At ein prevensjonsdiskusjon mellom tre menn får merkelappen «patriarkalsk» krev ingen profet for å spå. Men dei skarpaste kritikarane verkar merkeleg late.
Podkasten Kulturkrigen har nok ein gong sett dagsorden i Kristen-Norge.
Pastorane Steinar Lofnes og Alf Kåre Dalsbø har hausta merksemd utover det vanlege for episoden deira om prevensjon og sterilisering. Dei fekk dessutan drahjelp av gjest Daniel Sæbjørnsen. Pastoren i Passion Åsane er ein kløppar til å få kringkasta det han har på hjarta.
Hovudspor
Kritikken har følgt to hovudspor, det eine substansielt, det andre handlar om form. Kanskje også eit tredje kan nemnast: nemleg om formkritikk faktisk er relevant her, eller om det er eit uttrykk for det Erik A. Steenhoff i sin positive kommentar kallar «humørløshet».
Sokneprest Marita Bjørke Ådland er den som har gått aller lengst i kritikken. Presten i Lommedalen legg først og fremst ei kjenslemessig breiside til, såpass at det blir vanskeleg å få tak i argumentasjonen. Men ho brukar ord som «farleg» og hevdar at pastorane gjennom diskusjonen sin «fordømmer dei som tek andre val».
Ifølgje Ådland er podkasten «galskap» teologisk sett, men dei pastorale implikasjonane ser ho som endå verre. Så langt går det at presten faktisk blir «fysisk dårleg» av å lytta.
Patriarkalsk?
At podkasten, der tre menn diskuterer prevensjon, skulle få merkelappen «patriarkalsk» trongst neppe nokon profet for å spå.
Nett denne gongen var det professor Ingunn Folkestad Breistein som passa på å innfri mine forventingar til feministisk respons. Breistein er professor II i kyrkjehistorie ved Ansgar høgskole, men har neppe nøsta ut den lengste kyrkjehistoriske tråden akkurat her.
Ho nøyer seg med å slå fast at dette «er eit tema som aldri har vore diskutert» i frikyrkjelegheita. Vidare viser ho mellom anna til at bruk av prevensjon no er «heilt vanleg», hintar om at podkastarane kan vera inspirerte av MAGA, og at det ikkje står noko om prevensjon i Bibelen.
Nei, det står vel om lag like mykje om prevensjon der som om miljøvern eller smarttelefonar. Men bør vi ikkje reflektera teologisk over tema som har blitt formulerte etter år 100?
Håpa på meir
Ærleg talt så håpar ein på litt meir frå kyrkjehistorisk hald. Og som NLAs førsteamanuensis Brandt Klawitter svært betimeleg påpeikar i eit Vårt Land-innlegg, er det godt dokumentert at kyrkje-skepsis mot prevensjon er eit nokså gjennomgåande trekk opp gjennom århundra.
Ein slik refleksjon er sjølvsagt milevis frå å omfamna alt som blir sagt i Kulturkrigen.
Det er uansett eit interessant skiftet når noko som i tidlegare tider var ein svært sentral tematikk i dag gjer etablerte teologar rasande. Kontrasten bør i seg sjølv oppta fagfolk. Blir det ikkje historielaust å berre avvisa tematikken som «marginal», berre fordi forma i podkasten ikkje gir gjenklang?
Brandt Klawitter dreg dessutan fram eit langt meir grunleggande spørsmål i sin gjennomgang av prevensjon som teologisk tema.
Nemleg: «hvordan orienterer vi oss teologisk i møte med vår egen tid?»
Dette bør vera av interesse for alle kristne, anten ein poppar ei PepsiMax i eit podkaststudio ved midnatt eller ein held seg til kjeldevatn og legg seg presis klokka ti.
Berg-og-dalbane-prat
Sjølv meiner eg krigskorrespondentane Lofnes, Dalsbø og Sæbjørnsen denne gong utsette lyttarane for ein mental berg-og-dal-bane. Som dei fleste berg-og-dalbanar heldt dei seg på sporet, om enn på halsbrekkande vis. Undervegs har vi gått både høgt, lågt, med begeistra latterhyl som lydspor.
Eg likar berg-dalbanar, men det er som kjent ikkje tingen om ein vil koma seg frå a til b. Det er ikkje samferdsle det handlar om på Tusenfryds mange perrongar. Litt slik med denne episoden også.
Trioen kunne teke seg fram på meir målretta vis, og ikkje minst investert meir omtanke i forarbeidet.
Eg er ingen gretten lyttar, men vertskapet må ta innover seg at viss målet er å slå følgje med folk, blir stilen nokre knepp for innforstått. I alle fall når 95 prosent av lyttarane truleg sjeldan har vore vane med å problematisera prevensjon, og trudde alt var good i eit trufast samliv med ein ektefelle av motsatt kjønn.
Fallitterklæring
Det eg imidlertid ikkje forstår, er den refleksen som synest leva hos meiningssterke respondentar som Breistein og Ådland.
Kan det verkeleg vera tilfelle at dei avviser ein så viktig samtale?
Overser dei at podkastarane søkjer å resonnera teologisk rundt nokre tema som både er sentrale og underkommuniserte? Det ser verkeleg slik ut. For ei fallitterklæring!
Kjensler og kjeft
Om Ådland meiner podkastarane tek feil: kvifor får vi berre kjenslerapport og generell kjeft frå henne? Ho er teolog. Då er det ikkje «farleg» å drøfta eit tema som kyrkja har diskutert i uminnelege tider.
Og er forma feil, kan ho ikkje sjølv modellera ei form som er høveleg?
Breisteins poeng om at dette ikkje har vore drøfta før i frikyrkjeleg samanheng står litt på gyngande grunn, men kanskje ho har rett. Bør ikkje den breie kyrkjelege tradisjonen for å drøfta slike ting teologisk likevel utgjera ein interessant kontrast? I alle fall vera eit argument for ein samtale?
Eg tolkar avvisinga av samtalen som teologisk latskap.
Med på lasset
Inntrykket vi sit att med er at det har blitt akademikarens rolle å leggja band på teologisk samtale. Om Kulturkrigens innsteg er så ubrukeleg, er det vel nett folk som Ådland og Breistein som skulle teke viktige moment vidare?
Men tenesteviljen druknar i indignasjon, fokus på eigne kjensler og dessutan samtidas minst oppfinnsame triks: nazihinting og MAGA-skuldingar.
Med på lasset følgjer haldninga at det er unødvendig, ja nærast eit ork, å måtta gjennomtenka eit tema som prevensjon med teologisk innfallsvinkel. Det verkar som om retten til å få tenkja som alle andre, retten til å tenkja slik vi har for vane er det som dominerer kritikken.
Det eit forfallsteikn om teologane sjølve ikkje orkar å tenkja, resonnera og forhalda seg teologisk til smått og stort, men nøyer seg med å ta avstand.
Privilegium
Dei siste episodane av Kulturkrigen kjennest for meg som eit litt framandt innhald, og eg var i utgangspunktet usikker på kor viktig eg oppfattar uformell, uførebudd synsing om så vesentlege tema. Men samtalen er viktig!
Det er både maktpåliggjande og allmennkristent å villa undersøkja flest mogleg tema med eit bibelsk utgangspunkt. Å tenkja teologisk er først og fremst eit privilegium.
Det kan ofte vera krevjande. Men det er ikkje eit ork.
Sofie Braut, redaktør
(Tidlegare publisert i Dagen)