Skummel homo-lov i Russland med eit ekkelt ekko her heime

09.12.2023
Sofie Braut
Aktuell kommentar Lovverk Konverteringsterapi Russland

Aktuelt

Dei fleste er heilt einige om at det er ein dårleg ide å introdusera upresise lover som innskrenkar ytringsfridom og mangfald når det skjer i Russland. Men kvifor i alle dagar held vi samtidig på å rota til lovverket her heime?

Det er ein sunn impuls å reagera mot tankepoliti og dårleg lovgjeving i andre land. Men det er unekteleg svært underleg å lytta til argumenta mot slike lover. Særleg i lys av at vi akkurat i desse dagar er i ferd med å innføra eit forbod mot konverteringsterapi som er eit ekko frå eit regime vi så absolutt ikkje ønskjer å samanlikna oss med.

Det er på ingen måte noko nytt at Russland strammar grepet overfor den stadig veksande gruppa av folk som vert oppfatta som opposisjonelle. Det er den typiske paranoiaen til ein såkalla sterk mann som også vaklar innimellom: Stadig fleire må kontrollerast.

Eit kjenneteikn ved ufrie land er at nettet av lover og reglar blir stadig meir finmaska. Strengare straffer og meir regulering må til for å sikra makta til dei som alt er altfor mektige. Berre dei rette ideane skal sirkulera.

Putin er pressa på fleire frontar. Felttoget i Ukraina er alt anna enn sigerrikt, og det har teikna seg eit tydeleg bilete av at tapstala er svært høge og motivasjonen uklar for den såkalla «spesialoperasjonen» i Ukraina. Samtidig med dette vanvitet, festar altså Putin grepet om den frie tanken i Russland. Opposisjonelle av alle slag vert drivne tilbake med innskrenkande lover og redusert ytringsfridom.

Dei siste tiltaka rettar seg altså inn mot såkalla skeive. Alminnelege borgarar som etter tvilsame nyvinningar i russisk straffelov, brått er kategoriserte som deltakarar i «ekstremistisk verksemd», og som ved dei nye lovenes vage formuleringar no risikerer dryge bøter og lange fengselsstraffer.

Det norske lovforslaget mot konverteringsterapi har naturlegvis heilt motsett forteikn. Mens homolovane hos Putin skal snart gjera livet endå vanskelegare for skeive russarar, er konverteringsterapi-lova eit velmeint handslag nettopp til skeive. Det er truleg fordi lova er meint å leggja til rette for denne gruppa at politikarane gløymer det prinsipielle.

For i det prinsipielle, er det tydelege problem ved konverteringsterapi-lova. Sjølv om KrF nyleg gjekk ut og sa dei ville stemma imot, har dette makkverket av eit lovforslag brei tilslutning frå våre folkevalde.

Det er nedslåande for ein rettsstat som Noreg. Motsett av Putin har vi for vane å gje borgarane tillit i spørsmål knytt til trus- og tankefridom.

Her i Noreg trur vi jo eigentleg ikkje at mistenkeleggjering er vegen å gå for å fremja kva idear samfunnet skal dominerast av. Det der er Putin sitt bord. Her på berget er det ikkje tradisjon for uklare lover av typen konverteringsterapi-forbod. Takk og pris for det.

Her i Noreg trur vi ikkje på at mistenkeleggjering er vegen å gå for å fremja kva idear samfunnet skal dominerast av. Det der er Putin sitt bord.

Då pelsdyrnæringa vart lagt ned for nokre år sidan vart det bråk. Men både tilhengarar og motstandarar visste kva som no skulle avviklast. Når det gjeld såkalla konverteringsterapi, har motstandarar og tilhengjarar heilt ulike bilete av kva som vert forbode. Det er eit typisk grep som gjer borgarar usikre.

Usikre blir folk naturlegvis også av alle paradoksa. Som at det ikkje er lov å påverka folk gjennom psykoterapeutisk, medisinsk, alternativmedisinsk eller religiøst baserte metodar «til å endre, fornekte eller undertrykke sin seksuelle orientering eller kjønnsidentitet». Mens staten, på si side legg til rette for faktisk å endra kjønn på dei som ønskjer det.

Såkalla «kjønnsbekreftende behandling», er ikkje det nettopp medisinsk basert metode? Men paradokset, at staten eigentleg har ein praksis som går imot den lova som er i ferd med å bli innført, skal svelgjast for den gode sak. Samtidig som uvissa heng att som havskodde som hindrar klar sikt.

Er ei samanlikning med Russland ekstrem? Poenget er ikkje at lovene er like. Poenget er at dei har nokre svært negative mekanismar felles.

Dessutan har lova som er på trappene hos oss strafferammer ikkje ulike dei russiske, med heile tre til seks års fengsel. Det er dramatisk i norsk målestokk. I argumentasjonen mot dei nye homo-lovene i Russland, vert gjerne strafferammene med rette gjort til eit viktig moment.

Informasjonsforbodet knytt til til lova om konverteringsterapi, inneber også ei meir eksplisitt innskrenking i ytringsfridomen. Det eit moment som er verdt å merka seg.

NRK hadde nyleg ei treffande oppsummering av moglege effektar av Putins paranoide lovverk. Der reflekterte dei rundt det faktum at det framleis ikkje er forbode å vera skeiv i Russland. «Men tenk om det blir det? Eller om en nabo mener det burde vært det og så begynner å lete etter annen informasjon som kan skade deg.»

Nettopp. Kva viss? Lover av dette slaget har eit haleheng av uvisse og spørsmål. Dermed blir det «best å vera forsiktig». Det er lett å vera kritisk til andre lands lover. Men først og fremst må vi unngå å klussa til eige lovverk med kontrollbehov og uklare formuleringar.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen)