VID-akademikaren som «tok ein Durek»

05.01.2024
Sofie Braut
Aktuell kommentar Bibellesning Bibelbruk Bibelen Gudstro Tro og tanke Tro og liv Trospraksis Teologi

Aktuelt

Sofie Braut

Eit førjulsinnlegg som tilrår tru utan Bibel har vekt interesse på Facebook. Men ein akademikar som både åtvarar mot lesing og endar opp med noko som liknar nyåndelege refleksjonar, a la Durek Verret bør få oss til å vakna.

«Kan man vere en Kristi etterfølger uten å lese Bibelen?» Spørsmålet akademikar og terapeut Åse Holmberg stiller i eit innlegg i Vårt Land i julestria, er neppe originalt, men vekkjer like fullt merksemd. Tanken er tiltalande for åndeleg orienterte menneske i eit moderne samfunn, og kan også skilta med god Facebook-trafikk.

Kor mange gonger høyrer vi ikkje «truvedkjenningar» som opnar med eit personleg eigedomspronomen i første person: «mi tru er slik», «min Gud er sånn …».? Ein god klunk grundtvigsk «menneske først, og så kristen» trengst gjerne for å skylja ned gudstrua. Å ta Jesus på alvor, med hans sjokkarta utsegner om å la «dei døde gravleggja sine døde», er derimot å dra det altfor langt.

Moderne menneske, med fornufts-tru, og Bibelen trygt plassert i bokhylla, finn likevel snart ut at ikkje alt er på stell om ein skrinlegg strenge gudsbilete og ristar av fikse idear om frelse og fortaping.

Så tyr ein for eksempel til terapi, til psykologi eller til litt meir alternativ åndelegheit, med alle sine implisitte lovnader om at eg får det slik eg vil ha det. Åse Holmberg svarer i alle fall heilt i tråd med dei postmoderne premissane ho alt har etablert i overskrifta, der «læren» er spelt ut mot «kjærligheten». Om dei to er motsetnader, er det opplagt kva vi må velja. Då er det også «selvfølgelig» slik at vi kan vera disiplar utan Bibel.

På spørsmålet om ein kristen greier seg utan gudsordet, kan altså ein moderne terapeut konkludera alt i ingressen. Håpet er at flest mogleg som les innlegget stussar over eit slikt overmot.

Berre for å ha det sagt: Kristen tru er ikkje ein funksjon av Bibel-tilgang. Dei første kristne var naturlegvis kristne utan Bibel. Slik sett vart «visjonen» i innlegget realisert alt for eit par tusen år sidan. Dei tidlege disiplane ville truleg aldri lettvint slått fast at dei heilage skriftene er noko ein Kristus-etterfølgjar «sjølvsagt» greier seg utan. Det vil nemleg vera å ha ei heilt anna innstilling til skriftene enn Meisteren sjølv.

«Har du noen gang tenkt at det hadde vært godt om du ikke hadde en Bibel?» spør Holmberg, som frå ein omvendt julereklame. Motsett av reklamen, fortel ho kristne at dei kanskje har noko dei ikkje treng. Terapeutisk tru høyrest så enkel ut: Tenk om «det eneste du hadde å forholde deg til var å elske Herren din Gud – og din neste som deg selv». Voilà – du har det i deg sjølv, både denne kjærleiken, denne evna til å elska, og til alt overmål: ei intuitiv forståing av desse store orda.

Innhaldsmessig har dette eit populærkulturelt tilsnitt. Tenk på Whitney Houstons passe pompøse hit Greatest Love of All! «I found the greatest love of all inside of me» (Eg fann den største kjærleiken inni meg sjølv), heiter det i det smektande refrenget. Det er ingen som syng som fabelaktige Whitney, men heller ingen tekstar som krasjlandar meir ettertrykkjeleg i fortvila, reduktiv humanisme. Whitney sparte oss likevel for eit oppgjer med Bibelen, som prega henne djupt gjennom eit turbulent liv.

