Pynteleg karismatikk i luthersk innpakking

02.03.2026
Torbjørn Bjorvatn
Bokomtale Karismatikk Pinsemenigheter Teologi Teologihistorie Nådegave Den Hellige Ånd Profetier Kirker Luthersk tro Lutherske kirkesamfunn Luthersk tro Luthersk tro og bekjennelse Luthersk teologi

Bokanmeldelse

Oddvar Søvik (2026): «Kom og drikk –

Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft».

Proklamedia.

267 sider.

 

Oddvar Søvik er ein av dei fremste teologane og kristenleiarane i vår generasjon. Men i boka «Kom og drikk» klarer eg berre å følgje han eit lite stykke.

Føremålet med boka står ikkje heilt klart for meg. Undertittelen er «Om Åndens nye liv, kjærlighet og kraft». Det peiker i retning av at boka handlar om Heilaganden. På den andre sida tek store delar av boka føre seg luthersk trudomslære.

Kan hende ønskjer forfattaren å servere måltidet så lekkert han kan for eit tradisjonelt luthersk publikum. Boka er nemleg ein kombinasjon av klassisk luthersk dogmatikk og nyare pinsekarismatiske tankar og førestillingar.

Oddvar Søvik gjer eit grundig arbeid med å flette inn relevante bibeltekstar og aktuelle Luther-sitat. Jamvel ei og anna tilvising til Den augsburgske vedkjenninga er med.

Skurrar

Oddvar Søvik er teologisk skolert og kan si lutherske vedkjenning. Likevel skurrar det i mine øyro.

Forfattaren skriv i forordet: «Det er et kjennetegn på et sunt og sant kristenliv at vi tørster etter mer av Åndens liv, kjærlighet og kraft.»

Eg kjenner meg ikkje att. Sjølv kjenner eg liten trong til å «røyne meir» av Guds gåver. Eg har så mykje, tenkjer eg. Utan store fakter opplever eg at Den Heilage Ande kallar, utrustar og leier i eit rikt åndeleg liv. Kvar dag er det noko å takke for. Eg får kvile i nåden.

Men kristne opplever nok dette ulikt. Me er ulike som personar og har ulike nådegåver.

Teologiske sider

Alt handlar likevel ikkje om personlegdom. Det er teologiske sider ved Oddvar Søvik si framstilling som let seg vurdere sakleg.

Til dømes: Kva tid skal me vere stille og la Herren stride for oss (jf. 2 Mos 14,14)?

Og kva tid skal me be meir, våge meir, verte meir fylt av Anden for å oppleve det Herren har å gje?

Eg tenkjer det her går eit skilje mellom klassisk luthersk teologi og pinsekarismatisk tenking.

Som lutheranarar tenkjer me at det er Gud som handlar, og me som tek imot. «Nåden aleine!» «Sola gratia!»

Oddvar Søvik vil gjerne over i aktiv handling. Han er for klok og for forankra i luthersk tru til å tillate overdrivingar. Men tendensen er klar.

Han vil ikkje like at eg kallar det han skriv om, for «gjerningskristendom». Men ordet er i ein viss mon dekkande. Oddvar Søvik vil på si side tykkje at min kristendom er vel passiv.

Nådegåvene

Eit anna skilje er at Oddvar Søvik har teke over den pinsekarismatiske forståinga av nådegåvene i Fyrste korinterbrev, kapittel 12 og 14.

Til dømes opnar han for «profetisk tale»: «inntrykk, ved bilder eller syner, ved en indre stemme som gir klare ord, ja noen ganger som en hørbar røst utenfor personen … noen ganger så sterkt at det kjennes naturlig å bære fram budskapet i 1. person entall med Gud som subjekt.»

Oddvar Søvik tenkjer at den profetiske gåva kan øvast opp ved bruk. Nokre menneske kan gå inn i ei «profetisk teneste» i forsamlinga, der dei vert ein del av leiinga og kan hjelpe dei andre leiarane til å ta rette avgjerder.

