MF utan teologiske og religiøse grenser

23.03.2026
Johannes Kleppa
Aktuell kommentar MF Teologihistorie Teologi Islam Forsoningsforståelse Forsoningslære Likekjønnet samliv Likekjønnet ekteskap Liberal teologi Kvinnelig prestetjeneste Debatt

Aktuelt

Dei siste vel femti åra har det vore ei konstant negativ utvikling ved MF vitenskapelig høyskole (MF), tidlegare Menighetsfakultet, og etter tusenårsskiftet har det akselerert. Det starta med bibelsynet og kvinnelege prestar, og det vart dramatisk forverra med spørsmålet om homofilt samliv og såkalla likekjønna ekteskap. I det aller siste har det utvikla seg til det aller mest sentrale i kristentrua, spørsmålet om Jesu død til soning for syndene våre, og det har no toppa seg i forholdet til islam, altså spørsmålet kristendommens særstilling. Det siste gjeld djupast sett Jesu eineståande stilling i gudsspørsmålet og frelsesspørsmålet.

Eg skal ikkje dra heile denne historia, men eg går tilbake til ein artikkel av professor i systematisk teologi, Asle Eikrem, i Luthersk Kirketidende nr 3/24, der hovudtema var påskehending og påskebodskapen. MF-professoren sin artikkel bar den programmatiske tittelen: «Frelse på tross av korset. Utkast til en ny forståelse av påskens budskap.»

Eg skreiv då ein artikkel der eg mellom anna skreiv: «Ved at professor Asle Eikrem i realiteten forkynner ein ny religion med MF som base, må MF ved rektor klargjera kor læreinstitusjonen står i forhold til det deira professor hevdar. Rektor ved MF må avklara om det i det heile finst teologiske grenser ved MF, og kor desse i så fall går. Er det slik at den teologiske basisen i Bibelen som openberring, no i praksis er erstatta av ein rein religionsvitskapleg basis, slik at den læremessige forpliktinga er forleten til fordel for postmoderne subjektivisme?

Er det slik ved MF at den akademiske fridomen i forskinga er einerådande, slik at institusjonsfridomen og MFs teologiske basis er oppheva, slik at lærestaden er utan teologiske grenser? Dersom ein stipendiat ved MF gjennom si forsking skulle koma til at Jesus ikkje er sann Gud, kan han då verta professor – som han kan verta det ved å nekta Jesu soningsverk på krossen? Og i ytterste konsekvens: Om ein MF-professor gjennom si frie akademiske forsking skulle koma til at gudsbilete i islam er det rette, kan han då halda fram som teologisk professor ved MF?»

MF sin dåverande rektor svarte aldri på dette, sjølv ikkje etter purring frå meg og andre. Den siste setninga i avsnittet ovafor har no aktualisert seg, ikkje ved at ein MF-professor har «konvertert» til eit islamsk gudsbilete, men ved at MF aktivt har kalla og tilsett ein islamsk forskarar og lærar, som endatil har vore imam i ein radikal islamsk samanheng. I tillegg er det lagt til rette for bønn i Allahs namn. Islamsk gudsbilete har med det fått plass ved MF.

Dette har alt fleire kritisert nokså tungt, både prinsipielt og teologisk. Noverande rektor skal ha honnør for at han i det minste kjem på banen for å forklara og forsvar det som her har skjedd. Rett nok er svaret han gjev, det reine god-dag-mann-økseskaft-svar. Han gjer greie for MF sin posisjon som akademisk institusjon, der han også framhevar institusjonens kristne basis. Det han ikkje gjer, er å forklara om eller korleis ein islamsk lærar kan fremja kristen tru og tenking. Rektor går kort og godt ikkje inn i spørsmålet om forholdet mellom islam og kristendom, og med det heller ikkje i spørsmålet om Jesu eineståande posisjon og korleis denne er fundamentalt avvist i Koranen.

Det er sjølvsagt både rett og godt at det ved ein institusjon som MF vert undervist grundig om islam, men ein treng ikkje vera muslim for å gjera det. Dessutan må undervisning om islam haldast opp mot kristen tru, om det skal vera teologisk fundamentert og ikkje berre religionsvitskapleg, og om det skal vera i samsvar med MF sin basis.

Når rektor viser til at det å gje rom for ein islamsk lærar, er i samsvar med det livssynsopne samfunnet som vi ønskjer her i landet, er det å retta bakar for smed. Det er samfunnet som skal vera livssynsope, altså gje rom for ulike livssyn, ideologiar og religionar. Slik skal det vera for at livssyn og religionar skal kunna halda på sin identitet, og kunna opptre ut frå denne. Det er ikkje trussamfunna med sine forsamlingar og institusjonar som skal vera opne. Islam med sine moskear og skular skal sleppa å tilsetja kristne medarbeidarar og lærar. Det har dei inga plikt til. Det same gjeld for kristne samanhengar med tanke på folk frå dei ulike religionane.

Det som skjer når ein kristen institusjon som MF, tilset ein muslim, er at ein undergrev  verdigrunnlag sitt og med det fjernar sjølve fundamentet for institusjonen. Med det endrar institusjonen karakter på fundamentalt vis. Då er det faktisk slik at institusjonen opphøyrer å vera kristen og teologisk, og går over til å vera multireligiøs og religionsvitskapleg. Det er uhyre alvorleg og trist, særleg sett i lys av kvifor MF vart opprett og den funksjonen institusjonen hadde i mange år.

No er det ikkje nødvendig å spørja rektor om det som har skjedd, er innafor MF sine statuttar og sitt verdigrunnlag. Det har han stadfeste at det er, at det er vilja og at det har skjedd etter ei vilja utvikling og endring. Med det har MF avskrive seg sjølv som normativ teologisk institusjon, basert på Bibelen som openberring. Rett nok kan det framleis vera rom for lærarar som fremjar bibelsk kristendom, men då er ein på individnivå, ikkje på institusjonsnivå.

Johannes Kleppa

(Tidlegare publisert på hjemmesiden til Misjon Sarepta)