Kvifor er vi sjokkerte? Miksen er jo urgammal og velkjent; makt, sex og pengar. Triangelet som alltid har freista og har felt så mange. Alle tre inngår i menneskelivet og er ein føresetnad for sivilisasjon og samfunn; alle har ei bakside av egoistisk lyst og vondt begjær.
Akkurat no er vi vitne til at delar av samfunnseliten blir blottstilt. Av det treng vi ikkje å gjere tabloide slutningar om at slik er alle, slik er heile systemet. Media og politiske ytterkantar forsøker gjerne å skape «guilt by association», men det er ei ufin øving. «Derfor kommer hun aldri til å få fred» skriv Erik Stephansen i Nettavisen om Ine Søreide, men er ikkje heilt ærleg når han truleg meiner at media aldri vil gi henne fred. «Oppslag» genererer jo pengar.
Alle oppfører seg ikkje korrupt. Likevel treng alle med makt å minnast på Lord Actons berømte ord om at «makt korrumperer; absolutt makt korrumperer absolutt». Derfor er det livsfarleg når mektige politikarar vil skrote den maktfordelinga som ber demokratiet. Det råkar likevel ikkje berre i politikken, men og i kyrkjer som dyrkar og beundrar «karismatiske», sjølvbevisste leiarar og forkynnarar.
Til beste for oss alle, la oss bruke sunn dømmekraft! Eg har blitt meir glad i ordet «kritisk» enn eg trudde eg skulle bli. Det betyr ikkje negativ eller sur eller rasjonalistisk, men det inneber å vere rasjonell. Å øve kritikk er å stille dei nødvendige spørsmåla, å vere nysgjerrig, å søke sanninga. Slik både akademia og media fungerer på sine gode dagar.
Når menneske med makt blir avslørt som grådige i eit liv der freistingar er til for å følgjast, har det ei personleg side og ei offentleg. Offentleg mistar dei tillit, og om klagemåla er korrekte, med rette. Tillit er ikkje noko du har krav på, det er noko du fortener. Tillit følgjer ikkje blindt rolla di, men er avhengig av kva karakter du ber rolla di med.
Heldigvis har vi eit velfungerande rettssystem som tar hand om brot på offentlege lover og vedtekter. Det er ikkje eg som skal tilgi menneske som har forårsaka andre vondt, og det er ikkje mi private rolle å fordømme at dei har misbrukt fellesskapets verdiar og tillit. Eg veit for lite om andre og for mykje om meg sjølv til å ha retten til å kaste stein.
Den personlege sida handlar om det realistiske ordet «synd». Vi er vitne til menneske som har mista dømmekrafta si og gitt etter for det vonde begjærets ursynd. Ut av dette og inn i fridom finns det berre éin veg, oppgjeret. Nokre få treng å ta det oppgjeret offentleg, men dei fleste av oss treng å ta oppgjeret overfor dei som er råka av våre egoistiske prioriteringar.
Eit kristent menneskesyn tar høgde for alt dette og lar seg ikkje sjokkere. Det bildet vi ber som skapte i Guds bilde gjer oss unike både som skaparar av kultur og forvaltarar av Guds skaparverk, og som moralske menneske med ansvar for vala våre. Det går ikkje noko avgjerande skilje mellom Dagens fromme lesarar og dei som no må stå til offentleg ansvar for sine synder. Skiljet går tvers gjennom kvar av oss. Vi ber alle på djupt korrupt potensial.
Den naive sekulære humanismens utviklingsoptimisme manglar berekraft for menneskets stadige tilbakefall til urgamle mønster av synd og vondskap. Ein slik humanisme står utan både det høge synet på menneskeverdet og den djupe erkjenninga av menneskenaturens problem. Forståinga av nåden blir tilsvarande svak.
På same måten er det med dei utbreidde marxistiske ideane som pregar mykje sosiologi og psykologi om at problema eigentleg er påført oss, at ansvaret ligg i oppvekst og samfunn, i rammeverket som eg er dømt til å leve i. Då slepp eg kanskje å stå til ansvar, men utan ein plass å gjere opp for og legge av skuld, blir den liggande i meg som skam. Vår tids sterke skamkjensle handlar ikkje om Gud og grenser, men om gudlaus grenseløyse.
Erkjenning av lysta til det vonde – eller jamvel «den vonde lysta» – i hjartet mitt inngår i kyrkja sitt bønespråk. Det er ikkje ord berre for medieeksponerte kjendisar. Det er ord som gjeld oss alle. «Eg har tenkt det sku’kje eg ha gjort,» skriv Bjørn Eidsvåg når han reflekterer over disiplane sine svik Jesu siste påske. Han endar likevel realistisk ut med eit «Kyrie eleison». Herre, miskunne deg over oss!
Freistingar gjeld oss alle, slik morgondagens preiketekst minner oss om. Jesus blei utsett for Satans lumske angrep til å gi etter for lyst, makt og rikdom. Til å bryte bodet om å elske Herren din Gud av heile hjartet, all di sjel og all di makt.
Jesu møte med freistingane kan hjelpe oss alle på fleire måtar. For det første hadde han levd 40 dagar i bøn og nært fellesskap med sin himmelske Far og visste kven han var og kor han høyrde til. For det andre var Jesus væpna til tennene ved å kjenne Guds ord og halde det opp mot alle freistingane til å vike av frå Guds veg. Vi er kalla til begge deler.
For det tredje starta han ved dåpen og freistingane på den vegen som berre han kunne gå. Allereie dei første menneska svikta i freisting, slik vi alle har svikta etter dei. Berre éin har møtt freistingar og er prøvd i alle ting, slik som vi, men var utan synd. Det har opna frelsa sin veg for både politikarar, ambassadørar, kongelege og oss som lever vanlege liv.
21.02.26
Rolf Kjøde
(Artikkelen har tidlegare stått i Dagen)