Nynorske kollektbønner

07.03.2020
FBB
Kollektbønner (nynorske) Liturgi Gudstjeneste

Det arbeidet som no ligg føre, fullfører ei utvikling som tok til då framlegget til ny høgmesseliturgi vart lagd fram i NOU1976. Det var lenge klårt at vi burde revidera liturgiane i vår kyrkje, og då arbeidet endeleg låg føre, vart det teke imot med gleda frå mange hald.

Kollektbønner

Men denne gleda vart noko delt etter som det kom for ein dag at fleire vesentlege ting var borte. Dette galdt særleg kollektbønene. Verdfulle delar av arven var sakna. Ei nærare analyse av kollektbønene sitt teologiske innhald gjorde Sv. Aalen (LK 1977, s95-100 og 125-130), Ø.Thelle (LK 178, s95-96), J. Bygstad (LK 1986, nr 2-3), m.fl. Her vart det ført fram til dels svært alvorleg kritikk av innhaldet i kollektbønene. 

Kritikken kan vi summera opp slik:

1) Kollektbønene har avstreifa lova sin andre bruk og såleis gjort eit klårt uttrykk for lov og evangelium umogeleg i det liturgiske språket.

2) Av dette fylgjer at den lutherske antropologi og lære om synda kjem mykje dårlegare fram i kollektbønene.

3) Eit veikare uttrykk for ord og sakrament som nådemiddel opnar for spiritualisme i sakramentsynet.

4) Den trinitariske struktur i bønene er gjort utydeleg. Det heng for ein del saman med at ein uklår tanke om den trieinige Gud si gjerning i openberringsøkonomien.

5) Kollektbønene er eit brot med ein verdfull fire hundre års bønetradisjon i kyrkja vår. Det lyt liggja føre svært gode grunnar om ein gjer slikt, og ein lyt i alle høve ha noko betre å setja i staden. Sett under eitt, ser det ikkje slik ut denne gongen.

Det som her er nemnt, gjer at den nye høgmesseliturgien står i eit spent tilhøve til CA. I liturgien, “das gebetene Dogma”, kjem kyrkja sitt sjølvmedvit til orde. Når mange finn at kollektbønene ber avgjerande bibelsk-reformatoriske sanningar fram mindre klårt og frimodig, vil dette med tida føra til ein alvorleg brest på det kyrkjelege medvitet.

Dette har ført til at fleire har vendt seg til biskopane våre og til liturgikommisjonen, men utan at serleg mykje kom ut av det. Ei gruppe prestar frå Bergen og FBB sitt sentralstyre sendte i 1986 eit brev til biskopane og kyrkjedepartementet der dei bad om å få nytta Veit Dietrichs gamle kollektbøner(VD) mellombels fram til kollektbønene vart retta opp. Dette vart utan vidare avvist av bispemøtet sin preses i eit brev dagsett 09.06.86. Difor gjekk gruppa i Bergen i gang med å retta opp og tilpassa VD til dei nye tekstrekkjene og det nye kyrkjeåret. Med det skulle dei avgjerande hinder vera rydda av vegen for at VD framleis kunne leve i kyrkja sin liturgi.

Dei som vart med i dette arbeidet, var kap Jan Bygstad, prost Asle Dingstad, sokneprest Stein Eirik Foss, sokneprest Arnfinn Haram, akademilektor Gunnar Johnstad, res.kap. Njål Klevberg, res.kap. Otto Odland, res.kap. Kr. Edvard Skaar, akademilektor Einar Solli og kap Thor Sommerseth.

Desse retningslinene låg til grunn for arbeidet:

1) Det er prøvt ei varleg oppdatering av språket med noko enklare setningar, og samstundes ville ein halda fast ved ein viss “høgstil”. Me har halde fast på nokre sentrale bibelske omgrep frå 1930-omsetjinga, t.d. kjøt, sjel, rettferdiggjering.

2) Me har prøvt formalt å halda fast på den trinitariske struktur i kollektbønene, slik at openberringsøkonomien kjem fram slik bønene er bygde opp. Dette vil seia at nesten alle bøner i årgangen er retta til Faderen. Dei namn Faderen vert påkalla med, er fleire enn før, og i samsvar med innhaldet i bønene. Deretter fylgjer eit refleksivt “-du som”, eller ein doksologi, og nokre få gonger ei syndsvedkjenning. Sjølve bønedelen er helst ei bøn om Den Heilage Ande, at han skal fremja det tekstane for dagen set ljoset på. Heile bøna er “-ved Sonen-”, som siste delen seier, slik at Sonen si forbønsteneste som øvsteprest vert understreka. “Ein sann Gud” er teke med frå VD, slik som no også i gjeldande høgmesse.

Ei utgreiing frå Leif Aage Tønnesen om den formale struktur i den klassiske kollektbøna, har vore til stor hjelp i denne samanheng.

Under arbeidet har arbeidsgruppa heile tida nytta både den opphavlege VD og alle seinare revisjonar til samanlikning. Dette gjorde det nokre gonger mogeleg å henta fram temata som har vore endra eller var tekne bort. Dette var nyttig også med tanke på det reint språklege.

3) Såleis har truskapen mot overleveringa ikkje vore statisk. Her er sett inn ein doksologi i fleire VD-bøner, og tilhøvet til tekstane for dagen har ein prøvt å gjera tydelegare.

