmørkt og ureint. Men etter hundreår med den same farten, dei same skjera dei same fjell og sund, famlar dei seg fram. Og dessutan har dei eit lysande mål: Eventyret, rikdommen, det store varpet. Kort sagt: Lofoten.

Har vår kyrkje mist himmelen? Det betyr i så fall at kyrkja har mist den orienteringsevna som har leia henne fram gjennom hundreåra?

Dette heng kanskje saman med at vi har gløymt at vegen er ein farefull veg - Er det slik at vi ikkje lengtar etter himmelen men tek det som sjølsagt at vi kjem dit!?

Men kyrkja sin påskebodskap seier: "Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe. Der Kristus sit ved Guds høgre hand" (Kol 3,1) jfr. Fil 3,21. Denne djupe lengten strevar ikkje etter eit liv etter døden, men er eit ønskje om å vere nær Kristus, leve med Han, "vere heime hos Herren": "Difor er vi alltid frimodige, endå vi veit at så lenge vi er heime i lekamen, er vi borte frå Herren" (eller Gunness: er vi borte frå vår heim hos Herren) (2 Kor 5,6-8).

Heime! Tysk "Heimat", som er mykje sterkare enn "fedreland". "Heimat" gjeld språk og kjende stader, men framfor alt menneska som bur der. Der ingen lenger lever som ein var fortruleg med, naboar, kjente, der er også "Heimat" borte

Kyrkja er lovnaden om ein heim. Den som har funne Kyrkja, har funne vegen heim. Paulus: "vår borgerrett er i himmelen"(Fil 3,20), og det er fordi det er der vi finn vår sanne familie. Derfor seier Paulus til dei truande i Efesos: "Så er de ikkje lengre framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til." (Ef 2,19)

Og vi har funne ei mor: "Men det Jerusalem som er i det høge, det er fritt, og det er vår mor" (Gal 4,26) Heim betyr også: å ha rom, bustad, jfr. Joh 14,2-3: "I huset åt far min er det mange rom -."

Kyrkja er difor først og fremst ein himmelsk realitet. Fordi ho har sitt opphav i Guds eige liv, i den heilage Treeininga sin einskap, er Kyrkja "først og fremst ein realitet frå himmelen som er blitt innsett i tida"(Hans Uhrs von Balthasar)(Theodramatik, Bd.IV, Einsiedeln 1986)

Augustin: "Vårt fundament ligg der. Så lat oss skunde oss dit der vi vert oppbygde."

Dette er inga flukt. Tvert imot: Vona om himmelen er beint fram motoren, drivverket for det kristne engasjement her på jorda. Kristen von om Guds rike ber Gud om to ting: At hans rike må kome i herlegdom, og at hans rike må starte allereie her.

Kyrkja som himmelsk heim må bety:

LumenGentium 48: "Til den nye himmel og den nye jorda kjem til syne, er Kyrkja undervegs, og i sine sakrament og institusjonar, som høyrer tida til, ber den i seg bildet av denne verda som forgår, og sjøl lever ho mellom dei skapningar som ventar i lengsle på at Guds born skal verte openberra (jfr. Rom 8,19-22). Kyrkja sine "pilegrims-kle" høyrer denne verda til. Det som varer, er det sakramenta beteiknar og verkar av guddommeleg liv. Det som forgår , er teikna si ytre form.

Om det kjem for dårleg fram at Kyrkja er retta mot sin evige heim, er der ein dobbel fare:

Dei "etablerte" sidene ved kyrkja vert for sterkt framme, organisasjon og institusjon. Det fører med seg ein pragmatisk-horisontal kyrkjeforståing som kan forskrekke. Kyrkja vert i for stor grad eit menneskeleg verk, og for lite nådens mysteruim. Mykje sukk og klage over kyrkja kjem av det. Om vi såg vegen vår som ein pilegrimsveg, i det å li med skapningen, kunne mykje verte lettare tålt. Då vart vi også forskåna for utopiar om allereie ideelle og fullenda kyrkjer på jorda

