Virtuell tru

07.05.2020
Ottar Mikael Myrseth og Egil Morland
Koronasituasjonen Virtuell Gudstjeneste Kirke Formidling Fellesskap Gnostisisme Inkarnasjon

Med stengde kyrkjer og avlyste gudstenester har følgd ein straum av digitalt overførte møter og sokalla ’nettmesser’. Ei bratt læringskurve for prestar og predikantar.

Ottar Mikael Myrseth

(Oppdatert torsdag 7. mai. Egil Morlands svar og Ottar Mikael Myrseths tilsvar er lenger nede på siden.)

All ære til dei mange som har lært å meistre tekniske og regimessige utfordringar og som no når ut til nye grupper menneske fordi dei meistrar formidling på den digitale samtida sine premissar.

Somme har åtvara mot endringar i innhaldet i forkynninga gjennom dei nye formidlingsformene. Mi utfordring gjeld ei anna side: Kan tru vere virtuell? Er dette eller viser det ei gudsteneste?

Nettmesser opnar for tru og praksis som er framand for kristendom. Virtuell tru er utan fellesskap, utan kyrkje og utan sakrament. Om denne vert dyrka, endar det i ein gnostisk relasjon, ein gudsrelasjon utan Guds folk. Nettmesser er faktisk ikkje det dei kallar seg. 

Denne gudslause religionen kan framtre både from og attraktiv, men saknar grunnleggjande kjenneteikn på kristendom. 

Gud vart menneske for å omgå menneske i personleg fellesskap, Guds familie. Kristendom er 

’familiær’. Kristendom er ikkje virtuell men reell presens. Kristus døydde verkeleg. Kristendom er verkeleg blod, sveitte og tårer. Gud krevde eit offer, ikkje eit skodespel. Difor vart Gud verkeleg menneske. Jesus var korkje ein liksom-mann eller ein liksom-gud.

Difor er kristendom handspålegging, salving, samtale, eting, drikking, vatnbad, etterfylgjing og oppstode av lekamen. Grunnlaget for alt dette kallast ’inkarnasjon’. Det set ein effektiv stoppar også for ’self-service’-messer heime med ein sakramentsforvaltar på skjermen.

Det motsette av inkarnasjon er gnostisisme. Her trivast ein virtuell Jesus og ein tilbaketrekt Gud Fader. Og vegen til frelsa går gjennom sjølvrealisering og oppdagingreiser i eige sinn og sjel. 

Menneske er glade i ’kyrkja si’, og lokalkyrkjer vert produserte på både porselens- og tinnfat. Det er verdifullt. Men til slutt er tinnfat-kyrkja kombinert med nettmesse ingenting verd. Kyrkjer er bygde for realpresens, for vedkjenning og tilgjeving, for liv og død, velsigning, ny fødsel i vatn og  Gudsfellesskap i brød og vin. Nettmessa kan i beste fall gjere folk til positivt innstilte tilskodarar med gode minne som turistar. Men til sjuande og sist tel berre deltakinga. 

Gud deltok i menneskelivet på jorda gjennom inkarnasjonen. Vegen tilbake til Gud går ingen annan stad. Nettmesser finst eigentleg ikkje.

Gud er ikkje virtuell. Han var det ikkje, er det ikkje og kjem ikkje til å bli det. Det gjer heller ikkje kristen tru.

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidligere publisert i Dagen)

 

Virtuell tru – kva er det?

av Egil Morland

Saka Myrseth tek opp er så viktig at også usemje mellom menneske som elles står kvarandre nær, må meldast. Mine kritiske merknader går på artikkelen si raske vandring frå premiss til konklusjon. Dinest ønskjer eg å problematisera bruken av ordet «virtuell tru».

For ordens skuld: Eg sluttar meg til alt det Myrseth skriv om korleis ein normalt fungerande kristen tru og praksis utfaldar seg; i fysisk nærvær, i samfunn og fellesskap. 

Men så til saka.

Om gudstenester på TV spør Myrseth: Er dette, eller viser dette, ei gudsteneste? Ut frå konteksten vidare må det lesast som eit retorisk spørsmål, der svaret gjev seg sjølv: -Nei, dette er ikkje ei gudsteneste.

- Jo, det er det, er mitt svar. Folk flest så vel som ‘personlege kristne’ kan møta også ei «normal» søndagsgudsteneste i normale tider som tilskodarar, medan andre kan vera deltakarar i ånd og sanning. Det er gjennom radio og TV mange tusen menneske rundt om i Noregs land elles får del i eit gudstenestefellesskap. Eg tenkjer på dei som lever i ein slags konstant koronasituasjon, isolert av helsemessige eller andre grunnar. Slik er det også med dei mange som vert nådde av radiomisjon rundt om i verda: Dei tek imot det forkynte ordet i tru, og kyrkja er, kyrkja skjer. Der.

Det går ikkje an å seia det opplagte, som at «kristendom er ikkje virtuell, men reell presens», som eit argument mot trua sin plass i dette biletet. Men påstanden dannar utgangspunkt for ei rask oppstilling av negative, teologiske markørar, som:  ei tru og ein praksis framand for kristendom, utan fellesskap, kyrkje og sakrament – til det kulminerer i ein «gnostisk relasjon» i eit sjølvbetjent åndeleg liv.