4) Det nye kyrkjeåret sine tekstrekkjer krev ein del nye bøner sidan tilsvarande ikkje er å finna i VD si gamle rekkje. Slike bøner finn me på desse dagane: 4.s.i advent; Julaftan; alternativ 2 til Juledag; Nyårsnatt; 2.s.e.Kr.opb; Sundag før faste; 5.s.i faste; 6.s.etter pinse; 27 s. e. pinse; Siste s. i kyrkjeåret og 1.mai.

I desse bønene har ein freista å halda same språklege formale stil som i VD. Ellers er bønene forma etter tekstar og tema for dagen. T.d. var det daglege kallsarbeidet tema på Aposteldagen i dei gamle VD. Her vart det naudsynt å gjera apostolatet til det sentrale tema.

Til dette laut ein flytta nokon av bønene: På 2.s.e.Kr.opb.dag er ikkje ekteskapet lenger tema, endå om evangelieteksta er den same. I staden er 21.s.e.pinse vorten ekteskaps-sundag. Difor er bøna frå openberringstida flytta dit, medan det er laga ei ny bøn til 2.s.e. Kr.opb.

Sameleis er “dåpssundag”, som før var Fastelavnssundag, flytta til 1.s.e.Kr.opb, og VD for denne dagen fekk fylgja teksta.

Det ferdige arbeidet vart lagt fram på FBB sitt årsmøte hausten 1988, og etter at det var lese korrektur og gjort mindre rettingar, vert det no sendt til biskopane i kyrkja vår, Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Presteforeningen si liturgiske nemnd. Det vert også sendt FBB sine medlemer som ressursmateriell.

I bøn om at Kyrkja sin Herre let renna ut nåde- og bøneanden over folket sitt, og me framleis må sjå opp til han som vart gjennomstungen og slik verta verande under hans velsigning.

Oktober 1989        Sentralstyret i FBB

 

Kollektbønene og føreordet er omsett til nynorsk av sokneprestane Svein Morland og Otto Odland. 

Februar 1992

 

Advent/ Jul

01. 

1.sundag i advent

Herre Gud, Far i himmelen! Vi lovar og prisar deg av di du i Son din har gjeve oss ein spaklynt og rettferdig konge som har fridd oss frå synda og djevelen si makt ved sin død, og lever for å hjelpa oss mot døden.

Vi bed deg: Opplys og styr oss med din Heilage Ande så vi ikkje styggjest ved hans ringe skapnad og vanvyrde ord, men set all vår lit til denne kongen, og ved trua på han vert æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

02. 

2. sundag i advent

Herre Gud, Far i himmelen! Du som har openberra gjennom Son din at himmel og jord skal forgå, og at me ein dag skal stå opp frå dei døde og møta for domen, vi bed deg at du ved din Heilage Ande alltid vil halda oss fast til ordet ditt i ei sann tru, så vi ikkje tyngjer hjarto våre med fråtsing og drykk og sut for dette livet, men vaker og bed og med von og glede ser fram mot den dagen Son din kjem att i herlegdom, og vi vert æveleg sæle, ved Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

03. 

3. sundag i advent

Herre Gud, Far i himmelen! Du som let Son din koma til verda så han skulle frelsa oss fortapte menneske frå synd og død og Satans makt og gje oss æveleg liv, vi bed deg: Reinsa og styr hjarto våre såleis ved din Heilage Ande at vi ikkje styggjest ved vår Herre Jesus Kristus, men held oss einast til hans ord, og vakta oss frå vonløysa og fall som vi vert freista til i verda, og gjer oss æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

04. 

4. sundag i advent

Trufaste Gud og Far, du som fyrst vitna om Son din gjennom Moses og profetane, og til sist sende døyparen Johannes til å rydja veg for hans åsyn, vi takkar deg som har oppfylt ditt gode ord.

Vi bed deg at du vil opna skriftene for hjarto våre ved din Heilage Ande, så vi kan kjenna Son din, høyra hans røyst med gleda, og av takksame hjarto æra han som vår Herre og utløysar, han som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå  æva og til æva!

05. 

Julaftan/Julenatt

Herre Gud, Far i himmelen! Vi lovar og prisar deg for di store miskunn at du let din einborne Son verta menneske og gjorde denne store gleda kjend for hyrdingane på marka.

Vi bed deg: Driv bort all otte frå hjarto våre ved din Heilage Ande, og gje oss den evige gleda over han som er frelsesfyrsten vår, så vi, trass i motstand og ringeakt her på jord, kan ta del i englane sin lovsong med frimod og takksemd, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

06. 

Juledag alt 1

Herre Gud, Far i himmelen! Vi lovar og prisar deg for den store miskunn at du let Son din ta vårt kjøt og blod på seg, og at du ved han har frelst oss frå synda og døden og gjeve oss ei æveleg glede.

Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande så vi tek imot denne frelsa med takksame hjarto, trøystar oss til din nåde i all naud og freisting og så vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

07. 

Juledag alt 2

Evige Gud, Far i himmelen, du som ved Ordet har skapt alle ting, og oss menneske til samfunn med deg, vi lovar og takkar deg av di du let din einborne Son, Jesus Kristus, verta menneske fødd av Maria møy, så vi ved han skulle verta dine born fødde på ny ved vatn og Ande.

Vi bed deg: Lat ditt ord opplysa hjarto våre ved din Heilage Ande så vi kan sjå herlegdomen åt Son din, ta imot han som vår Frelsar og med han kalla deg Far, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

08. 

