Situasjon og strategi

09.01.2020
Egil Morland
Aktuelt Den norske kirke Folkekirke Kirkelige handlinger Forventninger Behov Medlemskap Strategi Gudstjeneste Trospraksis

Dei siste dagane har eg grubla over spennet i to ulike sitat. Det første er kommentaren kyrkjerådsleiaren har til utmeldingstala (19 170) frå Den norske kyrkja i 2019:

Egil Morland

- Det er et høyt tall på utmeldinger, og det er nødvendig å spørre hva dette er et uttrykk for. Ser vi her et signal om at kirken ikke svarer på folks behov og forventninger? Vi tar slike signaler på dypt alvor. Kirken har rom for alle. Når folk ikke opplever at det er slik, gir det grunn til selvransakelse for oss som har lederansvar i kirken …

Dette er kloke ord, både i viljen til å ærleg å spørje kva som eigentleg ligg bak tala på utmelde (der ein mulig hypotese er: «Ser vi her et signal om at kirken ikke svarer på folks behov og forventninger?), og i det at eit mulig svar er av kommunikasjonsmessig art («Kirken har rom for alle. Når folk ikke opplever at det er slik, gir det grunn til selvransakelse for oss som har lederansvar»).

Samtidig er det slik at dersom denne hypotesen og den mulige strategien som følgjer av det, okkuperer heile synsfeltet, vil det stengja for alternative innfallsvinklar. Forstått etter sin ordlyd seier kommentaren at folks (dvs. kyrkjemedlemmene) sine behov og forventningar er legitime ønske, som det er kyrkja sitt ansvar å møte. 

Ei alternativ tilnærming kunne jo vera at kyrkja først sette seg ned for å grubla over spørsmålet: -Kva spørsmål, behov og forventningar er det kyrkja kan svare på – i det heile? Dét kunne i så fall munne ut i ein strategi som ærleg informerte folk om svaret ein kjem fram til. 

Eg utelukkar ikkje at det kunne gi eit rom der det var lettare å pusta, både for tilbydar og etterspørjar. Men ein slik strategi ville involvera eit skikkeleg og ærleg arbeid med teologi. Og det ville gjera det nødvendig med ein tydeleg(are) tale om Gud og Jesus, om forsoning, synd og nåde – og menneskeverdet, overalt der det er truga. Kort sagt: At kyrkja kan hjelpa folk med å ta stilling til spørsmålet om utmelding eller ikkje. 

Endå kortare sagt: Svarar folk sine premissar for utmelding til det grunnlaget kyrkja har for medlemsskapet?

Det andre sitatet er frå ein engelsk prest  : -Eg forstår det slik, skriv han, at der det ikkje er bøn, tilbeding eller noko uttrykk for tru – i kombinasjon med at det ikkje er nokon felles møteplass med andre kristne (les: gudsteneste), då er du ikkje ein kristen etter nokon som helst meiningsfull nytestamentleg definisjon av ordet, og derfor møter eg deg også som det! (mi omsetjing).

Teologi handlar altså om praksis, både om kyrkja sin og «folket» sin.

Dette var sagt av ein folkekyrkjeprest, i eit samfunn som er meir sekularisert og langt meir prega av multikulturelle og livssynsmessige uttrykk enn det norske. Men kanskje må vi som kyrkje i Noreg – paradoksalt nok – endå lenger inn i ein slik situasjon, før vi ser at andre strategiar, enn den at vi på diffust grunnlag prøver å overtyda folk om at dei eigentleg  høyrer heime i kyrkja, er mulige.

Bakgrunnen for det siste sitatet var nemleg fortviling over stadig lågare deltaking i gudstenestene, ikkje i medlemsmassen. Og strategien som sprang fram av dette, førte også til auka oppslutnad med større, positive, konsekvensar for kyrkja sitt nærvær i lokalsamfunnet.

 

(Tidligere på trykk i Dagen)