Ugens bønner

02.02.2020
Arve Brunvoll
Bokanmeldelser Barokk Meditasjon Pasjonssalmer Poesi Islandsk Bønner

Det er eitt viktig lite hefte vi har fått med denne danske omsetjinga av Hallgrímur Péturssons bøner. Vi skulle gjerne hatt det på norsk, men vi skal vere takksame for den danske utgåva, som vi lett kan bruke.

Ugens bønner

Hallgrímur Pétursson er Islands største skald og salmediktar. Han levde i det 17. humdreåret, på same tida som Kingo og Petter Dass, og representerer, som dei, i si dikting barokken. På ein særskild måte er Hallgrímur framleis levande, ikkje berre i den kyrkjelege kulturen, men også i heile den nasjonale kulturen på Island. Mest kjend er Hallgrímur for sine Pasjonssalmar, 50 salmar for langfasta. Dei kjem ut i stendig nye opplag og vert enno framførde i islandsk radio kvart år i fastetida, også av kjende skodespelarar.

Hallgrímurs livshistorie er eventyrleg og dramatisk og har sikkert også sett merke etter seg i den religiøse diktinga hans. Hallgrímur viste tidleg poetiske evner, og det kan ha vore bitande høvesdikt om høgtståande personar på Island som arga dei slik at den unge Hallgrímur vart send til Kjøbenhavn. Han vart først sett i smedlære, men ein framståande islendar i Danmark fekk sett han på skule for å verte prest. Som student fekk han i oppgåve å undervise med å gje ei attføring i trua til islendingar som hadde vore i muslimsk fangenskap i Algerie etter å ha vorte tekne på algirske røvartokt på Island, og no var kjøpte fri. Mellom dei var Guðriður, som var 16 år eldre enn Hallgrímur og gift på Island. Det er uvisst om ho alt då visste at mannen hennar var komen bort på sjøen. Iallfall vart ho og Hallgrimur hugtekne av kvarandre. Guðriður vart gravid, og dei båe vart sende attende til Island, der det følgde mykje strid og vanskar før dei vart gifte. Det gjekk enno ei tid før Hallgrímur fekk prestekall som dei kunne leve av, først det fattige Hvalsnes og sidan det rikare Saurbær i Hvalsfjorð. Sorg og prøving følgde dei framleis; dei miste den vesle dottera Sveinun, og attåt alt vart Hallgrímur sjølv spedalsk. 

I tillegg til pasjonssalmane finst det òg fleire prosaverk av Hallgrímur. Dei er alle meditasjonslitteratur, nokre knytte til dei sju dagane i veka. Det er naturleg å sjå dei sju morgon- og kveldsbøner, som er utgjevne i Ugens bønner, i samanheng med desse meditasjonane. Som meditasjonane, høyrer bønene til i det personlege, individuelle, fromheitslivet. Det er den einskilde som bed, men det er ikkje slik at bønene berre dreier seg om det private. Dei er også bøner som siktar på livet i verda, slik pasjonssalmane også gjer det.

I bønene for veka er det alltid synda som er utganspunktet. Bønene er syndsvedkjenning. Det er sikkert slik at Hallgrímur ser konkret attende på sitt eige liv i syndsvedkjenninga, men det er ikkje først og fremst særskilde fall og synder som det er tale om. Det er meir det at synda er eit livsvilkår. Vi er syndarar. Difor er bøna først og fremst ei bøn om Guds nåde, og om at Gud skal halde oss fast i trua, så vi kan leve rett i verda. Hjå Hallgrímur er det ikkje tale om klisjear som han tek opp att kvar gong. Det er noko han maktar å seie med nye ord og bilete, der også Bibelen vert nytta på nyskapande vis. Dette er eit stykke av morgonbøna for laurdag:

Den guddommelige nådes fagre sol

er i mig som forandret

til urætferdighedens mulm og mørke.

Ak, vend dig mod mig

og tilgiv mig alle mine synder, 

vær mig nådig, for jeg er alene og elendig.

...

O Herre!

På denne lørdag mindes jeg dine diciplers lille skib,

der ved aftenstide var midt ude på havet.

På samme måde er vi

på denne verdens aftenstid i kristenhedens kirkeskib

- midt ude på det oprørske hav -

slået med rædsel.

Gå os derfor ikke forbi, min Herre!

Men sig til os:

Vær fortrøstningsfulde,

jeg er Ham, frygt ej!

Og stig så ind i skibet til os.

Så vil den store plages frygtelige stormvind

legge seg og løje af.

Dette er sjølvsagt barokkens blomstrande stil. Om vi ville be slik i ei fri bøn i ei forsamling i dag, ville det i beste fall vere låttleg. I vårt løynrom treng vi ikkje å skjemmast over å la leppene våre forme slike ord. 

Bønene til Hallgrímur er ikkje keisame, også av di han er fri når det gjeld oppbygginga av bønene. Det er ikkje ein stiv struktur med lovprising, syndsvedkjenning, bøn om nåde i same orden. Hallgrímur let det skifte. Linene er forma og orda valde slik at bønene også får ein poetisk stil, jamvel om dei ikkje er dikt i bunden form. 

Omsetjinga til dansk er god og truverdig. Ønsket om å liggje nær originalen når det gjeld biletbruken er prisverdig. At omsetjaren også har freista å leggje språktonen nær stilen frå Kingo si tid, er uttrykk for ein god intensjon. Vi kan likevel spørje om dei spesielle innslaga av eit lett arkaiserande dansk verkeleg fører oss nærmare originalen. Det er vel eingong slik at det ikkje er lett å høyre klangen av Hallgrímurs islandske røyst gjennom det danske språket. Men det er no slik omsetjing er.

Det kan leggjast til at Pasjonssalmane ligg føre i ei ny utgåve på norsk.

Likeins at Hallgrímur er representert i Norsk salmebok 2013 med 2 salmar, nr. 133: “Guds Son dei tok til fange” og nr. 368: “Ja, du er konge, Jesus Krist”, som er utdrag av to av pasjonssalmane. Sørgjeleg er det at vi har mist den mest kjende Hallgrímur-salmen, som stod i Salmebok 1985 (nr. 825), “Som fagre blomen ydder”, etter “Allt eins og blómstrið eina” (Um Dauðans Óvissa Tíma), omsett av Anders Hovden.

 

Hallgrímur Pétursson: Ugens bønner.
Omsette, og med etterord, av Johnny F. Lindholm. Reykjavík: Saga forlag 2017