VEDKJENNINGA SOM SAMTIDSKRITIKK

25.07.2021
Arve Brunvoll
Bokomtale Bekjennelsesskriftene Bekjennelse Samfunnskritikk Samfunn Kirkehistorie

Bokanmeldelse

Bethelbekännelsen 1933 : Ett lutherskt försök (Innbundet) Serie: Församlingsfakultetens akademiska serie Torbjörn Johansson , Dietrich Bonhoeffer og Hermann Sasse

Her er ei utgjeving som ikkje bør gå nokon hus forbi: Bethelbekännelsen 1933. Ett lutherskt försök. Utgiven med inledning och kommentar av Torbjörn Johansson. Församlingsförlaget, Församlingsfakultetens akademiska skrifter, Göteborg 2021. Simon O. Pettersson har omsett sjølve vedkjenninga, og Johanssons innleiing og kommentar gjev ei særs verdfull hjelp til å forstå henne og kva ho har å seie oss i dag. 

Den såkalla Bethelvedkjenninga vil det vere somme som veit om, men få som kjenner, av di ho berre har vore tilgjengeleg i spesiallitteraturen. Det dreier seg om eit dokument frå den tyske kyrkjekampen i mellomkrigstida, som Dietrich Bonhoeffer og Herman Sasse, saman med nokre andre, forfatta i 1933.  

Bakgrunnen var den store sigeren som det nasjonalsosialistisk prega kyrkjepolitiske partiet Deutsche Christen vann ved kyrkjevalet 23. juli 1933. Prestar og teologar innanfor den tyske kyrkja ønskte å stille Deutsche Christen overfor vedkjennings- og sanningsspørsmålet. Johansson viser til Martin Niemöller, som spør om det er ein grunnleggjande skilnad mellom den reformatoriske læra og det som Deutsche Christen forkynner. Dette må klargjerast gjennom ei vedkjenning som svarar til tida, seier Niemöller. Ei slik vedkjenning var det Bonhoeffer og Sasse arbeidde seg fram til i løpet av ein kort sommarmånad i 1933. 

Det som har vorte ståande som “Bethelvedkjenninga,” er det utkastet som Bonhoeffer og Sasse la fram i august 1933. Dei fekk ikkje alle med seg på dette utkastet, og det vart ikkje publisert. Det som sidan vart publisert, var ei utgåve som dei to ikkje kunne skrive under på av di det var moderert slik at det tok brodden av det som var kritikken mot Deutsche Christen. Denne “november-utgåva” fekk ikkje noko å seie i kyrkjekampen. 

Bethelvedkjenninga i augustutgåva fekk heller ikkje store historiske konsekvensar, men er likevel eit historisk dokument som ikkje må gløymast. Det gjev for det første eit viktig blikk in i den tyske kyrkjekampen. For det andre, og kanskje det viktigaste, gjev det eit eineståande døme på korleis den overleverte vedkjenninga, som vart til i ein historisk kampsituasjon, kan aktualiserast i ein ny kampsituasjon og såleis også vere eit føredøme for oss der vi står. 

Bethelvedkjenninga er eit slags minidogmatikk som vedkjenning i ein aktuell krisesituasjon. 

Ho er ei heilskapsvedkjenning, dvs. ho tek ikkje opp eit locus i vedkjenninga og brukar det på eit casus i samtida, men ho vil vise korleis heile den kyrkjelege vedkjenninga kan relaterast til den kampen som kyrkja står i, korleis dei aktuelle stridsspørsmåla kan og må tolkast ut frå heilskapen i trua. 

Vi kan seie at Bethelvedkjenninga samanfattar og tolkar den klassiske lutherske vedkjenninga. Ho har ein bolk om skrifta, som vel kan kallast eit prolegomena. Så er det bolkar om Treeininga, om Skapinga og synda, om Kristus og ein bolk om Den heilage ande. I desse avsnitta er dei lutherske lærepunkta på sentrale stader framstilte på ein slik måte at den aktuelle applikasjonen av dei kjem fram anten implisitt eller eksplisitt. Det er også lagt inn to avsnitt som direkte inneheld ei slik aktualisering. Etter avsnittet om Skrifta er det eit lite stykke om reformasjonen, der vi finn avvisinga av ein protestantisme som jamsteller kyrkja med ei nasjonal, kulturell, religiøs rørsle. Her kjem avvisinga av den nasjonal-politiske rørsle i Deutsche Christen til uttrykk. I bolken om Den heilage ande og kyrkja er det eit eige avsnitt om kyrkja og jødane, som sjølvsagt er ein tale rett inn i samtida.  