Veikskap

Dette er ikkje tradisjonell luthersk tenking om desse tinga. Det er reinspikka pinsekarismatisk teologi. Oddvar Søvik drøftar ikkje kritisk sin eigen ståstad i høve til desse to konfesjonelle hovudretningane. Det er ein stor veikskap ved boka.

Klassisk luthersk teologi tenkjer seg profetisk tale i forsamlinga som skriftutlegging til oppbygging, påminning og trøyst (jf. 1 Kor 14,3).

I boka lyfter Oddvar Søvik også fram «kunnskapsord»: «Denne nådegaven går ut på å formidle sannheter om mennesker som ingen kan skaffe seg på naturlig vis.»

Mi innvending er at læra om «kunnskapsord» er i strid med det lutherske prinsippet om at Bibelen aleine er Guds ord-openberring. «Sola Scriptura!» «Skrifta aleine!»

Læra om «kunnskapsord» er utvikla av pinsekarismatiske forkynnarar som John Wimber og Randy Clark. Den bibelske grunngjevinga er særs spinkel.

Det er vanskeleg å skjøne at ein så røynd luthersk teolog som Oddvar Søvik går god for desse ny-karismatiske forfattarane og deira veike teologiske metode.

Under og teikn

Også i synet på under og teikn er Oddvar Søvik farga av pinsekarismatikken – utan at han vedgår det sjølv.

Den vanlege forståinga i luthersk kristendom er at det var Gud som gjorde teikna i Det gamle og Det nye testamente – ikkje profetane eller apostlane.

Gud kan gjere det same i dag – når og kor Han vil. Men det er opp til Gud.

Oddvar Søvik heilgarderer. Han stadfester at slik er det. Likevel tenkjer han seg at teikna i Apostelgjerningane og dei andre ovhendingane i Skrifta kan tene som mal for kyrkja i dag:

«Hvorfor erfarer vi da så lite av Guds veldige kraft hos oss som tror? Jeg tror svaret først og fremst er at vi i liten grad våger å gå ut på Guds løfter, når han kaller oss til å gå.»

Igjen er dette eit typisk pinsekarismatisk perspektiv – med vekt på kva me vågar og kva me gjer.

Som lutheranar tvilar eg ikkje på Guds allmakt. Men eg let det vere opp til Herren Gud. Skulle eg få oppleve eit under, takkar eg stille og går roleg vidare.

Eg kan ikkje følgje Oddvar Søvik i jaget etter det uvanlege.

Mindre vellykka

Til slutt: Boka til Oddvar Søvik er vellykka som eit vitnesbyrd om kor karismatiske lutheranarar i Noreg står i dag.

Mange vil nok også nytte studie-opplegget bak i boka i smågrupper.

Boka er mindre vellykka som ein freistnad på å sameine luthersk og pinsekarismatisk teologi. Desse to retningane står i skarp motstrid på fleire punkt. Det gjeld i høve til prinsippet om Skrifta aleine («profetiar», «kunnskapsord») og i synet på under og teikn i vår tid.

Det er i det heile ein grunnleggjande skilnad mellom den lutherske tanken om «å kvile i nåden» og den pinsekarismatiske lengten etter «noko meir».

Desse skilnadene er det vondt å sameine i éin teologi, i éin sams ståstad. Det er heller ikkje råd å samkøyre så ulike tilnærmingar i éin kyrkjelyd, i éin misjonsorganisasjon eller i eitt kyrkjesamfunn.

Både teologisk og kulturelt er skiljelinene så skarpe at kløyvinga før eller sidan vil vere eit faktum. Oddvar Søvik sin teologi kan ikkje levast ut i kyrkjelydar der klassisk luthersk teologi gjeld som rettesnor.

I seinare tid har pinsekarismatiske impulsar fått auka innpass mellom anna i Den evangelisk-lutherske frikyrkja, i dei lutherske misjonsorganisasjonane og på norske bedehus.

Tida vil vise om det er Oddvar Søvik si lære som vinn fram i norsk, luthersk kyrkjeliv, eller om desse tankane kverv med Oddvar Søvik og dei andre Oase-pionerane.

Torbjørn Bjorvatn