«Spiritualitetens økumenikk»

23.06.2025
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Spiritualitet Økumenikk Katolsk tro Katolsk kirke Katolisisme Luthersk tro Luthersk tro og bekjennelse Luthersk teologi Karismatikk Biskop Falskhet Mystisisme Retreat Åndelighet Lære

Aktuelt

Eg meiner at vi ser ei ny form for økumenikk vekse fram. I denne artikkelen kallar eg det «spiritualitetens økumenikk». Den skil seg frå andre typar økumenikk, særleg ved å gjere utydeleg kor viktig det er å avklare kva læremessig grunnlag kristen samling skal skje på.

Kristen økumenikk kan ha ulike valørar. Vi snakkar av og til om allianseøkumenikk og kyrkjeøkumenikk, utan at det er heilt presise nemningar. Typisk for denne evangelikale økumenikken er at den bygger på eit definert trusgrunnlag som deltakarane må forplikte seg på, og at den er retta mot (gjerne felles) handling. I vår tid har Lausannepakta frå 1974 fått status som det mest samlande uttrykket for denne evangelikale økumenikken.

Kyrkjeøkumenikken blir gjerne knytt til Kyrkjeverdsrådet (KV) som blei etablert med mål om å samle dei mange kyrkjene, ikkje som ei organisatorisk megakyrkje, men for å bygge ned motsetningar og stå mest mulig samla om tru og kyrkjeordning, i liv og verksemd. KV blei omdiskutert i mange land, og ikkje minst i Norge blei organiseringa møtt med skepsis frå låg- og frikyrkjelege rørsler på grunn av det som blei opplevd som ei for svak forplikting på Bibelen som trua si norm. Denne teologiske skepsisen til kyrkjeøkumenikken blei kraftig forsterka gjennom måten 1960- og 70-åra sin sekulære og politiske agenda blei retningsgivande for KV på.

I dei følgande tiåra har allianse- og kyrkjeøkumenikken utvikla langt meir dialog. Mange av dei kyrkjene som er representerte i WEA, er i dag medlemmer av KV, men det vil framleis vere delte oppfatningar i evangelikale miljø om kor tette relasjonane bør vere. Teologisk har forskinga mi vist at det framleis er stor avstand mellom Lausannerørsla og KV i spørsmål om kva det inneber at Jesus er eineståande frelsar, i religionsteologien og i spørsmål om forkynning av evangeliet er nødvendig til frelse. I botnen ligg ein del skilnad i spørsmål om kva frelse er.

Ei tredje form for økumenikk er representert ved Den romersk katolske kyrkja som ser seg sjølv som sjølve Kyrkja og jobbar med korleis dei mange kyrkjene kan bli ein del av den Kyrkja som Roma meiner alle andre har skild seg frå, enten det var i 1054, i 1530 eller andre tider. Ei slik sjølvforståing uttrykker ein tryggleik på eigen ståstad som andre gjerne må la seg smitte av. Samtidig er det heva over tvil at nettopp denne sjølvforståinga blir forstått som kjernen av den arrogansen som mange ikkje-romerske kristne opplever i møte med pavekyrkja.

I den seinare tida har det vore ein debatt i Dagen om romersk-katolsk og evangelisk luthersk teologi der også NLA Høgskolen har vore trekt inn. Vi er ein evangelisk luthersk utdanningsinstitusjon, men med tilsette frå ulike kyrkjer. Akademia har eit opnare rom for fri meiningsbryting enn formidlingsoppdraget i konfesjonelt forankra kyrkjer. Samtidig kan eg forsikre Dagens lesarar om at NLA sine teologiutdanningar har eit klart evangelisk luthersk preg. Sjølv underviser eg både i preikelære og dogmatikk, to kjernefag for slik profil.

Debatten i avisa har vore viktig, fordi den har vist at det er vesentlege skilnader mellom teologien frå Roma og den reformatoriske teologien. Det handlar ikkje om ulike syn. Det handlar om ulik lære. Så er det ulike syn på når vi kan snakke om «eit anna evangelium». Som Odd Sverre Hove er eg ganske uredd for at slike diskusjonar går. Dei er tvert om i stand til å skjerpe tanken vår så vi blir medvitne på det bibelske prinsippet om at kyrkja sine leiarar skal ta vare på seg sjølve og på læra, for ved det skal dei frelse både seg sjølv og dei som høyrer på dei. Ingen er tent med eit slapt forhold til innhaldet i den openberra trua, og der alle har til hensikt å halde den høgt, toler vi også ein frisk og open samtale. I den konteksten er det felles reformatorisk teologi at berre Skrifta kan ha rolla som øvste dommar i spørsmål om lære og liv.