I hovudavsnitta i vedkjenninga (her og nedanfor tyder dette Bethelvedkjenninga) er det fleire stader som er det er verdt å merke seg. I underavsnittet om ordningane under avsnittet om Skapinga og synda, er det tale om at Gud “tvingar” det menneskelege livet inn i faste ordningar. Ordningane er ikkje opphavlege skaparordningar, men oppehaldsordningar. Her er det vel inspirasjonen frå den dialektiske openberringsteologien som gjer seg gjeldande hjå Bonhoeffer (og Sasse). Forfattarane seier ikkje noko om korleis ordningane vert til, om erkjenninga av lovene for desse ordningane. Det interessante i dette avsnittet med omsyn på aktualiseringa av vedkjenninga er stadfestinga av at menneska har utvikla seg i mange folk og stammar, men at korkje Bibelen eller vedkjenningsskriftene talar om det moderne raseomgrepet

I det kristologiske avsnittet vert den tanken avvist at Jesus skulle kunne framstå som ein nordisk heltetype midt i ei “oppløysingstid.” Aller mest er det verdt å merke seg forkastinga av at krossfestinga av Kristus skulle vere det jødiske folkets skuld, som om ikkje alle folk og rasar skulle ha krossfesta han. 

I stykket om kyrkja og staten knyter vedkjenninga seg tett til Augustana 23. Den verdslege styresmakta er Guds ordning, men kyrkja skal i si forkynning oppmode styresmakta til å halde seg innanfor grensene for ordninga og ikkje verte ein reiskap for djevelen. Den relative mildskapen i dette er kanskje eit uttrykk for at vi trass alt ikkje er komne lenger enn til 1933. Viktig er avvisinga av all tanke om ein “kristen stat”. Styresmakta kan ikkje misbruke kyrkja som eit sedleg-religiøst fundament. Den aktuelle brodden i dette er klår. 

Det mest spanande, og kanskje også i dag utfordrande for mange, er avsnittet om kyrkja og jødane. Vi må her ha for auga at Bonhoeffers kamp på dette tidspunktet når det gjaldt jødane, var ein kamp mot utestenginga av jødane frå samfunnet generelt og frå kyrkja og mot tanken om ei rikskyrkje for arisk kristne. Det prinsipielle synet som ligg det aktuelle standpunktet hjå forfattarane, er at Det høgste rådet og jødane avviste Jesus som den Kristus som Skrifta hadde lova, for di dei ønskte ein nasjonal Messias. Men Jesus var komen for å bryte ned skiljemuren. I staden for det gamaltestamentlege paktsfolket trer ikkje ein annan nasjon, men ei kyrkje av og i alle folk. Vi må her skjøne at kampen står om kyrkja sin rett til å forkynne for jødane og la dei verte døypte som medlemer av den sams kyrkja. 

I eit punkt, som kanskje kjem frå Wilhelm Vischer, heller enn frå Bonhoeffer, talar vedkjenninga om jødane sin varande plass i Guds handling med verda. I sin truskap står Gud framleis ved sitt løfte til Israel etter kjøtet. Difor har han teke vare på ein rest, som ikkje ved emansipasjon eller assimilering skal gå opp i ein annan nasjon, men heller ikkje gjennom sionistisk eller anna strev verte ein nasjon mellom andre. 

Vedkjenninga avsluttar dette avsnittet slik:  

Ho forkastar tanken at noko folk kan ha eit historisk kall som kan jamførast med Israels frelseshistoriske oppdrag. Det som vert avvist, er klårt tanken om det tyske folkets historiske rolle. Vi kunne vel også tenkje på ideologien om boerane som Guds utvalde folk.  

Ho avviser at noko folk kan ha til oppdrag å hemne mordet på Golgata på jødane. Dette vart stroke i den seinare utgåva av vedkjenninga, og det var vel ein av grunnane til at Bonhoeffer og Sasse ikkje ville skrive under. 

Ho avviser også at det skulle vere ei blodsbunden jødekristen tru som er skild frå den heidningkristne, og at dei jødekristne difor skulle verte tvinga til å danne eigne forsamlingar. 

Torbjørn Johansson avsluttar sin gode kommentar med å slå fast at Bethelvedkjenninga viser at dei nye, tidsbestemte og aktuelle spørsmåla djupast sett høyrer saman med dei klassiske vedkjenningsspørsmåla, og at ho aktiverer dei teologiske grunnsanningane mot det som er vesensframandt for den kristne trua. 

For alle lutherske teologar (og andre) som ønskjer å fylle eit hol i sin kunnskap om korleis den lutherske vedkjenninga kunne, og kan, tale inn i ein kritisk samtidssituasjon, er denne utgjevinga eit tilbod dei ikkje kan avslå. 

Arve Brunvoll