Openberringsboka inn i vår tid

10.11.2022
Johannes Kleppa
Bokomtale Johannes åpenbaring Endetid Miljøvern Verden Klima Klimakrise Forbruk Nestekjærlighet Dom Dommedag Guds makt Guds Sønn Gudsåpenbaring Guds Ord

Bokanmeldelse

Johannes' openberring ein samtidsvisjon Hans Johan Sagrusten

Når ein startar lesinga av ei bok, har ein ofte tankar om kva bok det er og kva bodskap ein vil møta. Nokre gonger stemmer dette, og andre gonger viser det seg at det var ei annleis bok enn ein hadde tenkt – positivt eller negativt. For meg var nok Hans Johan Sagrusten si bok om Johannes openberring litt annleis enn eg hadde rekna med ut frå slik ho presenterer seg. Frå ei side sett var ho meir detaljert aktualisert på vår tid enn eg trudde, men frå ei anna side sett gjekk ho mindre i djupna enn eg forventa.

Sagrusten er kunnskapsrik og han er ein språkets meistar. Han skriv gnistrande godt nynorsk, slik at det er ein fryd å lesa reint språkleg sett. Sjølv om dette må reknast som ei fagbok og sakprosa, er det språkmessig som å lesa skjønnlitteratur. Dette har samstundes den ulempa med seg, etter mitt skjønn, at det til tider vert for ordrik og boka vert unødig omfattande.

Det dreier seg ikkje om ein tradisjonell kommentar til Openberringsboka, sjølv om Sagrusten si framstilling kronologisk fylgjer Johannes si framstilling, og sjølv om det er stoff frå alle kapitla. Boka har fått undertittelen «Ein samtidsvisjon», og det speglar både på Johannes si samtid og på vår samtid. Poenget er å få fram viktige element frå Johannes openberring for å forstå vår eiga tid, og å få hjelp til å leva kristent rett i vår tid. Slik aktualisering vil få litt ulikt utslag etter kva tid i historia ein les boka inn i, men her dreier det seg altså om vår tid og våre utfordringar.

Det er mykje aktuelt i Sagrusten si tolking og aktualisering, og til tider er det nokså dristig. Ein god del er utfordrande og til ettertanke, ikkje minst når det gjeld vår tids norske materialisme og det å vera seg sjølv nok. Anna synest eg er i meste laget politisk korrekt, slik som det som gjeld klimakrisa. Sagrusten brukar altså Openberringsboka som ein spegel for oss og vår tid. Eg skal ikkje referera det i større grad.

Aktualiseringa er i stor grad på det som gjeld det praktiske livet, medan det er mindre av det ideologiske og det som gjeld dei store linene i utviklinga og samfunnet. Det er svært lite frå kapittel 17 om tankemessig og ideologisk einsretting og politisk maktkonsentrasjon, men det er mykje frå kapittel 18 om materialisme og handel. Det er også nokså avgrensa frå kapittel 12 om kva det betyr at djevelen vert kasta ned på jord, når det skjer, kva det betyr for samfunnsutviklinga og for antisemittismen.

Ved at boka så einsidig tolkar Openberringsboka som ein «samtidsvisjon», er det lite om den historiske utviklinga fram mot Jesu atterkome, og om antikrist sin funksjon i denne samanhengen. Avsnittet om tusenårsriket vert det bokstaveleg talt hoppa bukk over. Den som vil ha ei bok med endetidsutviklinga i fokus, må finna seg ei anna bok. Det er heilt greit, fordi Openberringsboka kan lesast med ulike innfallsvinklar og har ein omfattande bodskap. Eg finn det likevel som ein veikskap at endetidsutviklinga er så fråverande, fordi samtidsanalysen og aktualiseringa med det vert hangande litt i lause lufta med tanke på utviklinga fram mot Jesu atterkome. Det som eg finn veikast med framstillinga, er at den ideologien og åndsmakta som er knytt til antikrist og hans rike, ikkje kjem til sin rett, jfr. samanhengen mellom Daniels bok og Johannes openberring.

Eg har stor sans for det Hans Johan Sagrusten har gjort i denne boka, sjølv om eg har nokre kritiske merknader. Eg vonar difor boka får mange lesarar, og at den profetisk aktualisering på vår tid og vårt levesett vert teken på alvor. Det dreier seg om eit nødvendig og ransakande perspektiv på livet vårt i dagens Noreg.

Hans Johan Sagrusten

Johannes´ openberring

Ein samtidsvisjon

Verbum 2022

Ib. 288 sider

(Tidlegare publisert i Dagen)

 

Johannes’ openberring. Ein samtidsvisjon. (fbb.nu)