Stefanus dagen

Herre Gud, Far i himmelen, du som let den heilage Stefanus lida martyrdøden for Jesu skuld og slik gjorde han til eit vitne om det riket som ikkje er av denne verda, vi bed deg at du ved din nåde vil halda oss fast i trua på evangeliet, så vi held ut og ikkje svik når du let oss lida vondt for Jesu skuld, men saman med dine vitne gjennom alle tider og på alle stader vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

09. 

Sundag etter jul

Evige Gud, Far i himmelen, du som har openberra di frelse for alle folkeslag og sett Son din til fall og oppreising for mange i Israel, vi bed deg: Opna augo våre ved din Heilage Ande så vi kan sjå di frelse og saman med di heilage kyrkje av jødar og heidningar kan vedkjennast Jesus Kristus som Utløysar og Herre. Hjelp oss i vår dødstime å lita på dine lovnader og trøysta oss til din nåde som gjer oss æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

10.

Nyårsnatt

Heilage, ævelege Gud!

Du har vore ein bustad for oss frå ætt til ætt. I di hand er alle våre tider, og di miskunn er det at det enno ikkje er ute med oss.

Vi sannar at vi mange gonger og på mange måtar har såra deg og er skuldige til dom og straff.

Herre, tilgjev oss syndene våre og reinsa oss for all urettferd etter din lovnad i Kristus Jesus, så vi i ei fast von til han kan gløyma alt som er attanfor, jaga mot målet og fullføra laupet, ved din kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

11. 

Nyårsdag alt 1

Miskunnsame Gud, Far i himmelen! Vi takker deg for din faderlege nåde at du let Son din gå inn under lova, så han ved ein fullkomen lydnad skulle gå inn under din vreide og lækja vår ulydnad.

Vi bed deg: Opplys hjarto våre ved din Heilage Ande så vi i vår syndenaud søkjer trøyst i hans lydnad og ved Anden din lever som dine lydige born, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

12. 

Nyårsdag alt 2

Miskunnsame Gud, Far i himmelen, du som ved omskjæringa la din kjære Son under lova så vi skulle løysast or lova si forbanning, vi bed deg: Gjev oss din nåde så vi får del i denne utløysinga og så vert æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

Openberringstida

13. 

Kristi openberringsdag

Herre Gud, Far i himmelen! Du som leia dei vise menn til det vesle barnet Jesus, og har late ditt heilage Ord lysa for oss som den sanne stjerna, vi bed deg: Send din Heilage Ande i hjarto våre, så vi får visdom til å verta sæle ved dette ljoset, og ærar Son din med alt det som høyrer oss til. Lat ditt rike ha framgang her hjå oss og mellom alle folkeslag, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

14. 

1. sundag etter 

Kristi openberringsdag

Herre Gud, Far i himmelen! Du som ved din Heilage Ande openberra Son din då han vart døypt, og ved di røyst viser oss til han som har teke alle våre synder på seg, vi bed deg: Lat oss som er døypte etter din vilje og på din kjære Son si føresegn, verta styrkte i trua på han ved din Heilage Ande og slik verta sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

15. 

2. sundag etter 

Kristi openberringsdag

Herre Gud, Far i himmelen! Vi lovar og prisar ditt heilage namn av di du sende Son din, Jesus Kristus, då tida var komen, så han skulle metta fattige med gode gåver, og lata dei drikka or gledebekken din.

Vi bed deg: Lat opp augo våre ved din Heilage Ande, så vi kan sjå hans herlegdom og med frimod halda oss til han i all vår naud, til dess vi sit til bords i ditt fullkomne rike og får sjå han som han er, han som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

16. 

3.sundag etter 

Kristi openberringsdag

Allmektige, miskunnsame Gud, du som i din store kjærleik har gjeve oss Son din, og let han verta menneske og døy på krossen for vår skuld, vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande i hjarto våre, så vi set vår lit til han som har bore våre sjukdomar, og som berre ved eitt ord kan berga oss or all naud, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

17. 

4. sundag etter 

Kristi openberringsdag

Allmektige Gud, Far i himmelen, du som etter di faderlege råd fører borna dine her på jord under krossen, og ofte let trengsle koma over oss for å dempa synda og øva oss i tru, von og stendig bøn, vi bed deg: Miskunna deg over oss i all anfekting og naud så vi kan læra å kjenna din nåde og ditt faderlege vern, og så, med alle dine heilage, lova og prisa deg til æveleg tid, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

18. 

5. sundag etter 

Kristi openberringsdag

Herre Gud, Far i himmelen! Vi takkar deg som har sådd den gode sed, ditt heilage ord, i hjarto våre.

Vi bed deg at du ved din Heilage Ande vil lata denne sed bera rik frukt her hjå oss. Vern oss mot den vonde fienden så han ikkje får sådd ugras i vår hjartejord, vakta oss frå å verta kjøtleg trygge, vara oss i otte for deg og hjelp oss i alle freistingar til vi vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

19. 

Vingårdsundagen

Herre Gud, Far i himmelen, du som har kalla oss inn i vingarden din ved ditt heilage ord, vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande i hjarto våre, så vi arbeider trutt i vingarden, vaktar oss for synd og skam, lever i lydnad mot din vilje, og ikkje lit på vår eiga forteneste, men einast på din nåde som du så rikeleg har synt oss i din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, han som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

20. 

