Om nattverden

13.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser) Sakramentene

FBB-nytt:

Nr. 2, Mai 1991, 28. årgang


Einar Erikstein:

Om nattverden.


Liksom me mange gonger uttala oss om forkynninga av Guds ord og den rette forvaltning og oppfylging av dåpen som det synlege nådemidlet han er, har me også kjent trong til å uttale oss om nattverden.

Og vårt mål er framfor alt å framheve den sentrale plass nattverden har i vår tru og vårt kristne liv. Kristendom er det same som å ta imot Kristus Jesus, som er det Guds Lam som bar verdsens synd (Joh. 1, 29).

I nattverden tek me imot Han verkeleg ved eit guddomeleg under i og med og under brød og vin, slik ikkje minst Martin Luther så sterkt har vitna om det.

Ved innstiftinga bad Jesus oss at me skulle feire nattverden til minne om Han (Luk 22,19).

Dette skulle me sikkert leggje vekt på:

Å minnast betyr og å minnast rett. Me skal minnast Jesus slik Han trer fram for oss i evangelia og vita at Han er den same i går og i dag, ja til evig tid (Hebr. 13,8). Han me tek imot, er altså den Jesus som evangelia har bore bod til oss om: Han som gav seg sjølv til løysepenning for mange (Mark 10,45; Matt 26,28). Og det er Han som samla, og difor også i dag samlar, syndarar ikring seg, dei som held seg nær inntil Han (jfr. Luk. 15,1). Det er dei som kjem med si syndenaud og si sjelsuro (Matt. 11,28), slike som treng til lækjar (Luk. 5,31), som skal få trøyste seg til lovnaden om at dei som kjem til Han, skal Han såvisst ikkje støyte bort (Joh. 6,37).

Han bed oss uttrykkeleg å koma:

"Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera". (Matt. 11,28) Skal me ikkje høyre ein gjenklang av desse orda også i nattverden, der han sjølv er verkeleg tilstades? Nattverden har ikkje noko meir skræmande over seg enn Jesus sjølv har det, og me skal ikkje trekkje noko frå eller leggje noko til bodskapen om Han når me på Hans bod tek imot Han i vår nattverdfeiring.

For det urolege og ofte syndetyngde hjarte vil me serskilt vitne om at me i nattverden får del i Jesu offer av seg sjølv, eit offer gjennomtrengt av den kjærleiken Han hadde til sine heilt til det siste (Joh. 13,1) og som difor lever i Han når me i dag tek imot HAN i dette måltidet. Me trer ikkje fram med våre gode eigenskapar eller gjerningar, men med det fullkomne offer Gud sjølv har syrgd for (jfr. 1Mos. 22,8.13). Me tek på ein serskilt og konkret måte mot Han som Gud i sin kjærleik til verda gav, så me ikkje skulle fortapast, men ha evig liv (Joh. 3,16). I nattverden tek me imot Han "som for oss menneske og til vår frelse steig ned frå himmelen og ved Den Heilage Ande og av Maria møy vart menneske av kjøt og blod.. (og) vart krossfest for oss.." (Den nikenske truvedkjenning).

Me veit - Gud vere lova - at me ikkje skal sjå på Jesu død fyrst og fremst i frå den sida at her vart den skuldlause urettferdig dømt til døden, men framfor alt på den måten at her bar den skuldlause seg fram som offer for oss syndarar - ein gong for alle (Hebr. 7,27)

Så skal me rett minnast Han som offeret for våre synder og ta del i nattverden som eit forsoningsmdltid.

I forkynning og sjelsorgskal me seia: Legg dine synder over på Guds Lam, som vart gjort til synd for oss (2Kor. 5,21), og tak imot syndeforlatning og rettferdiggjering i dette Guds eige offer for vår skuld.

Me vil vel hugse på, kjære medkristne, at dette ikkje skal føre til ein lettvint omgang med våre synder og forsømingar og at me ikkje veit å gjera skilnad på Jesu lekam og blod (1Kor. 11,29), men utan anger og omvending vil bruke sakramente til dekkje over synda istadenfor å leggje henne frå seg. Nei, med "audmjuke og ærlege hjarto" (jfr. nattverdliturgien) vil me koma fram for Herrens åsyn.

Me ynskjer eit personleg vilja og tillitsfullt tilhøve til det urokkelege grunnlaget som er lagt til vår frelse i Jesu sonoffer på krossen. Me kan tale om eit eksistensielt tilhøve til det guddomelege objektive.

Dette er ein del av den gode striden i trua (1Tim 6,12). Det er ikkje tale om ei "sovepute", men om den grunnen ein med heile seg vil byggje på. Og då kjenner me ingen annan grunn "enn den som er lagt, det er Jesus Kristus" (1Kor 3,11). Og denne Kristus er igjen "den krossfeste og oppstadne (jfr. nattverdliturgi; 1Kor. 1,23).

Det er sjølve soningsmysteriet me møter når orda lyder: "Dette er min lekam, som vert gjeven for ........ Drikk av det alle; denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk til forlating for syndene." (1 Kor. 11,23 ff.) Så har Jesus og, slik me finn det i Johannesevangeliet, beintfram skildra livet med Ham som det å eta Hans kjøt og drikka Hans blod (Joh. 6,54ff). Om me her har å gjera med ord som kan overførast til ein karakteristikk av det kristne liv i trua i det heile, vil me med takk og tru lata dei få sitt mest fullgyldige uttrykk, der Herren gjev seg til oss i nattverdsmåltidet.

Dei gamle tala om eit reisemåltid (viaticum): Måltid for reisa, slik israelittane åt påskelammet før dei drog ut av Egypt (2Mos. 12,11). Me skal nyte det under vår livsreise og gjerne - om det lagar seg slik - når me skal bu oss til vår siste reise. Kven vil me då heller ha med oss enn Kristus, Guds Lam? Ham må vera med oss også i dødsskuggens dal (Slm 23,4).

Mange tankar kan strøyme imot oss. Kan me ta imot? Sume møter og ytre motstand, og det "kostar å forkynne Jesu død" (1Kor 1,26) - den som har kosta Han alt og me tek imot som gåve, som nåde. Mot desse "fiendane" - ytre og indre - skal me setja ordet om Han som "dukar bord" (Slm 23,5). Og det "framfor augo" på fiendane. Og det er også godt å tenkje på at Jesus - i nattverdens skikkelse - og vil bryte ned motstanden hjå oss og vil inn til oss, me som kjenner oss altfor uverdige til å ha med HAN å gjera: "Herre, gå frå meg, for eg er ein syndig mann!" (Luk. 5,8). Eller: ".. eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak." (Matt 8,9) Jesus gjekk ikkje vekk; Han gjekk inn.

Kristendom er kort sagt å skjøne at det er dette som høver ihop: "Du med nåden, jeg med skammen - å hvor vi dog passer sammen, du Guds salvede, Guds Sønn! (Norsk Salmebok 338).

Skal me ikkje vente på eit nytt syn for og ei ny verdsetjing av nattverden i vårt kyrkje- og kristenliv?

Ein slik renessanse må me ynskje velkomen som eit sant møte med den Herre som er vår einaste von i liv og i død. Til Han endeleg og synleg kjem er nattverden Hans kjærlege kome (Marana ta, 1Kor. 16,22) til oss. Med glede lat oss samlast om det bordet, som Han innbyd til, Han som har sagt: "Kom! No er alt ferdig!" (Luk 14,17)