Vårt daglege brød

29.03.2020
Ottar Mikael Myrseth
Korona Brød 1. bud

Klimakrisa har gitt mange eit anstrengt forhold til mat. Coronakrisa har ført til avlysing av både bønemøte og messer. Då trengs ei påminning om mennesket og brødet.

Ottar Mikael Myrseth

Bibelen talar om brød frå fyrste blad. Gud skaper verda og gjev henne til mennesket som mat. Mennesket vert bunde ihop med det skapte. Menneske skulle difor vere dei fyrste miljøaktivistar og livsvernarar. 

I Fadervår bed vi Gud gje oss livet gjennom skaparverket. Vi lever livet vårt for å realisere gudsbiletet i oss. 

Men brødet vert så lett eit mål i seg sjølv. Slik det var for Adam i Paradis og for Jesus i øydemarka. Freista til å ta kontroll over maten på eiga hand, å vere sjølvstyrt, utan tanke på Gud.

Syndefallet var at mennesket ville vite best sjølv, ved hjelp av brød åleine å gjere seg uavhengig av Gud. 

Resultatet vart katastrofalt. Mennesket vart ikkje sin eigen herre, men slave av brødet. For mennesket kan ikkje bli Gud. Mennesket er del av skaparverket. Når mennesket ikkje vil ta imot livet som Guds gåve, vert det underlagt det skapte som må døy for å bli gjort om til liv. Brødet vert symbol på døden. For om mennesket ikkje et, døyr det. Men om det et, så døyr det likevel. For brød åleine er til for å bli fortært. 

Difor må mennesket frelsast frå døden. Også det handlar om brød. Jesu siger over brød-freistinga i øydemarka, gir mennesket håp om å sleppe å ende som forbrukaren som sjølv vert forbrukt.  

Dette nye synet på maten er knytt til det nye brødmåltidet som heiter ’takkseiing’, evkaristi. Nattverdmåltidet er syndefallet sitt motstykke. Brødet i nattverden er det nye brødet frå himmelen som er det frie livet for menneska. 

Dette brødet bed vi om i Fadervår: Gjev oss idag brødet frå himmelen. Alt vi treng for å leve, er gåver frå Gud, gitt oss for at vi skal anerkjenne Han. Djupast sett er det Han sjølv vi tek imot. Hans brød gir oss livet som er sterkare enn døden. 

Å be Gud om dagleg brød, er ei bøn om å få leve det guddomelege livet Han skapte oss til og som vi er Han evig takksame for. 

Eit berekraftig liv handlar om å gje Gud den plassen han skal ha i livet. Verkeleg klimakrise vert det når mennesket ikkje bed Gud velsigne det daglege brød.

 

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidligere publisert i Dagen)