Såmannssundagen

Herre Gud, Far i himmelen! Vi takkar deg som ved Son din Jesus Kristus har sådd ditt heilage ord her hjå oss.

Vi bed deg at du vil reinsa og fornya hjarto våre ved din Heilage Ande så vi trutt høyrer ordet ditt, gøymer det i gode hjarto, og ber frukt av det i tolmod. Styrk oss i trua, og løys oss frå synda si makt, og trøysta oss når vi vert forfylgde, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

21. 

Kristi forklåringsdag

Ævelege, miskunnsame Gud, Far i himmelen, vi takkar deg som har late ljoset frå ditt evangelium skina mellom oss, og har openberra herlegdomen åt Son din.

Vi bed deg: Vekk oss opp ved dette ljoset og styrk oss med din nåde så vi i ein kristeleg livnad kan ferdast i tru og gode gjerningar til me når det fullkomne ljoset og vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

22. 

Fastelavnssundag

Herre Gud, Far i himmelen, du som etter din ævelege vilje let Son din, Jesus Kristus, døy for syndene våre, og har tala om dette gjennom dine heilage profetar, vi bed deg at du vil opna augo våre ved din Heilage Ande, så vi kan kjenna han som døydde i vår stad, fylgja han på lidingsvegen, og med han nå fram til oppstoda frå dei døde, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

Fastetida

23. 

1.sundag i faste

Herre Gud, Far i himmelen! Vi vert alltid freista av den vonde fienden, for han går omkring som ei brølande løve og vil finna nokon å gløypa.

Difor bed vi deg for Jesu Kristi lidings og døds skuld at du vil koma oss til hjelp med din Heilage Ande. Styrk hjarto våre med ditt ord så den vonde fienden ikkje får makt over oss, men hald oss fast i nåden til vi vert æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

24.

 2.sundag i faste

Herre Gud, Far i himmelen! Vi bed deg at du vil styrkja hjarto våre ved din Heilage Ande og gjera oss visse i trua på din nåde og di miskunn. Vi er syndige og uverdige og veit at vi lyt ottast deg, og difor bed vi: Hald oss fast ved din nåde så vi finn hjelp og berging einast hjå deg i all naud og freisting. Ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

25. 

3.sundag i faste

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg av di du let din einborne Son, Jesus Kristus, verta menneske, for at han skulle gjera ende på djevelens gjerningar og verna oss mot den vonde fienden.

Vi bed deg: Reis deg, Herre, i ditt velde, og kom oss til hjelp i all freisting og anfekting. Vakta oss mot kjøtleg tryggleik, og lat din Heilage Ande halda oss fast i ditt ord og i otte for deg, så vi alt til enden kan verta fridd frå den vonde fienden, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

26. 

Midtfastesundag

Allmektige Gud, Far i himmelen, du som ved Son din rikeleg metta dei fem tusen i øydemarka,

vi bed deg: Ver i nåde hjå oss med din Heilage Ande så vi ikkje arbeider for den mat som forgår, men for den mat som gjev evig liv, det levande brødet som kjem ned frå himmelen, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

27. 

5.sundag i faste

Heilage Gud, Far i himmelen!

Vi takkar og prisar deg av di du har valt ut din einborne Son, Jesus Kristus, til å gå i døden i staden for oss, og berga oss frå undergangen.

Vi bed deg: Send ut din Ande og drag hjarto våre til han som vart gjennomstungen, så vi som er kjøpte fri ved hans blod, kan verta frelste i trua, og til sist samlast kring din kongsstol i æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

28. 

Marimesse

Allmektige Gud, Far i himmelen, du som i din useielege nåde sende Son din til verda, avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy,

vi bed deg at vi som av naturen er falne menneske, for Jesu heilage fødsels skuld må verta reinsa frå synd, og nyskapte etter ditt bilete, så vi med Maria kan fryda oss over di frelse og få æveleg liv, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

Påske

29. 

Palmesundag alt 1

Heilage Gud, Far i himmelen!

Vi fattige syndarar takkar og lovar deg som ikkje sparte din eigen Son, men gav han i ein tenars skapnad, så han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.

Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande, så vi kan kjenna han, vår rettferds konge og øvsteprest, nyta frukta av hans liding og død, og fylgja etter han i audmykt og lydnad, til dess vi når fram til det ævelege mål hjå deg, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

30. 

Palmesundag alt 2

Herre Jesus Kristus, du Guds Son som tok ein tenars skapnad på deg, nedra deg sjølv så du vart lydig til døden, ja, døden på krossen, vi bed deg: Gjev oss ved din Heilage Ande å kjenna deg, vår rettferds konge og øvsteprest, så vi får del i velgjerningane du vann oss ved di liding og din død, og fylgjer etter deg i audmykt og lydnad, til dess vi når fram til det nye Jerusalem som du har gjort ferdig for dine, du som med Faderen lever og råder i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

31. 

Skjærtorsdag

Herre Jesus Kristus! Vi takkar deg av di du i din store nåde har sett inn den heilage nattverden, der du gjev oss din eigen lekam og ditt dyre blod.

Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande, så vi ikkje brukar dine gåver uverdig, men sannar syndene våre, og kjem i hug di liding og din død til forlating for syndene.

Gjev oss dag for dag å gå fram i tru og kjærleik, til vi ein dag sit til bords med alle dine i ditt fullkomne rike, du som med Faderen lever og råder i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

32. 

