Vekkarklokke om demokrati og tenking

04.08.2022
Johannes Kleppa
Bokomtale Politikk Politiske premisser Toleranse Debatt Debattkultur Samfunnskritikk Samfunnsutvikling Samfunnsliv

Bokanmeldelse

Demokratiets langsomme død - den nye intoleransen

Det skjer mykje i samfunn, politikk og tenking for tida, både nasjonalt og internasjonalt. Det skjer så mykje og så raskt at det er vanskeleg å fylgja med, og det er så radikalt og nytt at det er vanskeleg å forstå det som skjer. Vi vert til tider overvelda, og opplever utviklinga skræmande. Det er sterke tendensar til einsretting, og kristen tru og tenking er under sterkt angrep.

Inn i denne situasjonen har professor Janne Haaland Matlary skrive ei svært opplysande, spennande og nyttig bok. Boka har eit innhald som kan fungera både som brannfakkel og vekkarklokke. Det er ei bok og ei tenking som langt frå er politisk korrekt eller som let seg styra av dei dominerande og intolerante tankane i tida. Det er forfriskande å lesa ei slik alternativ framstilling av det meste vi møter i media. Framstillinga er offensiv og frimodig, og til tider litt sjarmerande arrogant. Matlary er statsvitar med internasjonal politikk som spesiale, og med omfattande internasjonal orientering og erfaring. Dessutan er ho katolikk med gode kontaktar i Vatikanet.

Det er demokratiet og spørsmålet om toleranse som er hovudtema for boka. Ho meiner demokratiet i Vesten opplever sterke tendensar til underminering, og at toleransen i stor grad har gått over til intoleranse. Ho viser dette teoretisk, og ho gjev ei mengd døme på at det er tilfelle. Det vil føra for langt å gå inn på argumentasjonsrekkjer og dokumentasjon på det ho hevder. Eg må avgrensa det til å peika på nokre tema ho drøfter.

Haaland Matlary hevdar sterkt at ytringsrommet har vorte mindre, både ved sjølvsensur, praksis og lovgjeving. Det hindrar det akademiske arbeidet, forskinga, den rasjonelle tenkinga og den frie diskusjonen. Folk vert skræmde frå å hevda meiningar som ikkje er allment aksepterte, og folk ved universitet og andre stader risikerer jobben sin om dei ikkje opptrer politisk korrekt og snakkar folk etter munnen. Dette fører til einsretting og meiningsmonopol, og det undergrev ei sant demokrati. Minioritetar styrer over majoriteten.

Ho går særleg inn på det som har med innvandring og det multikulturelle å gjera, og dei nasjonale utfordringane dette skaper. Ho går også mykje inn på det som har med menneskerettar å gjera, og understrekar sterkt at desse føreset eit bestemt menneskesyn, slik det vaks fram i den vestlege kristne kulturen. Ho skriv også mykje om kjønnstenking og familiespørsmål, og viser korleis det som har vore rådande syn i alle kulturar gjennom heile historia, plutseleg har vorte underkjent og ikkje akseptert. Her er det svært mykje til ettertanke. Det same gjeld woke-kulturen som set til side rasjonell tenking, og orienterer seg ut frå kjensler, og som endar i makt og tvang. I denne samanhengen er det også interessant med det som gjeld politikkens grenser.

Haaland Matlary sin mann er frå Ungarn, derav siste etternamnet, og ho har uvanleg god kjennskap til Ungarn og til Mellom- og Sentral-Europa i det heile, ikkje minst Polen. Ho viser korleis ein her tenkjer svært ulikt det som er rådande i vårt land, særleg om kristendommens positiv betydning og om ekteskap og familie. Norske media og politikarar forstår seg ikkje på dette, og med det får vi svært karikerte reportasjar om og vurderingar av det som skjer i denne delen av Europa. Dei har lært noko av erfaringane frå kommunismen, som vi ikkje har fått med oss.

Professoren er svært uroleg for den rettsleggjeringa eller juridiseringa som skjer av samfunnet, særleg ved internasjonale domstolar som ikkje har ei klart mandat for oppdraget sitt. Ho er i det heile uroleg for det sterke overnasjonale preget som politikken og samfunnet får, der den nasjonale sjølvråderetten stadig vert mindre. Sjølv om Matlary er for EU-medlemskap, er ho sterkt kritisk til den stadig større og udemokratiske makta som EU får. Ho har ein nokså grundig gjennomgang av det engelske Brexit, som nordmenn ikkje synest å forstå – sjølv om vi har vald å stå utafor EU!

Her er altså mykje å ta tak, og Janne Haaland Matlary skriv godt og engasjerande, også om innfløkte emne. Folk flest vil altså ha utbytte av denne boka, sjølv om det nokre gonger kan vera litt vanskeleg å vurdera framstillinga fordi vi har for lite kunnskap. Det er mykje prinsipiell tenking i boka, men det er fletta saman gjennom fortellingar av personleg og familiær karakter. Det gir litt kvilepausar og smågodt i lesinga, samstundes som det fungerer som innsteg til det som skal drøftast.

Til no har eg sett boka svært lite omtalt, men eg håper ikkje det har sin grunn i at eliten prøver å tia henne i hel. Det er nok ein fare for at stoffet er såpass politisk ukorrekt og professoren tråkkar ein del synsarar såpass på tærne, at dei let boka sigla si eigen sjø – trass i at mykje av det professoren skriv, burde vera nokså innlysande for alle tenkjande menneske. Haaland Matlary er brukt mykje som kommentator i diverse media og bidreg sterkt i andre offentlege samanhengar, så det må vera vanskeleg å oversjå det ho her skriv.

Eg vonar boka får mange lesarar i ulike samanhengar, og at ho verkeleg kan fungera som ein ideologisk brannfakkel og ei demokratisk vekkarklokke.

Johannes Kleppa

Janne Haaland Matlary

Demokratiets langsomme død

Den nye intoleransen

Kagge Forlag 2022

Ib. 259 sider

(Tidligere publisert i Dagen)

les også anmeldelsen av Knut Alfsvåg om samme bok: 

https://www.fbb.nu/artikkel/demokratiets-langsomme-doed/