STATEN

20.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser) Staten

Til dei skaparordningar som Bibelen og kyrkjelæra stadfester, høyrer den verdslege styresmakt: For det finst ikkje styresmakt utan av Gud. Rm. 13, 1.

I reformasjonen vart dette serskilt framheva, og det vart teke avstand både frå manikeiske, anabaptistiske og andre sekteriske oppfatningar som hadde funnest og fanst og der styresmakta i seg sjølv vart sett på som ein urett, som nærmast ei djevelsk oppfinning. Luther tek også sterkt avstand frå kyrkjelege framstøytar som vil underleggje seg den verdslege styresmakta, slik han såg det i paven sin maktarroganse. Men dette forhindrar ikkje at reformatorane også hadde ei klart syn for at staten må stå under Gud. Er styresmakta av Gud, så må ho og vera forplikta på Gud.

Det er dette siste som etter vårt syn er det brennande spørsmål i vår tid: når me seier "ja" til staten som ei Guds ordning, seier me og "nei" til avvik frå Guds vilje for staten.

I vår nære fortid har me sett døme på at staten har vilja "gå sine eigne vegar" og har delvis kunna stø seg til teologar som har lagt ut vår lutherske kyrkjes lære om det verdslege og åndelege regimente på ein slik måte at desse blir som to parallelle liner som ikkje skjer kvarandre. Staten gjer som han vil; han gjev seg sjølv lover som han finn formålstenlege. Det som skjedde i Hitler-Tyskland i så måte, er skræmande. Staten frigjorde seg frå både kyrkjelege og filosofisk etiske autoritetar og ville vera "eigengesetzlich", autonom. Under okkupasjonstida opplevde vårt folk og vår kyrkje noko av denne i- seg- sjølv kvilande staten.

Overfor denne staten kom kyrkja med sitt klåre vitnemål, som ikkje var ei fornekting av styresmakta i og for seg - ikkje ein gong okkupasjonsmakta - men påviste avviket frå naturretten (med vern om menneskeverdet) og Guds openberre lov.

Kyrkja synest etter vår meining i etterkrigstida å ha forsømt å ta si oppgåve som staten sitt samvit tilstrekkeleg alvorleg og kome inn i ein servilitet som, korkje gagnar staten eller kyrkja. Er det ikkje ei fornekting av kallet til å vera ljos og salt i samfunnet, når ein finn seg i å ha eit tilsynelatande problemfritt tilhøve til den staten som bryt med naturretten og med Guds openberre bod? Då profeten Natan gjekk til kong David og påtala denne si synd, nådde han inn til samvitet hjå den styrande og førde han inn i bøn og bot. Så skulle me heller ikkje slå oss til ro med at den verdslege styresmakt - så ufullkomen som ho enn måtte tre fram i denne verda - skal få gjera som ho sjølv vil. Ho er - må me i Guds namn - halda fram, underlagt Gud som skaparen, opphaldaren og gjenskaparen og skal på sin måte fremja mennesket sitt både timeleg og ævelege vel.

Ut av den falske underkastinga, norske kyrkje, og tal og handle på Guds vegner i vårt folk!