Slikt atterhald finn vi ikkje tilløp til i førsteamanuensisens førjulsinnlegg. I staden tek ho oss med på Bibelkritikkens støvete roteloft, og dreg fram den eine motførestillinga meir forslitt enn den andre på sin veg mot ein Bibelfri kristendom. Først og fremst er det noko djupt foruroligande over ein akademikar som ber folk lesa mindre.

Berre så det er sagt: Å vera kristen er ikkje nokon lesekonkurranse. Fellesskapet av dei truande er ikkje ein bebrilla studiesirkel. KIFO-rapporten frå 2017 synte dessutan at 11 prosent les i Bibelen ein gong i veka. Dette bibelslitet som Holmberg no tek eit oppgjer med, er ikkje ei aktuell problemstilling her på berget. Det er tvert om meir kulturell og åndeleg analfabetisme i vente om vi skal følgja amanuensens anti-lesetips.

Den Guds galskap vi lærer om i hans ord, er å kasta seg på han som har retta opp i det grunnleggjande skakkøyrde ved tilværet, det vi dagleg strevar med i tallause klebrige følgjefeil. Når eg trur eg les Bibelen, merkar eg, som tallause trussøsken: Det er Bibelen som les av min situasjon, og svært ofte oppsiktsvekkande presist. Då kjenner ein ikkje behov for å setja eit ord som syndar i hermeteikn. Det er tvert imot ein smerteleg erfart – og djupt tilgitt realitet ved tilværet.

Om ein i staden tek til takke med bibelfritt heimebrygg blir spørsmålet kva ein står att med. Innlegget slår fast at Bibelen er lite truverdig («skrevet av menneske», «det sies det var store diskusjoner om hvilke skrifter som skulle inkluderes»). Dessutan må han «tolkes ut fra de brillene vi har på oss». Kommentaren alluderer også til ei gyllen førteologisk fortid der alle bare måtte «stole på Gud gjennom livets skiftninger», før trykkjepressa kom og sette krokfot på den uskyldige naturtilstanden. Eit høgst underleg innsteg for ein akademikar.

Frå noko som må vera eit meir overordna utsiktspunkt, har Holmgren blitt både «flau og skamfull langt inn i hjerteroten» når ho ser ut over kyrkjelandskapet og debattane der. Slikt noko er ikkje ho med på, sjølv om ho sender inn eit innlegg som dette.

Her serverer ho også ei av dei meir sevjefrie framstillingane av soga om Abraham som legg i veg til Moriafjellet for å ofra sin elska son Isak. Teksten er av vår kulturs mest dirrande og djuptloddande historier, men hos Holmgren fell han gjennom ettersom han ikkje treffer krava til moderne barneroms-prosa. Det er mogleg nokon alt har sendt henne eit eksemplar av Kierkegaards «Frygt og bæven» i julegåve?

Vel, det er mot slutten at VID-akademikaren verkeleg sklir inn i eit alternativt spor med skyhøg Durek-faktor. Høyr berre: «Den åndelige reisen formes av våre lengsler, og kan lede oss til en dypere autentisert (sic) og integritet, og hjelper oss også til å være i bevegelse». Dette er visstnok ein måte å leva på som er større enn en tro, ettersom «den usunne åndeligheten fjerner oss fra «livet».

Ut frå dette skjønar ein at bibelfri kristentru er ikkje ulik annan nyåndeleg freistnad. Der den eine kjem innhylla i ei skodde av studiepoeng, kjem den andre i ei sky av kongeleg drama. Det kan sikkert vera spennande og sprengja nytt terreng. Ulempa er at dette berre er så frykteleg forbigåande. Eit brakkvatn som ikkje stiller torsten.

Fordelen er at det også kan fungera som ei påminning om kor friskt, fjellstøtt og fornyande det er, Bibelens eldgamle, men trass alt levande ord.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen)