Utfordrande om helbreding

17.08.2022
Johannes Kleppa
Bokomtale Helbredelse Bønn Bibelen Bibelbruk Bibeltillit Karismatikk Sykdom

Bokanmeldelse

Gud helbreder også i dag - Oddvar Søvik

Oddvar Søvik har lang erfaring som forkynnar og leiar i ulike kristne samanhengar, og han har gjennom femti år praktisert å be for sjuke. No har han skrive bok om at «Gud helbreder også i dag». I form og språkbruk er dette ei enkel bok, men etter sitt innhald er ho både viktig og utfordrande.

Den første delen er i stor grad ei attfortelling av det som er fortalt i GT og evangelia om helbreding, med nokre korte kommentarar til forklaring og aktualisering. Etter det er det ei kort oversikt over det som har skjedd opp gjennom kyrkjehistoria frå Apostelgjerningane til vår tid. Dette må sjølvsagt verta berre glimt, men det viser at helbreding alltid har skjedd. Det som er referert frå vår tid, er i stor grad frå karismatiske samanhengar og kan med det gje eit litt einsidig inntrykk.

Søvik viser at det er svært mykje om teikn og under i evangelia, og han seier det også gjeld Apostelgjerningane. Det siste er både rett og gale. Når vi les denne boka, opplevest det som at der er mange teikn og under, men vekta er på forkynning og undervisning. Når vi samanliknar Markusevangeliet og Apostelgjerningane, er det nokså stor forskjell. Hjå Markus møter vi svært mange teikn og under på eit lite geografisk området over berre tre år, medan vi i Apostelgjerningane har langt færre over ein periode på 30 år og eit stort geografisk området, trass i at dette var apostlane si verketid. Etter mitt skjønn viser dette at teikn og under alltid høyrer med og er viktig, men at vekta er på forkynninga.

Det store spørsmålet er så korleis Jesus helbreder i vår tid. Søvik har her ein relativt brei, men samstundes kortfatta gjennomgang av ulike måtar helbreding ut frå Guds ord skjer på, og han har mange døme frå det praktiske livet. Han har døme frå mange ulike samanhengar, og frå eigen praksis. Nokre gonger refererer Søvik til personar og kristne samanhengar som han teologisk ikkje går god for. Dette gjer han på ein grei måte. Poenget er å halda fast på ei sunn bibelsk tenking, samstundes som ein må erkjenna at Gud gjer teikn og under på tvers av ulik teologi. Søvik er meir open for impulsar frå nyare karismatisk teologi enn eg er, og nokre gonger kunne eg tenkt meg ei litt meir omfattande teologisk avklaring. I forhold til herlegdomsteologien er Søvik heilt klar, og meiner det å «kommandera» Gud til helbreding er ubibelsk, og det har svært negative sjelesørgeriske konsekvensar.

Søvik understrekar sterkt at det langt frå er alltid Gud helbreder, men til meir vi bed om helbreding, til oftare skjer det. Han har eit lengre kapittel om kvifor så få vert helbreda. Han gir nokre forklaringar på det, men endar opp med at det i siste instans er uforklarleg og ligg i Guds skjulte råd. Det er eit godt sjelesørgerisk svar. Det er tankevekkande at Søvik ikkje lærte noko om forkynning til helbreding og bønn for sjuke då han gjekk på MF, og han finn praktisk talt heller ikkje noko om det i preikelærer eller truslærer.

Når helbreding skjer, er det fleire grunnar også til det. Det er viktig at det ikkje berre skjer fordi Gud har medkjensle med den sjuke som vert helbreda, fordi då får vi problem med Guds omsorg for dei som ikkje vert det. Helbreding er både under og teikn, og det viser Guds siger og Guds rikes makt, og er til trøyst og oppmuntring både for den som vert helbreda og for dei som ser det. Søvik har ei sunn tilrettelegging av dette.

Søvik går også inn på indre helbreding og på utfriing frå vonde åndskrefter og demonutdriving. Også dette gjer han på ein sunn måte, sjølve om det er her rom for visse nyansar.

Oddvar Søvik har ei spesiell personleg erfaring ved at den første kona hans var sjuk i 25 år og sat dei siste 15 åra av livet i rullestol. Dette trass i at dei både ba, salva og fasta for henne, og trass i at han sjølv forkynte helbreding og bad for sjuke. Det er eit godt døme på at helbreding har vi ikkje kontrollen på, men det skal ikkje ta frimodet frå oss til å forkynna og be om helbreding. Mange som bed for sjuke, slit sjølv med sjukdom i eige liv eller i familien. Personleg har eg ei tilsvarande erfaring som Søvik med at første kona døydde. Vi også salva og bad, og eg har vore med og bedt for andre, sjølv om eg ikkje har stått i ei helbredingsteneste. Poenget er å få kvila i Herrens naglemerka hender med sjukdom og død – og helbreding!

I ei bok av denne typen er det alltid rom for nyansar og noko ein sjølv ville formulert litt annleis, men totalt sett er dette ei god innføring i og oppmuntring til den helbredingstenesta Bibelen viser oss, og som Gud kallar oss til. Vi må ikkje verta så redde for usunne sider ved dette, at vi lete det heile vera. Vi må heller ikkje verta så redde for å verta skuffa, at vi ikkje vågar.

Eg seier med professor Tormod Engelsviken i ei anbefaling av boka at ei slik «innføring er i kirkens helbredende tjeneste» er noko «som er sårt tiltrengt i vår sekulariserte og rasjonalistiske kultur». Det er godt om boka kan hjelpa til ei rett og frimodig forkynning og ein sunn praksis med tanke på forbønn og helbreding.

Johannes Kleppa

 

Oddvar Søvik

Gud helbreder også i dag

Proklamedia 2022

Heftet 174 sider

(Tidligere publisert i Dagen)