Denne betoninga av det institusjonelle trengjer det faktum i bakgrunnen at Kyrkjas sakramentale pilegrimsskapnad alt no ber i seg all rikdommen i den himmelske heimen. Det er med Kyrkja som med Kristus: det viktigaste ved den vert verande usynleg, berre tilgjengeleg for trua. Kyrkja er i historia, men "overskrid" historia

Og det finst ein endå meir utspekulert freisting: at Kyrkjas synlege skapnad skal kunne overtyde menneska, ved å vere vinnande og tiltrekkjande. I ei mediatid som vår, kan offentleg anerkjenning bli sjølve målestokken. "Men dersom det er sant at meininga med kyrkjelege institusjonar er å verkleggjere løynt guddommeleg liv, kan ein slett ikkje forvente at institusjonar er spesielt tiltrekkjande. Menneska vil ikkje vende seg til Kyrkja på grunn av kyrkjelege institusjonar, men fordi ho er teikn og beskyttande omsorg for noko som primært er usynleg, for Guds frelse, som løynt verkar i henne." (ibid 151)

Korleis skal åndeleg vekst foregå, dersom den leiande idelogien i kyrkja er sympati og oppslutning. Det er dette syndromet vi dreg med oss i den noverande dåpspraksisen: når denne igjen vart drøfta tidleg på 90-talet, hadde ein høve til å tale og handle med bibelsk auatoritet om dåpen. Men det heile flaut ut i papir og planar. Og no er distansen så stor mellom folk og kyrkje at frimodet minar når det gjel å sette krav til foreldre og fadrar.

Ireneus: "Denne trua som vi har teke imot frå kyrkja bevarer vi med stor omsorg. For som ein vakker skatt i eit vakkert kar vert kyrkja forynga ved Guds andes verk, og karet skatten vert boren i, vert fornya" (adv. Haer.3,24,I)

SAMFUNNET AV DEI HEILAGE

"Kyrkja er vi alle", heiter det. Ja, dersom "vi alle " verkeleg er alle som tilhøyrer Kristus på begge sider av dødens grense. Det er ei fattig kyrkje som berre er "vi" her og no. Men dei som har levd og trudd er ikkje mindre kyrkje enn vi idag. Fellesskapet med dei kan ikkje poengterast nok. Ja, dei som er fullførte i Kristus, dei heilage i himmelen, er meir inderleg sameina med Kristus. Som heilt sameina med Kristus kjem den himmelske kyrkja heilt med Han til oss. Joh.op kallar Kristus:"Han som kjem" Så kjem også himmelen til jorda med Han.

"Samfunnet av dei heilage" betyr at himmelen er nær på jorda. At Jesu ord :"Eg er med dykk alle dagar"- gjeld alle som Jesus har teke med til Faderen. "Her er eg med dei born Gud har gjeve meg" (Hebr 2,13). Han er alltid hos oss med alle som er med Han.

Skulle då ikkje dette vere ei strålande kyrkje, uten feil og manglar? Vi kunne stille motspørsmålet: kva ventar vi oss av dei heilage i himmelen? Ofte vert det ikkje forventa noko av Kyrkjas eigentlege liv: barnekår i Gud, nåden, livssamfunnet med Kristus. Samtidig vert dét forventa av Kyrkja som den ikkje kan innfri: at den skal tilby "helbredelse" for verda, der alt "stemmer" og "passar", frå miljøvern til mellommenneskelege forhold fram til full offentleg "anerkjennelse"

Fordi kyrkja med sine institusjonar og sakrament høyrer denne verda til, vil den alltid skuffe slike menneskelege forventningar, og folk vender seg bort i skuffelse frå Kyrkja.

Samfunnet med det heilage.

