Om Kirkelig Fornyelse

18.08.2019
Ottar Mikael Myrseth
Aktuelt Kirkelig Fornyelse Fornyelse Kirke Endring Folkekirke

I to mannsaldrar samla organisasjonen med det programmatiske namnet ’bønne- og arbeidsfellesskap’ likesinna til målretta og forpliktande arbeid for å bringe folkekyrkja inn på apostolisk kurs.

Ottar Mikael Myrseth

I januar 2017 tok det slutt i samband med 50-årsmarkeringa. No er boka med KF’s historie på marknaden, og både vener og fiendar får høve til å gjere opp status for eigen del.

Nedlegginga av organisasjonen hadde fleire årsaker, men mest betydde det nok at mange i kjernetroppene dei siste to ti-åra gjekk i kvar si retning i spørsmålet om det enno var råd å redde Den norske kyrkja si apostoliske sjel. Dei som frimodig heldt fram i si teneste og dagleg bad og arbeidde for å fornye folkekyrkja, vart færre. Trua på at det let seg gjere å snu det store kyrkjeskipet skranta. Stadig fleire drog seg attende til lokale og avgrensa kyrkjelydsfellesskap og enda meir eller mindre som kongregasjonalistar. Andre fann sin utveg som konvertittar til både lutherske, katolske og ortodokse kyrkjer, og det tappa også organisasjonen for krefter. 

På 1960-talet skapte studentopprøret eit nytt vestleg samfunn. Konsilet skapte irreversible endringar i den Romersk-katolske kyrkja. Og teologistudentar og unge prestar sette seg føre å bli eit incitament til åndeleg fornying av folkekyrkja. 

Men motstanden var hard, og strategien endra seg. Fornyingsarbeidet gjekk gradvis over frå  incitament til supplement i både teologi, liturgi og kyrkjeleg praksis. Men frå 90-talet vart KF-rørsla stadig meir prega av at fornyinga måtte formidlast gjennom miljø som realiserte heilt ut det som mangla. Og ei ny erkjenning voks fram: Det trengst reelle alternativ til det beståande. Det nyttar ikkje lengre. Dei som har makta, vil ikkje det vi vil. Alternativet vart retrett og konvertering.

Den kyrkjelege fornying handla om synlege og lett forståelege fenomen som prosesjonar og lys. Det har sett merkbare spor etter seg i mange kyrkjelydar. Men fornyinga stakk djupare enn til det estetiske og visuelle. Kampen stod om ei samtidstilpassa kyrkje eller truskap mot den apostoliske tradisjonen. Kort sagt om kyrkja si sjel. 

Fornyinga sitt ansikt handla om å bygge kyrkje innanfrå. Når embetsidentitet, nattverdvin, abortsak og dåpspraksis kom på dagsorden som kampsaker, handla det om naudsynte element i ein større visjon. ’Vi bles på fløyte for dykk, men de ville ikkje dansa. Vi song syrgjesongar, men de ville ikkje klaga’.

KF vart ikkje berre ein eld som slokna. KF sette spor og leverte vitnemål som står seg. Det er ikkje for seint å kome til sannings erkjenning for nokon kvar, sjølv om folkekyrkja driv vidare ’vinglande vilt mellom graver’ (Blix).

 

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidligere på trykk i Dagen)