Påskedag

Herre, du levande Gud, Far i himmelen!

Vi prisar ditt heilage namn, og takkar deg av di du gav Son din, Jesus Kristus, i døden for våre synder og reiste han opp til vår rettferdiggjering.

Vi bed deg: Styr og lei oss ved din Heilage Ande, og hald oss oppe i ei sann tru, vakta oss mot alle synder, og vekk oss etter dette livet opp til æveleg liv, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

33. 

2.påskedag

Herre Gud, Far i himmelen, du som openberra Son din for dei to læresveinane på vegen til Emmaus,

vi bed deg: Opplys også hjarto våre ved ditt ord og din Heilage Ande, så vi kan verta sterke og stødige i trua og halda fast på ordet ditt, bruka det rett og gjerne tala om det.

Og skal vi, som vår Herre Jesus Kristus, lida mykje vondt her på jorda, så lat oss alltid ha ei fast trøyst av ordet ditt, til vi etter dette livet skal vekkjast opp att til æveleg liv, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

34. 

1.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg for din useielege nåde, at du ved Son din, Jesus Kristus, har gjeve di kyrkja det heilage evangeliet og dei høgverdige sakramenta for å trøysta oss og gje oss forlating for syndene.

Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande, så vi av hjarta trur ditt ord, og dag for dag vert styrkte i trua ved dine heilage sakrament, til dess vi vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

35. 

2.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen!

Du som i di miskunn har kome i hug oss syndige menneske, og sett din kjære Son til hyrding over oss, så han kan fø oss med ordet sitt og verja oss mot synda, døden og djevelen,

vi bed deg: Gjev oss ved din Heilage Ande å kjenna han, halda oss nær til han, søkja hjelp og trøyst hjå han, og av hjarta fylgja hans røyst, han som kjenner oss og tek seg av oss i vår naud, til dess vi vert æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

36. 

3.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen! Du som med ein Fars miskunn held dine born i age her på jorda, så vi kan vera lik din einborne Son i liding og sidan i herlegdom,

vi bed deg: Trøysta oss under kross og trengsel med din Heilage Ande, så vi ikkje sig ned i vonløyse, men stendig lit på Jesu lovnad om at sorga vår varer berre ei lita stund, og så kjem æveleg glede. Gjev oss i denne vona å vinna over alt med tålmod, og så verta æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

37. 

4.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen!

Du som ved Son din lova å senda Den Heilage Ande, for at han skal vera din Talsmann og gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er,

vi bed deg: Lys opp hjarto våre , så vi sannar syndene våre og ved trua på Kristus vert æveleg rettferdige. Gjev oss i all naud og anfekting å halda fast på den trøysta at Kristus er Herre over djevelen og døden og alle ting, og fria oss frå alt vondt og gjer oss æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva! 

38. 

5.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen!

Du som ved Son din har gjeve oss barnekår, og lova at du vil gje oss alt det vi bed om i hans namn,

vi bed deg: Hald oss fast ved ordet ditt og gjev oss din Heilage Ande, så han kan styra og leia hjarto våre etter din vilje, og vakta oss mot djevelens åtak, falsk lærdom og rang gudsdyrking.

Vara lekam og liv frå ulukke, og gje oss velsigning og fred, så vi i alle ting får kjenna di nådige hjelp, og lovar og prisar deg som vår himmelske Far, først her i tida og sidan i all æva, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva! 

39. 

Helgetorsdag

Herre Jesus Kristus, du allmektige Guds Son, som ikkje lenger er fattig og arm på jorda, men sit ved Faderens høgre hand og er Herre over alle ting,

vi bed deg: Send oss din Heilage Ande, og gjev di kyrkje gudlege tenarar. Vak over ordet ditt, hald Satan og alle valdsmenn i taumar, og hald med velde ditt rike oppe på jorda, til dess alle dine fiendar ligg under føtene dine, du som lever og råder saman med Faderen i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

40. 

6.sundag etter påske

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg av di du ved din Heilage Ande har sett oss til å vitna om Son din, vår kjære Herre Jesus Kristus.

Sidan verda ikkje kan tola dette vitnemålet, men alltid står imot det, bed vi deg at du vil gje oss frimod og trøyst, så vi ikkje styggjest ved krossen, men held fast ved vitnemålet, og alltid er mellom dei som kjenner deg og Son din, til dess vi vert æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva! 

Pinse

41. 

Pinsedag

Herre Jesus Kristus, du allmektige Guds Son!

Vi prisar ditt heilage namn, du som let Andens eld koma over apostlane og gjorde deg eit folk av alle ætter og tungemål.

Vi bed deg: Gjev oss ved ditt ord Den Heilage Ande i hjarto våre, så han kan styra og leia oss etter din vilje, trøysta oss i all naud og freisting, rettleia oss i di sanning og vakta oss mot all villfaring. Gjer oss støe i trua, før oss fram i kjærleik og gode gjerningar, og lat oss verta æveleg sæle i ei fast von til den nåde du har vunne oss ved di liding og din død, du som lever og råder saman med Faderen i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

42. 

2.pinsedag

Herre Gud, Far i himmelen, du som med ein Fars kjærleik til oss arme syndarar har gjeve oss din einborne Son, så vi skal tru på han og verta frelste,

vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande i hjarto våre, så vi vert støe i trua heilt til enden, og så vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

43. 

