"Våg å stå som Daniel"

25.05.2015
Ottar Mikal Myrseth
Mann og kvinne

Den som ikkje har kyrkja til mor, kan heller ikkje vere ein god far, har eg lese. Vi lever midt i ein kulturtrend som effektivt har sett menn til sides.

Menn og fedre i vår tid har blitt ribba for både status og nødvendige forbilde. Usikre på det å vere mann og far, vik mange tilbake for å ta på seg ansvaret. Dermed er det lite manndom att. Også i kyrkja.

I samfunnet er singelliv blitt foretrekt framfor familieliv. Kvinner greier seg godt i ein-persons hushaldningar, utan oss menn. Vi er ikkje eingong uunnverlege til avlsformål. Knapt nok til forlysting. Kvinnene sviktar menn, og menn tør ikkje vere det. Unge menn veks opp med fråverande fedre.

Det står ikkje betre til i kristne miljø. Desse vart lette bytte for feminiseringa som gjekk over landet siste generasjonen. Og når likestillings-tankegangen marsjerte inn, dunsta innsikta i det særeigne ved kjønna fort bort.

Heilt sidan 1200-talet har eit feminisert fromheitsideal sett preg på kristne miljø. Eg hugsar godt den veike, hippie-langhåra Jesus på bedehuset heime. Mild, søt, komen rett frå frisøren og manikøren. Han stod for døra og banka så forsiktig at det berre så vidt høyrdest. Denne bilettradisjonen voks fram i kjølvatnet av ein brudemystikk som la hovudvekta på at kvar einskild truande skulle tenkje seg sjølv som Kristi brud. Det er ikkje utan vidare lett for mannfolk. Denne tradisjonen har vore med å framandgjere menn. Og dei siste 40 års kjønnskamp har berre forsterka inntrykket. Er dei pyntelege, kvinnedominerte, røyking-forbudt-fellesskapa noko for ekte mannfolk?

Eg veit godt at brudemystikken fyller Skrifta frå fyrst til sist. Bibelen startar med eit ekteskap og endar med det heilage bryllupet mellom Lammet og bruda. Men eg trur den individualiserte utgåva er lite bibelsk, har feminisert våre trusideal og framandgjort menn.

At samlivskrise og kjønnsforvirring er to sider av same sak, kan nok mange seie seg samde i. Men då dei dominerande protestantiske kyrkjene opna opp både for kvinnelege prestar og for dei nye samlivsformene, bidrog dei sterkt til ubalansen. Dei forlét samstundes ordningane både frå skaparverket og openberringa.

Gud har lagt ned i mennesket eit design som framkalla både kvinne- og mannsideal. Tør vi å forkynne og undervise om det? Menn har mannen frå Nasaret. Tør vi å bruke han? Jesus var snekkar i ei tid då det korkje fanst el-verktøy eller deodorant. Men han er Løva av Juda såvel som Lammet. Han var både vill og mild. Han hadde englelegionar til disposisjon, men lét seg trampe på og piske til blods. I rå villskap rydda han salsbodene på tempelplassen. Ikkje mindre modig var det å  anklage dei åndelege leiarane i byen for hyklarskap. Men han møtte kvinna ved Sykars brunn og tollmannen i Jeriko med ein mildskap som sette spor. Han gret utan å bli veik. Han tiltrakk seg småborn og stilte stormen. Han var ein mann med sjølvdisiplin og misjon som gav han styrke. Han var mann for både kvinner og menn. 

Kvar finst den maskuline krafta i vår tids kyrkjer, som gir menn som søkjer Mannen både disiplin og kameratskap? Vi treng å skape fellesskap der gutar som saknar fedre, kan modnast til å bli ansvarlege. Dei treng ideal som talar til menn. Dei treng mysterier, fåre, eventyr, utfordring og disiplin. Dei treng å vite at Gud hadde ei meining med at dei vart gjort til menn, og at dei har det som trengst.  

Det trengst menn som kan halde ikring både mor og barn. Eg trur menn sårt treng den siviliserande påverknaden frå kvinner. Men dei treng kvinner for å bli kultiverte, ikkje for å bli feminiserte.

 

Artikkelen er publisert i Lære og Liv no 1 - 2011. Fast spalte: Vestavind

Denne artikkelen var opprinnelig publisert på siden mannogkvinne.info, som nå er nedlagt.