Utvida fridom til fosterdrap

02.01.2024
Johannes Kleppa
Aktuell kommentar Abortdebatt Abortlov Abort Abortgrense Samfunnsutvikling Samfunn Lover Lovverk Lov Lovgivning Etikk Menneskeverd Menneskeliv Menneskeverd Bioteknologi

Aktuelt

Johannes Kleppa

Då retten til fri abort, eller fritt fosterdrap, vart innført på 1970-talet, var det ein voldsom debatt. Debatten den gongen var i stor grad prinsipiell, til forskjell frå no. I dag er det meste av pragmatisk karakter. Den gongen var det i stor grad kvinna sin rett til å velja som stod mot det ufødde barnet sin rett til å leva. No går mykje av debatten ut på å vega kvinna sine «rettar» og fosteret sine «rettar» mot kvarandre.

Det ein då gjer, er å vega to ulike rettar mot kvarandre, rettar på ulikt nivå. Ein tek ikkje på alvor at livsretten står over alle andre rettar. Dessutan er det slik at andre vel på fosteret sine vegner, og det valet kan barnet aldri gjera ugjort. Spørsmålet om barnet sin livsrett har altså falle ut eller kome i bakgrunnen, eller det får ikkje ein sjølvstendig posisjon.

Den lova vi fekk på 1970-talet har stått fast, sjølv om det er vore mange debattar knytt til abortspørsmålet og abortlova. Det gjennomgåande ved debattane har vore at fosteret sitt menneskeverd stadig har vorte redusert eller nedtont, og med det fosteret sin livsrett. Det gjeld både blant politikarar og i Den norske kyrkja. Biskopane har gått frå å vera prinsipielle til å verta pragmatiske.

No har eit utval lagt fram forslag til ei total revidering av gjeldande abortlov, som altså er ei fosterdrapslov. Det synest som at det vil enda med ei ny abortlov, sjølv om det vil ta nokre år. Det prinsipielle vil verta som før, men det vert føreslege at kvinna sitt suverene val, altså hennar suverene rett til å bestemma om barnet skal få leva eller ikkje, vert utvida frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet. Rett nok er dagens Storting delt omtrent på midten i det spørsmålet, men mest sannsynleg skjer det ei liberalisering – om ikkje Herren grip inn på ekstraordinær måte.

Det skjer altså ikkje noko prinsipielt nytt ved det forslaget som ligg føre, og slik sett kan ein seia at det ikkje betyr nooko, men det er ei for overflatisk vurdering. Ei kvar liberalisering er ei utviding av fridommen og retten til fosterdrap. Det er eit signal om redusert menneskeverd for fosteret, og med det vert fosterdrap lettare. Sjølv om nemndene som har avgjort spørsmålet om abort etter veke 12, har vore liberale, har det med nemnd i det minste signalisert at fosterdrap i denne perioden ikkje er beint fram. Det kan ha gjort at ein del kvinner ikkje har søkt om abort, men no lettare vil få det utført.

Det er nokså talande at forslaget til liberalisering av fri abort, kjem samstundes med at Stortinget har vedteke å forby det som vert kalla konverteringsterapi, og i den lova er også spørsmålet om kjønnsidentitet teke inn. Spørsmålet om kjønn har ut frå kristen etikk med menneskeverdet å gjera. Gud skapte mennesket som to kjønn, mann og kvinne, og det er fundamentalt i å vera skapt i Guds bilete – med det menneskeverdet som ligg i det. Mennesket vert i stadig større grad gjort til ein ting, og då vurdert ut frå om denne tingen er ønskjeleg eller ikkje og korleis denne tingen sjølv ønskjer å vera. Dette grip også inn i bioteknologien.

Eit tredje området som gjeld menneskeverdet, er spørsmålet om såkalla «aktiv dødshjelp». Då er det i stor grad nyttespørsmålet om kjem i sentrum. Det vert spørsmål om den gamle eller sjuke opplever seg å vera til nytte eller til byrde, og kva dei pårørande tenkjer om det. I nokre få tilfelle gjeld det spørsmålet om stor smerte skal avsluttast ved aktiv dødshjelp. Det heile endar opp i spørsmålet om menneskeverd og livsrett.

Sjølv om kampen om abortlova synest å vera tapt, må kristenfolket ikkje gje opp tanken om fosterets absolutte menneskeverd og med det livsrett. Det må vi stadig halda fram i forkynning, undervisning og offentleg debatt, slik at det kan haldast oppe og kanskje gjenskapast ei rett halding til barnet i mors liv. Det kan redda liv. Vi må ikkje gje oss inn på pragmatikkens glidebane eller setja kvinna si sjølvbestemming på line med eller over barnet sin livsrett. Samstundes må ein kjempa mot utviding av fridomen til og retten til fosterdrap.

Johannes Kleppa

(Tidlegare publisert i Dagen)