Overdriven ærefrykt for skilsmisse?

23.04.2025
Sofie Braut
Aktuell kommentar Ekteskap Ekteskapsforståelse Ekteskapsteologi Skilsmisse Kristen tro Kristen arv Etikk

Aktuelt

Kvifor tenkjer eg automatisk at skilte vil at eg går stilt i dørene når eg skriv om ekteskapet?

Sist helg var eg på ei samling i regi av Familiefokus, Ungdom i Oppdrags familiearbeid. Som leiar på ein av sommarleirane deira, er mannen min og eg tett på eit tilbod som i dagens Kristen-Noreg synest å ha vind i segla. Mange hundre familiar er påmelde på sommarens leiarar.

I tillegg til å tilby påfyll og fellesskap, er Familiefokus opent ambisiøse når det gjeld å driva pararbeid for å førebyggja samlivsbrot.

Støttekutt

I 2012 lanserte dei noko dei kallar «nullvisjon for samlivsbrot». Ifølgje Familiefokus-sjef Geir Edvin Frøen skal det «gi oss en felles retning» i samlivsarbeidet. I eit nyleg avisinnlegg dreg han ein parallell til andre samfunnsområde, slik som trafikktryggleik, der set inn store ressursar på førebyggjande tiltak.

Han etterlyser politisk handlekraft og investeringsvilje på samlivsfeltet, og minner om det nedslåande faktum at noverande regjering kutta all støtte til samlivskurs då dei fekk makta.

Lakmustest?

Også fjoråret var prega av debatt rundt det kristne ekteskapet. Hos såkalla progressive eller liberale, går det gjerne eit syrleg resonnement gjennom rommet. Om lag slik: «dei rettruande har alltid diskutert kva som er lakmustesten for sann kristendom, og nett no er det visst ekteskapet som har fått den tvilsame æra».

Fjorårets lansering av «Felleskristen erklæring» og debatten i etterkant, har gitt høve for lufting av ulike variantar av dette resonnementet.

Her må gjerne fleire ta mot til seg og våga litt meir. Ekteskapet er ikkje eit spørsmål som alle andre. Kamp for ekteskapet er ikkje på linje med eit kvart anna meir eller mindre kuriøst spørsmål med teologisk valør.

Ekteskapet, den livslange relasjonen mellom ein mann og ei kvinne skaper først og fremst eit rom rundt dei barn som berre unionen mellom mann og kvinne kan frambringa.

At ein seinare har lagt lag på lag med andre kulturelt bestemte forventningar endrar ikkje på det.

Ikkje sjølvoptimalisering

I kristen forstand, er ikkje ekteskapet retta inn mot sjølvoptimalisering. Som alt anna, blir også ekteskapet transformert gjennom Jesu lære. Når Jesus i Markus 10 kortfatta greier ut om det kristne ekteskapet blir det tydeleg at dette verken er ein rein funksjonell eller rein romantisk relasjon.

Dei to involverte er faktisk bundne saman i noko som er meint uløyseleg. Ikkje i reint menneskeleg forstand, men likevel i ei faktisk tyding, som handlar om at Gud er part i ei slik pakt. Denne profetiske dimensjonen synest berre i lita grad påverka dei praktiske omstenda som vi orienter oss etter i kvardagen.

Så bra som det blir

Men, likevel, også sekulærsamfunnet viser glimtvis desperasjon etter ein slik dimensjon. Det tilbyr barn optimale (ikkje perfekte) rammer rundt oppveksten. Med alle sine feil og tilkortkommingar er det å veksa opp med ei mor og ein far så bra som det blir i denne bresteferdige verda.

Alt vi har av tilgjengeleg og målbar dokumentasjon tyder på at barn som veks opp i slike rammer har det betre enn om ein veks opp på anna vis.

Men på dette feltet har vi truleg gjort oss til slavar av unntaka. Det at vi veit at nokre barn får det betre når foreldra skil lag, synest å få overdrive stor plass. Det store biletet viser at barn ønskjer foreldre som finn løysingar og held saman.

Kunnskapsforakt

Kanskje i ærefrykt for dei viktige unntaka frå regelen, viser offentlege prioriteringar nærast ei kunnskapsforakt knytt til negative effektar av samlivsbrot. Men det er etter kvart svært mykje dokumentasjon på at samlivsbrot påverkar sjukefråværet negativt (særleg for kvinner), det gjer folk særleg utsette for å oppleva einsemd, det gir den enkelte dårlegare økonomi, det er mogleg årsak til historisk låge fødselstal og det skaper press på bustadmarknaden.

Dette er ei punktliste som bør interessera dei som styrer. Å verna om ekteskapet er ikkje ei særinteresse for folk som meiner ekteskapet er ei ordning innstifta av Gud.

Kollisjonspunkt

Den kristne samtalen om ekteskapet er eit kollisjonspunkt mellom det profetiske og det pastorale. I eit pastoralt perspektiv dominerer omtanken og forståinga for at mange i dag lever i andre samliv enn eit tradisjonelt kristent livslangt ekteskap. Det er nok av vonde forteljingar om svik og om draumar og ideal som brast.

I ei fragmentert tid trengst også den profetiske dimensjonen, som held liv i eit glødande forsvar for slitesterke samliv og førebygging av samlivsbrot.

Det profetiske insisterer på at ekteskapet er meir enn ein fin draum som varer til eg vaknar opp. Det er ei pakt. I kristen forstand handlar det, som nemnt om å gje nye samfunnsborgarar ein trygg stad for modning. I tillegg er det eit frampeik og symbol på Guds plan for at vi ein dag skal bli eitt med han, ein trygg plass for intimitet og fellesskap.

Ikkje minst er det ein stad der eg blir forma og slipt som menneske.

Gå stilt i dørene

At ekteskap og stabile familiar er eit gode i samfunnet, er uomstridt.

Kvifor tenkjer eg likevel at dei som har opplevd samlivsbrot meiner eg bør gå stilt i dørene om dette temaet? Eg er neppe åleine om å vippa opp på tå-hev når temaet kjem opp.

Men i vår velmeinande iver er det heller ikkje nokon vits i å generalisera om skilte. Mange skilte er minst like interesserte som alle andre i å løfta fram ekteskapet som samfunnsberande institusjon.

Fleire erkjenner også at om dei hadde visst kor store omkostningane av brotet vart, ville dei sett etter ein gong til: Finst enno ein stein eller to vi kan snu?

Dyrekjøpt

Dyrekjøpt erfaring. Som likevel kan koma den neste generasjonen til gode om han vert slusa inn i førebyggjande arbeid og gode samtalar.

Faren er nemleg at overdriven ærefrykt for skilsmisse, og ei tilhøyrande frykt for å stilla spørsmål ved vaksne sine val, gjer at barneperspektivet fort hamnar i bakgrunnen og at elefanten får stå heilt uforstyrra i rommet når viktige samfunnsspørsmål skal drøftast.

Sofie Braut

(Tidligere publisert i Dagen)