I lys av dette vil eg utfordre det eg ser som ein annleis økumenikk med mindre vekt på lære og meir vekt på erfaring. Eg har vurdert ulike ord, men «spiritualitetens økumenikk» synes best dekkande. Erfaring er viktig innan denne økumenikken, men det blir for smalt som teologisk forklaringsramme. «Retreatens økumenikk» blir for smalt, sjølv om impulsane frå retreatens erfaringsunivers er tydeleg. «Mystikkens økumenikk» kunne ha fungert, men uttrykket blir nok forstått meir esoterisk enn nødvendig for vår bruk.

Når Oslo biskop opnar opp for hinduistisk og muslimsk spiritualitet i kyrkjene, kunne vi kanskje kalle det «religiøsitetens økumenikk», men det håper eg mange av dei som tar del i dette økumeniske paragimet, ikkje vil identifisere seg med. Eg blir derfor ståande ved spiritualitetens økumenikk, prega av tradisjonar på kyrkjeleg mark med vekt på åndeleg erfaring, til dømes i kontekst av moderne retreat eller karismatikk. Slik har den smak av den mystiske tradisjonen.

Det er lenge sidan denne typen erfaringsøkumenikk fekk gjennomslag. Motreformasjonens leiande jesuitt, Ignatius av Loyola, er blitt stoverein som retreatguru i dei fleste evangeliske konfesjonar. Jamvel zen-buddhistisk inspirert djupmeditasjon står på nokre kyrkjelege program. Tolkingsvekta på erfaringa minner meg om det som alltid har vore mystikkens særpreg og slagside. Mystikk og det vi tenker om som åndeleg erfaring er meir enn noko i kristenlivet avhengig av den tolkingsramma som evangeliets sunne lære og kristenlivets gode ordningar set for erfaringane. Ortodoksien (rett lære og rett tilbeding i ikkje-odiøs tyding) og den fornyande erfaringa ved Anden treng kvarandre gjensidig.

Nyleg var mange prestar og pastorar med ei stor breidde av teologisk bakgrunn samla til åndeleg fellesskap og fordjuping i Oslo. Mange innbydarar hadde bakgrunn i ulike evangelikale kyrkjer og organisasjonar, men nokre har vandra såpass i teologien at dei i dag meir er å forstå som «exvangelicals». Her var romersk-katolske og austleg ortodokse profilar, og her var leiande kvinner som teiknar folkekyrkjas og Vårt Lands profil i ei retning som nektar for dommens dobbelte utgang og direkte avviser Bibelen som Guds ord. Påfallande mange av innbydarane og innleiarane har offentleg forkasta den felles overleverte kristne læra om kjønn og samliv og lærer i openberr konflikt med Bibelen i desse spørsmåla. Sjølv i det mest liberale av dei større trussamfunna i Norge, Den norske kyrkja, er det mindre enn 30 år sidan såkalla ekteskap mellom to av same kjønn blei rekna for å vere «kyrkjesplittande vranglære». No ter leiarar i evangelikal kontekst seg som om dette er irrelevant.

Det nesten grenselause samspelet mellom retningar som denne samlinga la opp til, er det grunn til å ha kritiske reservasjonar mot. Om den viker unna å ta stilling til sanninga eller bevisst definerer sanninga som mangfaldig, går på mange måtar på eitt ut. Dette er ikkje ein økumenikk som samlar seg om ei felles bibelsk sanning som basis for trua og tilbedinga. Den lutherske vedkjenninga seier at det som trengs til sann einskap i kyrkja, er å stå saman om evangeliets innhald. Den tenkinga synest fråverande i Oslo-samlinga, erstatta av bidragsytarane sine perspektiv. Fellesnemnaren var ikkje tilliten til Bibelen som Guds autoritative ord for lære og liv, men synest å vere rikdommen i breidda av spirituell erfaring. Kva er i så fall det avgjerande kriteriet for å vurdere slik erfaring som åndeleg sann?

Eg skriv dette pinseaftan, i førebuing til å feire at Sanningsanden kom, han som skal overtyde verda om synd, rettferd og om dom. Det finns inga sann åndeleg fornying i det aktive brotet med Guds openberra sanning.

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)