Ransakande om fariseisme

11.06.2019
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Fariseer Fariseisme Evangelium Hugo Odeberg

I evangelia møter vi ofte farisearar. Jesus er ofte i diskusjon med slike, og han dømer dei nokså strengt.

"Navn av å leve: Den moderne fariseismens ansikter"

Den mest kjende farisearen var Paulus, men han kom til sann tru på Jesus og vende seg bort frå fariseismen. Sjølv om farisearane er ei kjent gruppe i Bibelen, er det mange mistydingar med tanke på deira liv og lære. Det er kvikt gjort at vi forkynner feil, når vi talar om farisearane og fariseismen.

Ein klassikar om fariseismen har vore Hugo Odeberg si bok «Fariseisme og kristendom», som vi las i min ungdom. No har vi på norsk fått ei ny bok om same temaet, av Carsten Hjort Pedersen. Han opplyser at han står i gjeld til Odeberg, slik at det er same forståinga av fariseismen i begge bøkene. Boka er rett nok ikkje ny, ved at ho kom ut i Danmark i 1993. Det har lite å seia, fordi grunntanken i fariseismen alltid er den same. Aktualiseringa har heller ikkje endra seg mykje på dei 25 år som har gått, og det er omtrent likt i våre naboland. Boka ber undertittelen «Den moderne fariseismens ansikter», og det er treffande.

Her er mykje lærdom om kva farisearane stod for og kva som ligg i omgrepet «fariseisme». Dette er likevel ikkje berre teoretisk og læremessig framstilt, men aktualisert på vår tid og på kristne av i dag. Det bur ein farisear i oss alle, også i oss kristne. Det kan difor vera ei utfordring på det personlege planet å lesa bok. Når ein les bøker for å melda dei, les ein med eit noko nøkternt blikk, men her trengde bodskapen på. Eg skal avstå frå å referera frå boka, fordi det ville ta for mykje plass.

Dette er altså ei bok både til lærdom og til ransaking, som alle vil ha godt av å lesa.

Carsten Hjort Pedersen

Navn av å leve

-Den moderne fariseismens ansikter

Ebmedia 2018

Hft. 217 sider

 

(Tidligere stått på trykk i Dagen)