Seriøst og godt om homofilispørsmålet

18.07.2019
Bård Hauge
Bokanmeldelser Ekteskap Samliv Homofili Svenska Kyrkan Partnerskapslov Skaperordning Bibelsyn Queerbevegelsen

Debatten kring samliv, ekteskap og homofili i kyrkja og samfunnet har, om mogleg, vore endå meir intens i Sverige enn i Noreg.

"Bekänna färg: Kyrka och hbtq i en regnbågsfärgad värld"

Det svenske samfunnet og svenske styremakter var tidleg ute med å omfamna queerideologien og kritikken mot heteronormativiteten, slik at Sverige i dag står fram som eit av verdas mest radikale land med omsyn til lover for ekteskap, samliv og kjønnspolitikk. Eit døme på dette finn me i den «rosa» pedagogikken som er innført i svensk førskule/barnehage, der det i ei utgreiing frå 2006 vert konstatert at «Förskola av den svenska modellen representerar såväl ett barnpedagogiskt som ett könspolitiskt projekt». Redaktørane for antologien Normkritisk pedagogik skriv: «Kanske är det ett svenskt fenomen att det som representerar verkligt radikala och maktkritiska perspektiv, såsom queer och normkritisk pedagogik, omfamnas av statliga institutioner i en svindlande fart». Det er mykje som tyder på at den som vil vita kvar vegen går i den radikale kjønnspolitikken, kan kasta eit blikk på Sverige og utviklinga der.

Svensk lovverk og Svenska kyrkan

Lov om registrert partnarskap vart innført i 1995, og i 2003 fekk homoseksuelle rett til prøving som adoptivforeldre. I 2005 fekk lesbiske par rett til assistert inseminasjon ved offentlege sjukehus, og i 2016 vart dette gjort gjeldande for einslege kvinner. Kjønnsnøytral ekteskapslov vart innført i 2009.

I Svenska kyrkan vart velsigning av registrerte partnarskap innført i 2005, og i 2009 endra kyrkja ekteskapsdefinisjonen til å omfatta likekjønna par. Det var same året som den kjønnsnøytrale ekteskapslova vart vedteken. Presset for å få alle til å gå i takt i spørsmål som gjeld kjønn, seksualitet og samliv har vore ekstremt sterkt i Sverige dei siste 20-30 åra, og dei som har halde fram eit tradisjonelt kristent syn på ekteskap og samliv har kome under sterk kritikk, både frå samfunnet generelt og den svenske staten, men også frå kyrkjeleg hald. I Sverige er det også innan frikyrkjene stemmer som vil fremja aksept av homoseksualitet, og boka Bekjänna färg går først og fremst i dialog med desse stemmene.

Viktige spørsmål for kyrkja

Redaktørane konstaterer at spørsmål som gjeld kjønnsidentitet, homoseksualitet og queer-/skeivideologi er viktige fordi dei til sist dreier seg om menneske av kjøt og blod og deira liv og livsførsel. Spørsmåla er også viktige fordi Bibelen har mykje å seia om dei, og fordi ekteskapet er ei skaparordning og ein viktig samfunnsinstitusjon. Dette kjem i konflikt med eit samfunn og ei tidsånd der individualismen står i høgsetet, og der det å realisera seg sjølv, sin eigen seksualitet og sitt eige potensial er rekna som ein menneskerett for kvart enkelt individ. Korleis kan den kristne kyrkja møta menneske som lever i denne straumen og har seksualiteten som sin viktigaste identitetsmarkør, utan å gå på akkord med det bibelske menneskesynet og læra om ekteskapet og eit reint liv? Slike spørsmål blir handsama i denne boka ut frå mange ulike perspektiv. Det er mi meining at handsaminga er både seriøs og særs god på dei aller fleste punkta.

Aktuelle tema

Boka, som er ein antologi, opnar med artiklar om kristen etikk og bibelbruk og bibelsyn i homofilispørsmålet. Her er mykje godt! I Bibelen er det særleg Romarbrevet 1 som får merksemd, men her er også ein særs god artikkel om Første Korintarbrev 6 og Paulus sin kroppsteologi. Ei framstilling av homoseksualiteten i den antikke verda gir god bakgrunn for å tolka ulike bibeltekstar. Ein spesialartikkel gir ei omfattande framstilling av ulike teoriar om opphavet til homofile kjensler og homoseksualitet på det individuelle planet. Siste halvdelen av boka tek opp tema om identitet og kjønn, og om mottak i kristne forsamlingar av personar som kallar seg homofile eller homoseksuelle. Det ligg redaktørane og artikkelforfattarane på hjarta å ta imot alle på ein varm og inkluderande måte, utan å innføra spesielle reglar for desse, og samstundes halda tydeleg fast på ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne som Guds gode og einaste ordning for seksuelt samliv. Innimellom dei andre artiklane finn me fem personlege vitnemål frå personar som har homofile kjensler og har lært seg til å leva med desse på ulik vis i ein kristen kontekst. 

Guds gode ordning

Ekteskapet er Guds gode ordning for det livslange seksuelle samlivet mellom ein mann og ei kvinne. Det vert sterkt framheva i denne boka. Både hor, ekteskapsbrot, sambuarskap og homoseksuelt samliv fell utanfor denne gode ordninga. Som kyrkje i ei fallen verd må me finna gode måtar å møta menneske på, utan å støyta dei frå oss, samstundes som me held fast på den rettleiinga Bibelen gir oss for kristenlivet. Det er grunntanken i denne verdfulle boka. Ho er på svensk og omhandlar svenske tilhøve, men ho er rimeleg lettlesen og kan lesast med stort utbyte også av nordmenn. 

 

Olof Edsinger & Ray Baker (red):

Bekänna färg: Kyrka och hbtq i en regnbågsfärgad värld

Apologia förlag, 2019

Mjukbind, 324 sider

(Tidligere stått på trykk i Dagen)