Det hende på ein internatskule at poden kom i finansielle vanskar. Så meldinga heim var kort og umisforståeleg: – Send meir pengar!
Episoden – lenge gløymd – melde seg straks då eg for kort tid sidan høyrde eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Saka var at ei undersøking gjort av Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) viser at den positive haldninga til skeive, bi- og homofile er høg, sjølv om den har stagnert. Men det positive synet på transpersonar, derimot, viser ein tydeleg tilbakegang.
Det er bekymringsfullt, sjølvsagt.
Slike funn inviterer til så mange slags reaksjonar frå dei som har det politiske ansvaret, og som dessutan sit med pengesekken. Éin slik reaksjon kunne til dømes vera å seia: – Hm. Dette var interessant. Her må det diskuterast og drøftast vidare. Og vi har jo både tanke-, tale og religionsfridom her i landet.
Men det var ikkje aktuelt å svara slik. Så avslappa kan ein ikkje ta på slikt. Sjølvsagt. For det ville nemleg implisera at det er liberale menneske ein vender seg til. Folk som trur på debatt og meiningsutveksling, og som verdset at ikkje 100 prosent meiner akkurat det same om eit av tida sine store stridsspørsmål.
I staden kjem reaksjonen – som i dette tilfellet – på reint instinkt: – Send meir pengar! Regjeringa vil løyve endå nokre millionar til å piska den siste opinionsresten på plass. Det er nemleg noko langt meir enn «standpunkt» som skal påverkast. Prosjektet er langt større enn det! Det er vårt mind set – tankemønster – og kva vi tenkjer om dei store tinga i tilværet – som skal endrast. Og dei gjev seg ikkje før alle er like glade, frigjorde, inkluderande og tolerante.
Her går pengemakt og åndsmakt til samordna angrep på nedervd forståing, tru og overtyding. Overtyding om kva som byggjer eit godt samfunn. Og kva desse normene framleis kan bety for samfunnet.
Det er om lag femti år sidan forskingspionerane i det faget som heiter demografi kunne fortelja oss kor vi var på veg. Nye samlivsformer, kombinert med fri abort, som i seg sjølv vitna om eit barnefiendtleg samfunn, der vaksne – først og fremst – skulle realisera sitt autonome liv, kunne føra til ei utvikling der nasjonar står på randa til å øydeleggja seg sjølv.
Men desse forskarane kom aldri inn i varmen i akademia. For der var det framleis 68-arane som rådde.
Det er først når ei alternativ åndsmakt står opp mot den kombinerte styrken av ånds- og pengemakt, at ei ny retning kan stakast ut.
Egil Morland
(Tidlegare publisert i Dagen)