Viktig bok om Jesus – og Kristus

31.08.2012
Bokanmeldelser Korsteologi Kristologi

KRISTOLOGI er det siste vi har fått frå Austads penn – så langt.

Torleiv Austad

KRISTOLOGI

En innføring

Cappelen Damm/Høyskoleforlaget 2012

236 s /Hft

Torleiv Austad er pensjonist. Men det er i namnet. Til gagn for mange sender han regelmessig ut nye artiklar og bøker, der han tydeleg auser frå eit skattkammer som blei fylt opp dei mange åra han underviste ved MF. Det ser likevel ut til at skattkammeret heller vert fullare enn at det tømmest. For Austad fornyar seg også.

Kven var Jesus?

Kven var Jesus? -Kven seier de at eg er, spurde Jesus læresveinane sine.

KRISTOLOGI er det siste vi har fått frå Austads penn – så langt. Han har kalla det ei innføringsbok. Og det er det. Eg vonar dei som har ansvar for slikt, på høgskular og universitet, vil vurdera å ta boka i bruk. For røynsla er at ungdomsgenerasjonane forandrar seg, men pensum er det same. Her har vi altså ei ny bok, godt disponert, og med passeleg mange referansar til det som rører seg i den faglege debatten.

Men lat det straks vera sagt: Boka kan ha ein like stor «marknad» mellom truande og tenkjande menneske, som treng hjelp til å arbeida seg gjennom viktige problemstillingar.

Krossteologi

Sjølv begynte eg med det siste kapitlet. Austad kallar det eit vedlegg om «korsets teologi». Krossteologi er eit nøkkelord i lutherdommen, og det har ein brodd i seg, både innover til oss sjølve, men også utover, til kristne på venstre- og høgresida. Stikkord: Den rette herlegdomsteologi er djupast sett krossteologi.

Når boka har dette vedlegget med, så blir kristologien (=Bibelens framstilling av «mannen frå Nasaret») sett inn i det fagfolk vil kalla ein systematisk-teologisk samanheng. Slik vert det ein nøkkel som kan opna og kasta lys over heile Bibelens lære om den tre-eine Gud. Ikkje mindre viktig er det at krossteologien er god sjelesorg. Her vert slike spørsmål som liding og anfekting tekne opp, og dessutan: Korleis er no eigentleg forsoninga å forstå? Kva er forskjellen på dyr, billeg og gratis nåde?

Studentar må, i store trekk, kjenna til Jesus-forskinga si soge. I denne boka er temaet pressa inn på drygt 30 sider. Det er ikkje mykje, men til sitt føremål er det tilstrekkeleg. Eg er m.a. glad for at enkelte teologar, som elles lett får ein plass og ein omtale som neppe vil stå seg i historiens etterlys, slik sett vert «jekka» litt ned!

Metodiske grep

Det er elles to ting eg særleg merkar meg med denne boka. Det første er at Austad i seks punkt gjer greie for sitt eige utgangspunkt, sine eigne metodiske grep. Han skriv m.a. at det avgjerande ordet i læra om Kristus har Skrifta sjølv. Det fører også til at han tek det han kallar eit ovanfrå-perspektiv på mennesket Jesus Kristus, nærare forstått i ordet om Ordet som blei menneske og tok bustad mellom oss (inkarnasjonen, nyn.: ikjøtinga).

Det andre er at forfattaren tar opp fleire tema (som Jesu atterkome, personidentitet mellom mennesket her og i oppstoda, dommen m. m.), der han nesten påfallande ofte brukar ord som: «vi bør…være tilbakeholdne», «vi har ikke forutsetninger», «sprenger våre forståelsesrammer», våre ord «strekker ikke til», etc.

Men det gjev truverde til framstillinga, og understrekar ansvaret som det er å tala om slike ting. Kanskje kan det også vera til lærdom for dei som brukar så store ord og bokstavar i forkynninga, at dei undervegs misser sine lesande og tenkjande tilhøyrarar?

Kven seier du at eg er?

Er det noko kontroversielt her – sett frå ein vanleg, evangelisk-luthersk posisjon? Det er det ikkje, slik eg som ikkje-spesialist vurderer saka. Men det er fleire utfordrande sider. For meg er det mest nærgåande punktet i boka det som Austad skriv om dommen, og tilhøvet mellom tru og gjerningar i domsgrunnlaget.

Dét skulle vel eigentleg tena som eit døme på at det gamle spørsmålet om kven Jesus er, ikkje vert aktuelt før det vert eksistensielt: Kven seier du at eg er?

Egil Morland

(Bokanmeldelsen har også stått på trykk i Dagen 30.08.12)