Men kan ikkje all praksis og tru enda nettopp der – til og  med når vi sit i kyrkjebenken? Ja, råkar det ikkje oss alle, kvar einaste dag? Kva for tankar om den treeine Guds reale nærvær er desse innvendingane uttrykk for? Det er jo «i han vi lever, rører oss og er til» (Apgj 17,28). Kvar skulle vi dra, for å sleppa unna hans pust (Sal 139,7)? Endå meir må dette vera tilfelle for den inkarnerte Kristus sitt nærvær i det forkynte ordet, som «skaper hva det nevner» (NoS 529) – nemleg tru. 

Det er mykje negativt å seia om vår tids flukt frå det eigentlege livet til ei virtuell fantasiverd. Men prinsipielt sett må den truande seia at det kan ikkje koma noka nyvinning av teknisk art der ikkje Kristus når. Dét – og ikkje det motsette – ligg i sjølve inkarnasjonens natur.

Eg vonar at uttrykket «virtuell tru» ikkje blir eit av nyorda i 2020. For det gir ikkje meining. Det er kanskje også Ottar Myrseth sitt poeng? Men gudstenester på TV er ikkje uttrykk for eit kunstig, menneskeskapt univers – eit på-liksom-samfunn, som vi stig ut av når spelet er ferdig. Gode gudstenester – også gjennom media – formidlar eit reelt fellesskap og ei verkeleg tru, som inviterer til å bli omsett i praksis, til eit liv i Kristi etterfølging. Gudstenester på TV kan mangla mykje, men det dei framstiller er verkeleg – med virtuelle midlar.

Kan det engelske ordet «virtual» hjelpa oss her? Det har to nærast motsette tydingar, både som noko faktisk, tett opp til røyndommen, eller som noko kunstig (=ikkjeeksisterande). I desse koronatider gir det meining å hevda at mange er «virtual prisoners in their own home», altså: dei er i realiteten koronafangar. Gudstenester på nett, slik eg opplevde midnattsgudstenesta i Sandvikskyrkja på nettbrett i påsken, er verkelege, og dei nører trua mi. Dei er ikkje fullkomne. Men slik er det med alle gudstenester, også i normaltider: Ei føregriping av den fulle realitet, av festen i Guds rike, når Gud skal bli alt i alle.

Til slutt: Eg lengtar med eit nærast fysisk sakn etter verkelege gudstenester. Eg meiner det nærmar seg ein skandale at ingen kyrkjer er opne for gudstenestefeiring. Det er ille at det inngår i den nasjonale dugnaden ikkje å feira høgmesse. Det representerer eit brot med den rolla kyrkja og prestar alltid har spela i alvorlege tider. Og eg har ein frykt i meg for at dei som sjeldan eller aldri går til gudsteneste ikkje merkar at «tilbodet» ikkje er her no, og at mange av dei som faktisk går, skal byrja tenkja at det funka jo godt (nok) med ein virtuell demonstrasjon på nettbrett.

Så er også det sagt.

Det kan elles seiast mykje om den bodskapen kyrkja formidla i kombinasjonen «Korona og påske». Det får bli ei anna sak.

(Tidligere på trykk i Dagen)

Nettmesser og virtuell tru

av Ottar Mikael Myrseth

Egil Morland (Dagen 28. april) lest vere usamd i åtvaringa mi mot nettmesser (spalten «I fokus» 23. april). Godt då å registrere fyrst kva vi står saman om: «normalt fungerande kristen tru og praksis utfaldar seg i fysisk nærver, i samfunn og fellesskap», «fysisk sakn etter verkelege gudstenester», «ein skandale at ingen kyrkjer er opne for gudstenestefeiring», «frykt for .. at mange skal byrja tenkja at det funka jo godt (nok) med ein virtuell demonstrasjon på nettbrett».

Som eg skulle sagt det sjølv!

Men så går Morland ut frå at det er «opplagt» at kristendom ikkje er virtuell men reell presens. Dette opplagte er kanskje likevel verd å lyfte fram. Nettopp fordi ’self-service’ åndeleg liv ligg så snublande nær oss moderne menneske. 

Eg er ikkje på banen for å stanse TV-gudstenester eller radioandakter. Visst finst det ikkje tekniske nyvinningar som er utilgjengelege for Kristus. Men det er vitterleg eit hav av avstand mellom virtuell og inkarnatorisk formidling, tydelegast framtredande i sakramentsforvaltinga. Difor er ikkje nettmesser messer for andre enn dei som er med i opptaket. For andre er dei ei framsyning. Gjerne trusstyrkande. Gjerne god formidling av ekte tru. Men likevel at dei etterlet seg «eit fysisk sakn». Dei er, som Morland skriv, ikkje fullkomne. 

I alle tider har prestar gått i soknebod til dei som er isolerte frå kyrkjelydsfellesskapen, sjølv om dei har lytta til aldri så mange radioandakter. Utan fysisk vatn vert det heller ikkje dåp sjølv om ein streamer aldri så mange dåpsritual. 

Gud sende til verda ikkje ein instruksjons-video, heller ikkje ei bok. Men son sin. Dette er teologisk sett viktige saker. Det er inkarnasjon i kamp mot gnostisk infiltrasjon i vår kristne tankegong. Gnostisismen har vore ein reell konkurrent til kristendom sidan oldkyrkja. I våre dagar finn den nye vegar. Obs, obs!

Ottar Mikael Myrseth

 

(Tidligere på trykk i Dagen)