Trieiningssundag

Heilage Gud, Far i himmelen!

Du har ved Son din, Jesus Kristus, sagt oss at det som er fødd av kjøt, er kjøt og kan ikkje sjå ditt rike. Vi sannar at det ikkje bur noko godt i vårt kjøt, og at vi av oss sjølve går til grunne i synd og æveleg død.

Difor bed vi: Send din Heilage Ande i hjarto våre og gjer nye menneske av oss for Jesu Kristi skuld, så vi fullt og fast trur forlating for syndene, som vart gjeve oss i dåpen, og lat oss dag for dag veksa i kjærleik til nesten og i all god gjerning, til dess vi vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

44. 

2.sundag etter  pinse

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi bed deg at du ved din Heilage Ande vil vekkja opp og styra hjarto våre, så vi ikkje, som den rike mannen, høyrer ordet ditt utan frukt, og for dei timelege ting gløymer dei ævelege.

Vekk og styr hjarto våre ved din Heilage Ande, så vi (friviljug og gåvmildt) hjelper fattige, ikkje lever i hovmod og vellivnad, eller vert motlause under kross og ulukke, men set all vår lit til din ævelege nåde og di hjelp, og vinn over alt med tolmod, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

45. 

3.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg som ved ditt heilage ord har kalla oss til det ævelege livs måltid.

Vi bed deg: Vekk opp hjarto våre ved din Heilage Ande, så vi ikkje høyrer ordet ditt til fånyttes og let noko i denne verda hindra oss, men fylgjer ditt nådige kall og kjem til ditt gjestebod, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

46. 

4.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen! Vi er alle som villfarande sauer og har late Satan og vårt eige syndige kjøt føra oss bort frå den rette vegen.

Vi bed deg: Vær oss nådig! Tilgjev oss alle våre synder for Son din, Jesus Kristi skuld. Vekk opp hjarto våre ved din Heilage Ande så vi held fast ved ordet ditt, og med rett anger og stødig tru vert verande i di kristne kyrkje alt til endes, og så vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

47. 

5.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen, du som er miskunnsam og for Jesu skuld har lova at du ikkje vil fordøma oss, men nådig forlata oss alle syndene våre og gje oss det vi treng til lekam og sjel,

vi bed deg at du ved din Heilage Ande vil gjera trua på di miskunn viss og fast i hjarto våre. Lær oss å vera miskunnsame mot nesten vår, så vi tilgjev kvar og ein, ikkje fordømer nokon, men heller dømer oss sjølve, og lever sæle i otte for deg, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

48. 

Aposteldagen - 

6.sundag etter pinse

Herre, du levande og trufaste Gud, vi lovar og prisar ditt heilage namn av di du har gjeve oss din eigen Son som vårt frelses berg, og ved ordet om han byggjer di kyrkje på apostel- og profetgrunnvollen.

Vi bed deg: Driv arbeidarar ut til di haustvinne, hald tenarane dine fast ved ditt ord, og gje dei å forkynna det klårt og reint til tukt og trøyst. Gjev folket ditt øyro til å høyra di røyst, og fri oss frå trass mot ordet, så ljoset ditt ikkje må takast frå oss, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

49. 

7.sundag etter pinse

Heilage Gud, Far i himmelen!

Vi sannar at vi er fattige og hjelpelause syndarar og at det ikkje er noko godt i vårt kjøt. For både hjarto og naturen er så forgifta av synda at vi her i verda ikkje kan vera utan den vonde hug i hjarta.

Difor bed vi deg, kjære Far, for Jesu Kristi skuld, tilrekna oss ikkje våre missgjerningar! Reinsa hjarto våre ved din Heilage Ande så vi får hug og kjærleik til ditt ord, lever etter det og vert æveleg sæle av din nåde, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

50. 

8.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen, du som ved Son din rikeleg metta dei mange tusen i øydemarka,

vi bed deg: Ver nådig her hjå oss og med di velsigning. Vara oss for gjerrigskap og verdslege suter, og gjev at vi først søkjer ditt rike og di rettferd, og kan kjenna di faderlege hjelp i alt vi treng til lekam og sjel, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

9.sundag etter pinse

Heilage Gud, himmelske Far! Vi takkar deg av hjarta, for du har late oss kjenna ditt heilage ord.

Vi bed deg at du nådig vil halda oss fast ved Ordet til vår siste dag. Send oss prestar og forkynnarar som lærer folket med truskap og vara dei for usømd og alt vondt. Vakta di arme kyrkja mot vrang lærdom og hindra dei råd som forfalskar ditt ord, så di sanne kristne kyrkja framleis må stå fast mellom oss, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

52. 

10.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen, du som velsignar arbeidet vårt og gjev oss vårt daglege brød,

vi bed deg:

Vara oss frå havesykje og vekk opp hjarto våre, så vi viljug deler av di velsigning med dei fattige, og du kan finna oss som trugne hushaldarar over dine gåver, og vi ikkje vert ståande utan din nåde når vi vert løyste frå dette hushaldet og kjem for din dom, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

53. 

11.sundag etter pinse

Allmektige, ævelege Gud! Vi lovar og prisar deg av di du ved din Heilage Ande har openberra oss ordet om din kjære Son, Jesus Kristus.

