Oppbyggeleg andaktsbok

07.09.2020
Olaug Vedvik Torset
Bokanmeldelser Radioandakter Andakter Andaktsbok

Morgonandaktene i NRK har vore del av mitt og mange andre sitt liv frå barndomen av. Dei har endra form og innhald — vorte kortare, mindre teologi, meir terapi med fokus på meg og mitt og kjensler og erfaringar heller enn klassisk kristendom, etter mitt skjøn.

God morgon

Geir Gundersen har halde radioandakter i 40 år og har nå gjeve ut ei samling frå dei siste 16 åra kalla GOD MORGON.  Her møter vi ein erfaren prest og sjelesørgjar. Han gjev oss del i sitt personlege liv og gudsliv og formidlar den treeinige Gud som skapar, far, ven og frelsar. Han snakkar direkte og inderleg til Han gjennom samtale og bøn. Han taler personleg til oss lesarar med godleik, tillit og velvilje. Eg kjenner eg er nær ein forfattar som vil meg vel - og som ynskjer at eg skal møte den levande Gud og kjenne hans kjærleik i gode og vonde dagar. Gundersen tek Gud, seg sjølv og lesaren på alvor, han rører ved mine tankar og kjensler. Han takkar Gud for livet, trua, vona og kjærleiken. Hans livsprosjekt er å øve seg i fylgje etter Jesus – i kjærleik, omsorg og tilgjeving. Han ber oss med i toget av søkande, tvilande og truande menneske på veg til vår himmelske heim. 

Dette er ei annleis andaktsbok – utan «Kanaans språk» og med personleg og omsorgsfullt innhald. Oppbyggeleg og utfordrande.

 

«GOD MORGON – radioandakter» 

Forfatter: Geir Gundersen

Verbum forlag

2020

Innbundet