Fellesskapet av dei heilage i Kristus veks gjennom å ha del i dei heilage gåvene, sancta. Dette vert aller tydlegast i evkaristien, der Kristus er både gåve og gjevar: "Deltakinga i Kristi lekam og blod resulterer nemleg i dette at vi vert omdanna til det vi mottek."(Leo den store)

I evkaristien er himmel og jord, den himmelske og den jordiske Kyrkje samla. Uten at dei heilage med alle englane er til stades vert det ikkje feira nokon ekvaristi på jorda

Samfunnet av dei heilage, det er fellesskapet av alle dei som i likskap med Kristus innestår for kvarandre. Kyrkja som samfunnet av dei heilage er derfor ikkje ei særgruppe mellom mange andre, men snarare menneskeslekta sin midte, verdas hjarte.

Samfunnet av dei heilage er "eit uoverskuelig fellesskap av dei som innestår for kvarandre" (Ratzinger Auf Christus schauen). I det ligg verknaden av "samfunnet av dei heilage", og det er ein verknad for heile verda som ikkje kan målast.

Kva er livsvilkåra for dei som vil "innestå for kvarandre" i vår kykje? Korleis går det når pluraliteten vert så stor at det vert uråd?

FULLENDINGA AV KYRKJA

"Dei siste ting," i Kyrkja og i våre liv.

Det kjem ikkje noko anna tidsalder enn tida etter Kristi fødsel. Etter "det er fullført" på langfredag er ingen "new age". Og påskemorgon og pinsedag gjer det klart: Verdas fornying er uigjenkalleleg grunnfesta.. Vona rettar seg altså ikkje mot ein ny tidsalder, men meir mot at Kristus vert djupare kjent og elska. Vatikankonsilet: "Kyrkja trur..... at heile menneskehistoria sin nøkkel, midtpunkt og mål er å finne i Kyrkja sin Herre og Meister." (KKK450)

Og det som gjeld for Kyrkja, gjeld også den enkelte: "VI får kalla oss Guds born, og vi er det" (1 Joh 3,1). "De er oppstått med Kristus" (Kol 3,1) og likevel: "Kva vi skal bli, er endå ikkje openberra. (1 Joh 3,2)

Når skal det hende?

Det ser ut for at Kyrkjas motgang skal bli større fram til år 2000: kommunismen har gjort stor skade i Aust, i Latin-Amerika er sektene eit stort problem, i europa sekulariseringa. Men for alle Kyrkjas epokar mellom pinse og Kristi atterkome gjeld Augustin sine ord: "Kyrkja vandrar som ein pilegrim mellom forføljingane i verda og Guds trøyst" (KKK706). Det vil aldri mangle trøyst får Gud, men heller ikkje forføljingar. Her på jorda er kyrkja "reisande i framandt land (Pet 2,11). Parochia, lokalkyrkjelyd, betyr eigentleg eit fellesskap av paroikoi, heimlause framande. Diognet: "Ein kvar heimstad er framand for dei (kristne), og kvar framand stad deira heim." 1 Joh 2,15.17: "Elska ikkje verda og heller ikkje det som er i verda; --Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje vert verande til evig tid." Kanskje vert slike ord kalla "verdensflukt" , men vi manglar dei idag.

Det overanskande frå kyrkjas historie: Dei som lengta etter å "fly verda", det var dei som var grunnleggarar av sivilisasjonar, jorddyrkarar, engasjerte samlarar og formidlarar av alt vakkert, sant og godt. Men dei ideologiar som ville tvinge fram ei ny menneskeslekt, dei har late etter seg utrydding og øydelegging. Dei som bygde våre domkyrkjer visste at dei ikkje ville sjå dei fullførte. Kvar fekk dei tålmodet frå? Kanskje det kan seiast slik: Dei som kjenner seg som pilegrimar, må og vil ikkje allereie her eige og nyte alt i denne tåredalen. Dei ser på seg sjøle som eit ledd i den lange rekkja av forfedre og etterkomarar. Dei visste at "- her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal kome" (Hebr 13,14). For kyrkja må alltid bere Kristi åk. (Matt 11,29-30)