Vi bed deg: Vekk opp hjarto våre, så vi med alvor tek ordet til oss, og ikkje høyrer det i vantru og vert utan frukt liksom ditt folk Israel, men gjev oss å leva i otte for deg, dagleg veksa i trua på di miskunn, og så til sist verta æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

54. 

12.sundag etter pinse

Heilage Gud, Far i himmelen!

Vi bed deg at du vil styra hjarto våre slik ved din Heilage Ande, at vi ikkje gløymer syndene våre og set oss sjølve høgt. Men gjev oss ein rett anger og ei dagleg omvending, og lat oss ha den einaste trøyst at du vil vera oss nådig og forlata oss syndene våre og gjera oss æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

55. 

13.sundag etter pinse

Allmektige, ævelege Gud, du som har skapt alle ting, vi takkar deg av di du har gjeve oss liv og helse, og nådig varer oss i skade og fåre. 

Vi bed deg: Sjå i nåde til oss så vi med øyro våre trutt høyrer ordet ditt og tek det til hjarta, og med tunga vår prisar og høglovar di miskunn, så talen vår ikkje støyter nokon, men er deg til ære og vår neste til gagn, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

56. 

14.sundag etter pinse

Miskunnsame Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg av hjarta for du har late oss leva i denne sæle tid då vi kan høyra ditt heilage evangelium, kjenna din vilje og sjå din Son Jesus Kristus.

Vi bed deg for di store miskunn at du vil lata oss få ha ljoset av ditt heilage ord. Styr hjarto våre ved din heilage Ande, så vi aldri fell frå Ordet, men held fast ved det til dess vi vert æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

57. 

15.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen, du som ved dåpen og trua har berga oss frå synda si ureine og tunge plage og dagleg gjev oss di nådige hjelp,

vi bed deg: Vekk opp hjarto våre ved din Heilage Ande, så vi aldri gløymer velgjerningane dine, men stødt lever i otte for deg, og i ei fast tru på di miskunn alltid lovar og prisar deg av takksame hjarto, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

58. 

16.sundag etter pinse

Allmektige Gud, himmelske Far!

Vi takkar deg for alle dine velgjerningar mot oss, du som har gjeve oss livet og nådig halde oss oppe til denne dag.

Vi bed deg: Ta ikkje di velsigning frå oss, men vakta oss for gjerrigskap, så vi ikkje tener Mammon og øydelegg sjela med avgudsdyrking. Gjev oss å elska og tena einaste deg og vera fast hjå deg i tillit til din nåde, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

59. 

17.sundag etter pinse

Herre, du levande Gud og Far!

Vi takkar deg av di du har late din einborne Son verta menneske, så han med sin død skulle gjera opp for våre synder og med sitt liv frelsa oss frå den ævelege døden.

Du som med eit ord skapte liv av døde, vi bed deg: Gjer den vona fast i hjarto våre at du vil vekkja oss opp på den siste dagen og gjera oss æveleg sæle, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

 60. 

18.sundag etter pinse

Herre Gud, himmelske Far!

Vi takkar deg for kviledagen som du har sett til samlingsdag for di kyrkje på jorda.

Vi bed deg: Gjev oss din Heilage Ande i hjarto våre så vi stendig søkjer ditt hus og høyrer ditt ord, og slik held ein heilag sundag saman med kyrkjelyden. Styr og leid oss med din Ande så vi ikkje opphøgjer oss sjølve, men audmykt lever i otte for deg og set all vår lit til din Son, Jesus Kristus, han som åleine er vår rettferd og utløysing. Vara oss frå menneskebod og lovtrældom, så vi rettar livet vårt etter ditt ord, og ein gong går inn til den ævelege kvila, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

61. 

19.sundag etter pinse

Heilage Gud, himmelske Far!

Du har openberra di heilage lov og avsløra oss som fortapte syndarar. Din vilje kjenner vi, men maktar ikkje å leva etter han, og den vonde freistaren vil heller ikkje lata oss i fred.

Vi bed deg: Gjev oss din heilage Ande i hjarto våre, så vi med ei fast tru held oss nær til din Son, Jesus Kristus, og trøystar oss til hans liding og død. Gjev oss å leva i ein heilag livnad til dess vi, ved din nåde, døyr sæle bort frå denne verda, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

62. 

20.sundag etter pinse

Allmektige, miskunnsame Gud,

du som ved Jesus Kristus nådig let lame gå og blinde sjå, og dagleg hjelper oss til lekam og sjel, 

vi bed deg: Ver nådig mot oss og, og tilgje oss alle våre synder, og ver hjå oss i sjukdom og naud med lækjedom og trøyst. Styr hjarto våre ved ditt ord og din Ande, så vi ikkje gjev årsak til sjukdom og anna ulukke. Vara oss i otte for deg, så vi av nåde vert frelste frå din vreide og di straff både her i tida og sidan i all æve, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

63. 

21.sundag etter pinse

Allmektige Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg av di du har gjeve oss det heilage ekteskapet og slik gjev oss ein velsigna heim og varer oss frå sedløyse.

Vi bed deg: Gjev alle ektefolk otte for deg, så dei ikkje lever i vreide og strid, men i kjærleik og fred, og hjelper kvarandre fram mot det ævelege livet. Gjev oss å oppseda borna våre etter din vilje, ferdast for di åsyn i ein rein og heilag livnad, og vara oss gjennom all naud og freisting til vi ein gong går inn til bryllaupsmåltidet åt Lammet, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

64. 

