Oppgjeret som må koma

15.07.2022
Egil Morland
Aktuell kommentar Frihet Jesus Kristus Bibelen Seksuell revolusjon Seksualitet Sekulær Sekularisering Sekularisme Familie Samfunn Samfunnsliv

Aktuelt

Egil Morland

For ei tid sidan hadde Dagen eit svært tankevekkjande oppslag om den australskfødde forkynnaren og forfattaren Glen Scrivener. Han presenterte nyleg ei bok med tittelen «The Air We Breathe» - Lufta vi pustar inn. Undertittel: «How We All Came to Believe in Freedom, Kindness, Progress and Equality” (korleis vi alle kom til å tru på fridom, miskunn, framgang og likskap). Bakgrunnen for boka var det han oppdaga då han studerte kva påverknad King James-Bibelen har hatt på det engelske språket. Svaret er: Praktisk talt alt!

For det er Bibelens Gud og evangeliets Kristus som har forma oss og vår kultur slik at alt dette omgir oss og er sjølve lufta vi pustar inn.

Eg tillet meg – no i sommartida – å sitera meir frå Scrivener. Han hevdar noko som ved første augnekast kan synast merkeleg: «Jeg mener den seksuelle revolusjonen på 1960-tallet har vært det mest betydelige tilbakeslaget for det Jesus lærte». Det er ein sterk påstand!

Men Scrivener fører gode grunnar for resonnementet sitt: Dei første kristne braut med ein svært liberal seksualmoral i samtida. Med støtte hos fleire sekulære historikarar meiner han kristen tenking om familie og nære relasjonar var noko av det som hadde størst påverknad i dei første kristne hundreåra. Særleg gjeld det kravet til mannen om å halda seg til éi kvinne, som han var gift med, eller alternativt å leve i sølibat, og det som elles fylgde med dette, m.a. synet på borna og deira verd.

Scrivener meiner kristne igjen må gjera det dei gjorde i den første kristne tida. Kyrkja må legge vekt på å vera ein distinkt motkultur. Og han peikar på at kristne alltid har sett merkelege ut når dei har gjort det.

Nett når eg skriv dette, les eg at Therese Egebakken i Frimodig kyrkje etterlyser debatten som kyrkja (DnK) til no konsekvent har unngått: Korleis er det mulig at Dnk år etter år omfamnar Pride utan ein einaste gong å gje ei teologisk grunngjeving for dette? Korleis kan kyrkja – av alle! – la vera å reservera seg frå eit program som arbeider for planlagt mor- og farløyse (i strid med grunnleggjande menneskerettar), surrogati og handel med born, og ein seksualmoral som har som uttrykt mål å riva ned alle etablerte ordningar – ordningar som til no har bygd opp under familien som sjølve kjernen i samfunnet?

Det er interessant at det nettopp er på det området Scrivener seier at kyrkja har merkt seg ut som samfunnsomformande motkultur, at ho sviktar i våre dagar. Kva vert historias dom over dette sviket?

Derfor må spørsmålet stillast, på nytt og på nytt. For debatten Egebakken etterlyser må koma ein gong.

Egil Morland

(Tidligere publisert i Dagen) Se også: https://www.samlivsrevolusjonen.no/den-norske-kirke-trenger-ikke-pride/