Når kloder kolliderer

27.02.2023
Aktuell kommentar Gnostisisme Skaperordning Skaper Skapertro Skaperverk Kjønn Seksuell orientering Seksualetikk Seksualmoral Seksuell revolusjon Seksualitet Seksualundervisning Ekteskap Ekteskapsforståelse Ekteskapsteologi Ideologi

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth

Kjønnsrevolusjonen har pågått lenge. I 1930 vart den danske kunstnaren Einar Wegener kjend for ikkje vellukka kirurgiske inngrep for å endre kjønn frå mann til kvinne.

På 1960-talet tok Betty Friedan feminist-ideologien eit langt steg framover, og la grunnlaget for uhemma seksuell fridom. Tilgongen på prevensjon skapte etter kvart brei aksept for seksuell aktivitet utanfor ekteskapet, sokalla ‘reproduktiv fridom’. Judith Butler la det teoretiske grunnlaget for å forstå kjønn som sosial konstruksjon.

Frå århundreskiftet har ei ny fase vore prega av aksept for samkjønna ekteskap og ei ny forståing av kjønnsidentitet.

Slik miste seksualiteten gradvis både formål, grenser og meining. Sex kom på billegsal, fråkopla frå livet sjølv og gjort til ei forbruksvare istadenfor å setje fri. Sex var blitt ein hobby og kroppen ei leikegrind. Det som var skapt til prokreasjon, vart gjort til rekreasjon.

Den nye kjønnsideologien har erobra både vår tids menneskeretts-tenkjing og dei dominerande politiske tenkjesett. Med statleg finansiering vert rosa kompetanse i dag gjort til normal-pedagogikk i barnehagar og skular. Kulturministeren vil gjere det naturleg å skifte «fil» (frå hetero til homo) like lett som i trafikken, men konverteringsterapi skal vere straffbart.

Her har eit ny-gnostisk verdsbilete erobra den vestlege verda. Når sjølvbiletet vert frigjort frå kroppen og personleg identitet vert ei personleg avgjerd eg sjølv styrer, vert kroppen eit problem. Når kjensler trumfar fysiske realitetar, vert kroppen ei hindring eg må overvinne.

Gnostiske idear har påverka tenkjarar i Vesten sidan opplysningstida. Same tankegong kjempa dei fyrste generasjonar kristne mot. Dei forma det kristne menneskesynet som la grunnlaget for vår sivilisasjon. Men når det gnostiske i dag har erobra dei store kyrkjene, må dei som trur på Skaparen, reagere.

Vi trur at strukturen i skaparverket, grunnmønstera som gir menneske personleg identitet, er gjevne. Gnostikarane vil nedkjempe dette verdsbiletet. Dei gjev seg ikkje før grunnvollen i vår sivilisasjon er riven.

Dette er det viktig at kristne menneske vaknar opp og engasjerer seg i. Skaparordningane er like gode som Skaparen som gav dei. Her står verdsbilete mot verdsbilete, livssyn mot livssyn. Sanninga om livet er verd å kjempe for.

Kvinner er ikkje frå Venus og menn er ikkje frå Mars. Begge er frå same Edens hage, skapte av same Skaparen til å komplettere kvarandre, svarande til Skaparen sjølv.

Ottar Mikael Myrseth ottar.myrseth@gmail.com

(Tidlegare publisert i Dagen)