22.sundag etter pinse

Miskunnsame Gud, Far i himmelen, du som ved Son din, Jesus Kristus, har grunna eit nåderike for oss her i di heilage, kristne kyrkja, og openberra for umyndige det du har løynt for vise og vituge, vi bed deg: Forlat oss nådig alle våre synder, gjev sjelene våre kvila hjå Son din, og æveleg sæle etter vår stutte tid her på jorda, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

(Denne bøna stammer frå 26.s.e.trieining med Matt 11 som hovudtekst. No samsvarar ho ikke heilt med tekstane og burde skrivast om i samsvar med dei.) 

65. 

23.sundag etter pinse

Heilage Gud, Far i himmelen!

Vi sannar at vi er fortapte syndarar som står i djup skuld til deg. Men vi takkar deg av hjarta av di du har teke all vår skuld frå oss og lagt på din kjære Son, Jesus Kristus.

Vi bed deg: Hald oss oppe i trua og styr hjarto våre med din Heilage Ande, så vi lever etter din vilje, og elskar og tener vår neste, let vreide og hemn fara, og ikkje fører din vreide over oss, men får kjenna deg som vår nådige Far, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

66. 

24.sundag etter pinse

Allmektige Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg som gjev oss fred i landet og varar oss frå krig og framandt herrevelde.

Vi bed deg: Sjå i nåde til dei som lever i naud og ufridom. Gjev at vi kan leva i otte for deg og etter din vilje, så vi ikkje vert årsak til ufred og annan straffedom. Lei og råd styresmaktene våre så dei ikkje hindrar den lydnaden vi som folk skuldar deg, men fremjar alt som er rett og godt i dine augo, og slik lever under di velsigning, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

67. 

25.sundag etter pinse

Allmektige, ævelege Gud,

du som ved Son din har lova oss forlating for syndene og frelse frå dødens makt,

Vi bed deg: Styrk oss ved din Heilage Ande, så vi dagleg veks i trua på din nåde, og har den faste von at vi ikkje skal døy, men sovna i fred og vera heime hjå Herren, og på den siste dagen vekkjast opp att til det ævelege livet, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

68. 

26.sundag etter pinse

Herre Gud, Far i himmelen!

Vi takkar deg som ved ditt ord har opna veg for oss ut or lovtreldoms myrker og inn i ditt nådeljos.

Vi bed deg: Tak ikkje dette ljoset frå oss, men vara oss i nåde frå all forføring og villfaring. Gjev at vi tek imot ordet ditt av eit heilt hjarta og rettar oss etter det, vaker og bed og set all vår lit til din nåde og din Sons dyre utløysing, ved denne din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

(Ikkje lenger svarande til tekstane (gamle 25.s.i.tri.). Det bør lagast ny bøn.)

69. 

27.sundag etter pinse

Allmektige, ævelege Gud!

Vi lovar og prisar deg som ved Jesu død har grunnfest ditt rike på jorda, og ved evangeliet breier ut hans herrevelde.

Vi bed deg: Send din Ande og hald oss fast i trua på Jesus. Fullfør di gjerning for oss til du har lagt alle ting under hans føter og du vert alt i alle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

70. 

Siste sundag i kyrkjeåret

Heilage, allmektigeGud!

Vi takkar deg som har opphøgd din einborne Son, vår Frelsar, og sett han ved di høgre hand til konge og domar over levande og døde.

Vi sannar for deg at vi er uverdige tenarar, for ingen som lever, er rettferdige for di åsyn.

Vi bed deg: Herre, stryk ut våre brot og lær oss ved din Heilage Ande å vaka og be, så vi ikkje må falla i svevn eller verta utan trua sine frukter. Gjev oss ei sann tru på din Son, så vi kan ha frimod på domedag, ved denne kjære Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

71. 

Bot og bededagen

Miskunnsame Gud, himmelske Far, du som tilgjev synd og syner miskunn mot alle som kallar på deg av eit angerfullt hjarta, vi bed deg, kjære Far: Forlat oss alle misgjerningane våre, og gjev oss din nåde, så vi legg av all urettferd og vender om til deg av eit heilt hjarta. 

Gjev at vi ved din Son må leva i tru og lydnad, og ved din Ande bera dei rette omvendings frukter, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva! 

72. 

Helgemessesundag

Allmektige, ævelege Gud, du som helgar alle dei du har valt deg ut ved din kjære Son, Jesus Kristus, og fullfører di gjerning i dei, vi bed deg: Gjev oss ved din Heilage Ande å bera rikeleg frukt for deg, så vi kan følgja etter dine heilage i tru, von og kjærleik, og med dei verta æveleg sæle, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!

73. 

1. mai

Herre Gud, Far i himmelen!

Du har skapt himmel og jord og held oppe alle ting ved ditt allmakts ord. Vi takkar deg og sannar at vi er ringare enn all den miskunn du har synt oss.

Vi bed deg: Bygg landet vårt i rettferd og fred og gjev styresmaktene våre å fremja din gode vilje. Reis deg, Herre, og løys dei trelka or tvang, gjev fangar fridom og hindra valdsmenn i all deira ferd. Gjev folket vårt otte for deg og age for ditt ord, så vi kan leva til di æra og til gagn for nesten, ved din kjære Son, Jesus Kristus, vår Herre, som lever og råder saman med deg i eining med Den Heilage Ande, ein sann Gud frå æva og til æva!